Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

STILSIKKERT USIKKER ( 5.10.11 )

Inga Sætre er kjend frå Møkkajentene. No er ho aktuell med teikneserieromanen Fallteknikk.

Av: Knut Robert Knudsen

Dei som følgjer med på norske teikneseriar, kjenner sikkert att Inga Sætres namn frå “Møkkajentene” og diverse andre godt mottekne utgivnader. Sjølv har eg ikkje vore så interessert, før no. Eg synast at eg bør gjere til kjenne at eg generelt er skeptisk til “naive” teiknestilar, fordi eg synast dei lett vert ei unnskulding for slapt handverk, og det er dette som diverre har haldt meg unna Sætres tidlegare arbeid. Fordommar er jævlig dumt.

Fallteknikk er ein tilsynelatande episodisk ungdomsroman om Rakel, ei ung jente som flyttar på hybel medan ho går på vidaregåande. Små betroelsar, kommentarar og lausrevne kvardagsobservasjonar frå ei ung, usikker jente som krever alt eller ingenting frå menneska rundt seg. Ho skriker etter å bli sett, men maktar ikkje dei vanskelege vala og samtalane og skyver folk frå seg når ho helst vil ha dei nær seg.

Når eg seier at den er «tilsynelatande episodisk» så er det fordi Sætre etterkvart vevar alle desse trådane saman på ein saumlaus, dramaturgisk stram men overraskande subtil måte. Lause observasjonar gir etterkvart djup symbolsk klangbotn til bokas sentrale plot. Små, lausrevne innstikk som verkar som tilfeldige innfall ledar oss mot alle dei kjenslene, håpa og draumane som både Rakel og forfattaren nektar å setje ord på.

Når det gjelder teikningane, så har dei den lett naive, ungdommelege og vare streken som ein kjenner att frå ungjenters minnebøker og kruseduller på bokpapir. Ein sart, feminin og usikker strek mest fokusert på å fortelje noko kjenslemessig viktig heller enn å spikre fast verda i harde, rette linjer, slik unggutar ofte gjer. Men dette er på overflata.

Under dette naive uttrykket ligger stramme og effektive komposisjonar, eit sterkt medvete om perspektiv, om narrativ design og bruk av metaforiske grep i omriss og situsjonsskildringar.

I boka fortel Rakel om Jeanette, ei jente som bare har seksere men som allikevel «ser ut som en berte» (tilsynelatende noko negativt slik Rakel ser det). Inga Sætres teiknestil har eit liknande preg: Eit sterkt, sikkert og til tider genialt formspråk skjult under eit naivt ytre. Dette spennet i teiknestilen er eit perfekt kontrapunkt til Rakels sarte, sårbare indre omgitt av eit hardt skall med pigger. Det skapar eit inntrykk av refleksjon, ein modningsprosess, eit medvete om ein styrke som ligger og venter på Rakel.

Når eg plukka opp denne boka så hadde eg ikkje forventa at den ikkje berre skulle vere ein av dei beste teikneseriane men ein av dei beste romanane eg har lest på lenge. Ikkje berre «god til å vere norsk» som så altfor ofte er tilfellet, men god utan atterhald. Det viser seg at Inga Sætre ikkje berre er ein av dei mest stilsikre grafiske historieforteljarane i norsk serieflora, men og noko så sjeldant som ein norsk manusforfattar av ypperste klasse.

Og eg som nestan lot vere å kjøpe boka på grunn av den naive stilen. Fordommar er Jævlig dumt.

Anbefalast.

Fallteknikk
Av: Inga H. Sætre
ISBN 978-82-02-32915-0
231 sider
249 kroner
Cappelen Damm

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)