Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

FREKK OG FRODIG JOLAGRIS FRÅ TO FRESKE JENTER (20.12.11 )

“Eit alternativt jolahefte” kan ein trygt kalla dette! Her er total mangel på det me vanlegvis knyttar til jola – slik som glade born, lukkelege mødre og heldige grisar som IKKJE vert slakta til jol.

Av: Arild Wærness

Parhestane Linda Eide (tekst) og Ingebjørg Jensen (illustrasjonar) har laga noko som på overflata ser ut som eit tradisjonelt jolahefte. Liggjande format og fire ruter på sida, forsynt med tekst i underkant, ikkje i bobler. Eide og Jensen har vore “parhestar” på ulike framføringar i lengre tid, og endeleg får me her servert Eides totalt svarte (å kalla dette uærbødig vert for tamt) småstubbar om diverse jolaskjebner som fell utanfor det sedvanlege me får servert i jola.

Fem stubbar er det vorte plass til, og kvar einaste stubbe endar med at det går radt så gale med hovudpersonen, om det er jolagrisen, veslelesba eller gamlemor som baka seg i hel. Alle endar opp som triste lik (eller feit jolasteik). Så her er det livets harde realitetar me får servert slik at akevitten og ribba kanskje set seg fast i halsen til slutt.

Linda Eides humor kjenner vi både frå radio og TV, den er saftig, ram og uredd. Og Ingebjørg Jensen sin strek kjenner vi frå teikneseriane hennar, det er ein strek ein enten elskar eller hatar. Mange som vedkjenner seg til “korrekte” teiknemetodar tek avstand frå dette, som på overflata ser amatørmessig ut. Det er nemleg berre lov å teikna amatørmessig dersom ein har kunstutdanning eller vert utgjeven på eit alternativt forlag. Då er det KUNST. Jensen er er sjølvlært og gjev ut på eige forlag, dermed er det mange som meiner at dette er dårleg. Eg er ikkje ein av dei. Jensen er ein serieskapar med ein heilt personleg strek. Ho er tydeleg på karakterane sine og får alltid fram det aller viktigaste: sjølve historia, eller forteljinga. Her fungerer tekst og teikning godt saman, og heftet er ein festleg frikassé med bitter ettersmak.

Jolaheftet er trykt i lite opplag og har potensiale til å bli ein klassikar. Vonar dei greier å få ut eit nytt til neste år!

Jolagrisen Gisse og andre tragiske jolaskjebner
Av: Linda Eide og Ingebjørg Jensen
70 kroner
Sprekstrek

NB! Jolagrisen Gisse er ikkje i “vanleg” utsal, men kan kjøpast frå utgjevaren sjølv: ingis.jensen@c2i.net / sprekstrek.no

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)