Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

SERIEKONKURRANSE 2012 (14.05.12 )

Egmont er på utkikk etter nye talent.

Av: Knut Robert Knutsen

Tid for å spisse blyantar og vaske penslane: Ny seriekonkurranse på gong!

I nyaste Pondus som kom ut 4. mai utlyser Egmont ei ny seriekonkurranse. Nytt av året er at dei ikkje berre er på utkikk etter nye stripeserier men og korthistorier og utkast til teikneserieromanar. Premien, som er eit ”forskot på løn”, er 50.000 kroner. Dette er ein type seriekonkurranse og satsing som seriemiljøet har venta på lenge, så det kan vere verdt eit forsøk. Meir informasjon på Pondus sine nettsider:

http://www.pondus.no/default.aspx?section=artikkel&id=20650

For dei som ikkje heilt er klare til å hoppe inn i konkurransen, men er meir interessert i erfaringa med å verte utgivne (sjølv om der ikkje er pengar i det) så har NTF sitt medlemsblad Bobla vorte gjort om til ei fanzine som trykker korthistorier og tilbyr hjelp til utvikling av serietalent, hovudsakeleg i samband med forskjellige teikneseriemiljø rundt om i landet som driver små teiknestuer for amatørar.

Bobla er for augeblikket på utkikk etter serier til heftet som kjem ut i September, og skal presenterast på Raptusfestivalen. I siste nummer av Bobla opplysar dei om at dei er spesielt interessert i barneserier, eller serier for ”barn i alle aldre” (det vil seie det ein på engelsk kallar ”all ages”, serier som både barn og vaksne kan få utbyte av, slik som Tintin, Asterix og Donald på sitt beste).

Ein del informasjon om Bobla og kontaktinformasjon kan ein finne på NTF sine heimesider, og spesielt her:

http://tegneserieforum.no/bobla/

Meir informasjon om diverse teikneseriemiljø og korleis å jobbe med serier kan ein og finne på Bobla-redaktør Tore Strand Olsen si heimeside:

http://www.tegneseriekurs.com/

LINKAR TIL INSPIRASJON

For dei som leitar etter innfallsvinklar eller inspirasjon, så har eg ein del internettlinkar som kan hjelpe. Der er og mange bøker som kan vere til hjelp, men la oss først ta for oss det som er lett å leite opp på nett.

Lynn Johnston sin serie For Better or for Worse var ein familieserie som blanda lange historier med daglege gags, mykje som Pondus, Kollektivet og Radio Gaga notildags, berre med eit litt lågare tempo og meir daglegdags handling. Den vart rekna som ein av dei beste av sitt slag til den vart avslutta for nokre år sidan. Lynn Johnston og hennar medarbeidarar har utarbeida ein ”bakom scena” introduksjon der dei viser heile sin arbeidsprosess, noko som sikkert kan vere til inspirasjon for mange.

http://www.fborfw.com/features/makingof/

Denny O’Neil er ein kjend Amerikansk serieforfattar og redaktør som lenge har undervist om teikneserier og som har skrive DC Comics si offisielle lærebok om manusskriving. Her er ein link til dei 19 artiklane om å skrive teikneserier som han skreiv for bransjenettsida Bleeding Cool for nokre år sidan:

http://www.bleedingcool.com/page/2/?s=%22how+to+write+comics+and+graphic+novels%22

Forfattaren Chuck Dixon er kjend for utallige actionserier: Batman, Punisher, Conan og ganske mange av hans eigne serier. Han har lenge skrive artiklar om å skrive teikneseriar som han har lagt ut på si heimeside ”Dixonverse”, og han har og lagt ut ganske mange manuseksempel:

http://www.dixonverse.net/

Jim Shooter har vore profesjonell manusforfattar sidan han var 14 år gamal, og var ein av Marvels mest kontroversielle sjefsredaktørar. På si heimeside har han lagt ut mange av sine eigne manus og han har mange anmeldelser av moderne serier der han peiker på kva som fungerer eller ikkje fungerer i manus og visuell historieforteljing. Vel verdt eit besøk for forfatterspirer.

http://www.jimshooter.com/

Eit av dei betre, kortfatta heftene om god visuelle historieforteljing, Comic Strip Artist’s Kit, har sirkulert i fotokopiform i fleire tiår. Det vart opphaveleg laga av Disneyredaktøren Bob Foster og brukar Disneyfigurar som eksempel, men dei tinga som han peikar på er allmenngyldige og bør studerast av alle som er interesserte i å lage gode teikneserier.

http://www.comicsalliance.com/2012/02/07/disney-comic-strip-artists-kit/

Eit standardverk for ganske mange profesjonelle serieskaparar er eit enkelt ark som og har blitt sirkulert i fotokopiform i fleire tiår: Wally Wood’s 22 Panels that Always work. Dette er ei samling med 22 eksempel på måtar ein kan få dei mest gørrkjedelege dialogscener til å verke spanande. Det er ei studie i seriemediets mest effektive og dynamiske bruk av komposisjonar , bruk av kontrast og illusjon av djupn. Serieskaparar brukar denne til å utfordre seg sjølve til å tenke meir dynamisk når dei planleggjer ei side. Linken nedanfor er til ei side som gir litt bakgrunn for dette og har scans av dette arket i gode oppløsningar.

http://joeljohnson.com/archives/2006/08/wally_woods_22.html

Mark Crilley er kjend for sin mangainspirerte serie Akiko og mykje anna, og driver og kursing i serieteikning. I tillegg til å ha skrive ei bok om å lage serier, så har han ein Youtube-kanal der han viser korleis han teikner, over hundre eksempel på alt frå bygningar, perspektiv, og klede til korleis å teikne personar.

http://www.youtube.com/user/markcrilley

Todd Klein er ein av seriebransjens beste og meste kritikarroste handtekstarar og har sin eigen blogg der han diskuterer fleire sider ved handverket handteksting. Alt frå stilartar til Logodesign. Vel verdt eit besøk.

http://kleinletters.com/Blog/

Eg trur det får halde for denne gong. Viss der er nokon som har fleire eksempel på gode nettstader med tips som kan vere relevante, plasser gjerne ein link i kommentarfeltet. Viss der er noko spesielt som eg ikkje har vore inne på som de ynskjer å finne, spør gjerne. Viss ikkje eg har svaret, så er der sikkert andre som har det.

Lykke til med seriane, og konkurransen for dei som deltek.

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)