BATMAN! FOR KIDSA! ( 4.06.12 )
Eg kjøpte det til mi 3-årige niese. Kors på halsen.
Eg har ei nesten 4-årig niese, Thora, som er aldeles forgapt i Batman og Alliansen (Teiknefilmserien Avengers: Earth’s Mightiest Heroes på Disney XD) og ho prøver heile tida å stikke av med superheltseriane mine. Spesielt dei som har harde permar som på barnebøker.
Eg fann difor ut at eg skulle sjekke dette nye Batman Kids bladet, og bestikke ho med det istaden.
Serieskaparane her, Landry Walker og Eric Jones er kanskje mest kjent for deira geniale og kritikarroste barneserie ”Supergirl : Cosmic Adventures in the 8th grade” (Dei stod og for den like geniale Little Gloomy serien frå Slave Labor Graphics som er ein god goth-prega barneserie)
Historien er ei enkel lita historie om Batman og Wonder Woman som samarbeider for å stoppe skurken Egghead (ein figur laga for Batman TV-serien på 1960-talet og spela av skrekkfilm-legenden Vincent Price, som han og liknar i dette bladet) som er på jakt etter nokre mystiske dekorerte egg som han skal bruke til sin skumle plan. Den kom opphaveleg ut i Batman: The Brave and the Bold nr 16.
Serien er flott teikna og der er god action. Kanskje litt vel enkel historie, og karakterskildringane er ikkje så kompliserte. Ikkje noko stort problem sidan målgruppa er barn, men både Walker og Jones har levert meir ryddige og ”djupare” saker før til same målgruppa. Oversetjinga er litt haltande og vanskeleg, spesielt for denne målgruppa. Litt ekstra omtanke for språket hadde sikkert vore bra.
Som tillegg kjem ein liten vannpistol. Litt liten for ei målgruppe på 6-10 åringar, men perfekt for ein 4-åring, så akkurat det skal eg ikkje klage på.
Der er og mange fine oppgåver, spesielt ein del der ein vert betre kjent med andre karakterar i Batman: The Brave and the Bold universet. Eg er litt skuffa over at namna ikkje er oversett, og at ein kun bruker dei engelske namna på alt, men det kan ha med det å gjere at ein del av namna opptrer som logoer.
Så får eg sjå om eg klarar å distrahere vesle Thora med dette bladet slik at ho ikkje går etter Brave and the Bold boka av Mark Waid og George Perez enno ein gong. Ynsk meg lukke til!
PS: Anbefalt på det varmaste for ungar.
Batman Kids
Skrive av Landry Walker, Teikna av Eric Jones
36 sider
Kroner 49,50.
Schibsted Forlag

FOKUS PÅ ESTETIKK I MODERNE TEGNESERIER <- Eldre | Nyere -> MER FRA MAFEST




