OG ALLE VAR VI EINIGE OM AT DET HADDE VORE EIN FIN TUR ( 5.11.12 )
Enno eit faglitterært meisterstykke av Bjørn Ousland.

Nansen over Grønland er Bjørn Ouslands tredje bok om historiske polfararar, og i tillegg til å anbefale denne, så vil eg seie at viss ein har gått glipp av dei føregåande, så bør ein prøve å leite dei opp. Dei er vel verdt det.
Desse bøkene er ikkje først og fremst lansert som teikneserier, men som faglitterære barnebøker i ein slags hybridform med teikneserier.
Ousland jobbar her i sin sedvanlege barnebok-stil, kraftig utvikla sidan dagane med Grimsborken og Mumle Gåseegg, ein slags fargekritt/pastellfargeblyant stil. Dette skapar eit anna, rolegare estetisk inntrykk enn vanlege teikneserier, samstundes som teikneseriens formspråk vert godt utnytta for å gi varme og spenst til forteljinga.
Historia om Nansens ferd over Grønland vert grundig og oversiktleg fortald, med fyldig ekstrainformasjon der ein ikkje får ei kjensle av at noko manglar eller at ting vert for stilleståande. Ouslands dyktige handverk her i å skifte mellom formspråka til faglitteratur, barnebøker og teikneseriar for å fortelje historia så effektivt som mogeleg befester nok ein gong hans posisjon som ein av Noregs fremste serieteiknarar.
Sjølv om vi har «mista» han til barnebøkene. Vårt tap er den oppvaksande generasjonens gavn.
Anbefalast for leselystne ungar (og dei som eingong har vore det).
Nansen Over Grønland
Bjørn Ousland
ISBN: 978-82-02-37699-4
56 sider
249 kroner
Cappelen Damm

RIKT PROGRAM I PRAHA <- Eldre | Nyere -> RAPTUS OG DIGITALE TEGNESERIER




