TALIAFERROS DONALD ENDELEG I STIVE PERMAR ( 1.02.13 )
Ein suksess har mange fedre.

Serien Walt Disney’s Hall of Fame er med si 45te bok endeleg komen til den mannen som ofte reknast som Carl Barks einaste rival til trona som den viktigaste Donald-teiknaren: Al Taliaferro.
Javisst, han vert ofte gløymd til fordel for serieskaparar som Don Rosa, Daan Jippes, Vicar, Cavazzano og mange, mange andre som lagar spanande langhistorier, eg overser han sjølv til tider. Dette er kanskje mest fordi han hovudsakleg teikna Donald i avisstripene og forutan den diverre ufullenda (men fabelaktige) «Donald Duck – fra dag til dag» pocket-serien så har stripene hans vore meir sporadisk tilgjengelege, eller berre brukt som litt krydder innimellom.
Eg må seie at eg forelska meg i dei røffe svart-kvitt seriane med raster for gråtoner den gongen «Dag-for-Dag» bøkene kom ut, og har blanda kjensler kring det at dei har fargelagd dei her, og utvalet av striper er for meg litt ujamnt i kvalitet, kanskje for betre å vise spennet i person- og situasjonsgalleriet, men det er puristen i meg. Boka er veldig attraktiv og underhaldande lesnad.
Taliaferros Donald er veldig mykje teiknefilmens Donald i starten og ein ser at hans tilærming til Donald difor er ganske lik Barks sin dei første åra, før deira endelege stilar utvikla seg vekk frå kvarandre. Taliaferro forblir ein meister på fysiske gags og tar ein meir humoristisk vri med den koleriske Donald, medan Barks speler på melodramaets register. Valet om å gi eit representativt utval frå heile Taliaferros karriere på denne stripa illustrerer dette.
I ein vidare samanheng så er der mange trekk ved den Italienske Donald som bærer meir preg av Taliaferro enn Barks, for eksempel denne koleriske Donald.
Taliaferro er den som skapar Donalds nevøar og Bestemor Duck, og som David Gerstein kommenterer i sitt fyldige og informative forord, så er dette eit ganske anna Donald-univers enn det Barks jobbar med, der personlegdomane til karakterane er tatt i ein annan retning som meir tener «gag-a-day» formatet.
I tillegg gir Gerstein ein veldig god biografi av Taliaferro, og når det vert runda av med ein lengre Sundagsside-historie med Storeulv og dei tre små grisane, der Taliaferro får vise at han til fulle meistrar dei lengre historiane òg, så vert det til slutt ei veldig god innføring i arbeidet til serieskaparen, slik at eg iallefall er veldig nøgd med denne boka.
Eg har vage minner om at svart-kvitt reprinta var røffare i tonen og kvar rute reprodusert større, og at eg likte dei betre enn denne versjonen. Det gjer at eg kanskje ikkje er så begeistra for boka som eg burde vere men som Hall of Fame bok så er dette absolutt eit must.
Eg vil gi ein liten merknad på at side 155 i mi bok har eit problem med for låg oppløsing slik at teikningane er tydeleg rastert. Heldigvis kun denne eine sida.
Hall of Fame 45: Al Taliaferro
Teikna av Al Taliaferro, manus av Bob Karp og diverse
Kr 338,-
180 sider

ANGOULEME I 40 <- Eldre | Nyere -> SWEET TOOTH-SKAPER TIL OCX




