KULTURKALENDEREN ( 5.04.13 )
Det skjer i serie-Norge i april.
Litt på overtid begynner våren endeleg å presse seg på. Samstundes auker aktiviteten i serie-Norge (og for tida særleg i Bergen) med følgande offentlege arrangement klare i april månad.
• Serieteiknar Espen Terjesen held kurs å teikneserieteikning, bereikna på barn og ungdom, på biblioteket i Åsane utanfor Bergen. Kurset går over to dagar, laurdag den 13. og søndag den 14. april, og er inndelt i to aldersgrupper. Påmeldingsfirst er 10. april. Pris 200 kr.
http://bergenbibliotek.no/om-biblioteket/filialer/aasane/tegneseriekurs-i-aasane
• 15. april inviterer Kristian Hellesund til debattmøte med utgangspunkt i spørsmålet: Trenger vi et teikneseriebergen? Han ønsker diskusjon om teikneseriemiljøet i Bergen bør samordne seg. Møtet blir truleg utvida frå berre ein debatt til ein heilaftan med nyheiter, Serietreff og quiz som mulege programposter. Mellom anna dei nominerte til årets Sproing-pris blir offentleggjort her. Uansett finn møtet stad på BarBarista i, vel, Bergen.
https://www.facebook.com/events/141502356028442/
• På Barnas Kulturhus i Bergen blir det litteraturfestival for barn. Festivalen «Alfa & Omega» arrangerast for første gong frå 20. til 27 april. Her vert det teikneserieverkstad og kurs med Kim Holm, Arild Wærness, Espen Terjesen, Ida Margrethe Neverdahl og Fredrik Rysjedal.
https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/barnas-kulturhus/9383/9389/article-103376
• Så vert det sjølvsagt Seriefest på Deichmanske bibliotek 26 til 28. april – Den fjerde teikneseriefestivalen i Norge, og den første som retta spesielt mot barn. Les Serienett sin sak om festivalen her:
http://www.serienett.no/article/1530/ny-tegneseriefestival
Oppdatering:
• Frå 7. til 26. april er Geir Moen og Tore Olsen Strand på skuleturné i Nordland fylke med eit opplegg dei har kalt “Rare Ruter”. I samarbeid med den kulturelle skolesekken i Nordland arrangerer duoen workshops der dei lærer ungdom om å lage teikneseriar.
http://www.nfk.no/Artikkel.aspx?AId=25363&back=1&MId1=2551

TRØNDERNE FÅR TEGNESERIEBRU <- Eldre | Nyere -> AVSTAND OG ETTERTANKE




