KATTEPINE (30.05.13 )
Ny surrealistisk krim av Jason.

Jason er kjend for sine melankolske, lett surrealistiske sjangerblandande krimteikneserier, og dette er enno ein.
Detektiv Dan Delon, av type Sam Spade (Humphrey Bogart) men tilpassa Jason’s kjølege forteljarstil og observerande distanse, snublar inn i eit slags forhold med den mystiske Charlotte Mardou etter at han finner katten hennar under ein søppelskipp.
Deretter vert han hyra inn av den døyande Boris Dumont for å finne eit aktmaleri av hans tidlegare kjæraste Ingrid, malt av hennar kunstnarektemann Pierre Pascal.
Som vanleg tek Jason element frå klassisk film noir og genre B-filmar, tømmer historia for sitt intense, valdelege uttrykk for å fortelje langsame, melankolske anekdotar om menneskeleg einsemd.
Eit par ting er nye. Han bruker ein lett brun-oker andrefarge som «skygge» eller aksent i bileta. Det ferskaste referansepunktet er vel Darwyn Cooke sin bruk av andrefarge i sine «Parker» adapsjonar frå IDW (skjønt Jasons bruk er mykje meir moderat). Men der er òg nærare referansepunkt i diverse eldre norske teikneseriar med liknande andrefargar.
Uansett er dette eit velfungerande og estetisk tiltalande trekk.
Samanflettinga av dei forskjellige plotta og balansen mellom dei er mykje sikrare og meir engasjerande enn tidlegare, og er ei lovande utvikling.
Innanfor dei rammene som Jason har sett for seg sjølv så er denne boka teknisk sterkare og like trygg på innhaldssida som ein kan forvente. For fans av Jason så vil eg vente at dette er ei velkomen og rik leseoppleving. På Jason-skalaen er dette ein tier.
Om eg verker litt lite entusiastisk så er det fordi eg personleg etter kvart finner teikneseriane til Jason distanserte og framandgjorte på ein måte som ikkje engasjerer meg. Som å sjå på ein Stanley Kubrick-film. Eller å lese ein teikneserie av Chris Ware. Men dette er eit punkt innan personleg smak og er ikkje relatert til kvaliteten, som eg framleis meiner er genial.
Savnet Katt
Av Jason
ISBN : 978-82-92863-48-0
160 sider
298 Kroner
Magikon Forlag

NY FESTIVAL AVHOLDT <- Eldre | Nyere -> DE DØDE VANDRER VIDERE




