Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

DEN STILLFARNE KJEMPA (24.09.13 )

Ei ny tolking av ein velkjent bibelhistorie.

Av: Trond Sätre

Alle kjenner historia om David og Goliat (1. Sam, kap.17), men kva om Goliat ikkje var den slåstkjempa han ga seg ut for å vere? Det er dette den skotske serieskaparen Tom Gauld spekulerer på i teikneserieboka Goliat, hans første bok på norsk, og for øvrig nominert til Eisnerprisen.

Gauld utnytter det faktum at bibelen ikkje fortel noko om korleis Goliat var i strid, men berre slår fast at han var veldig stor (over ni fot), og at han gjentatte gonger utfordra israelittane til å sende ein mann for å kappestri med han. Kva om dette berre var meint å vere ei krigslist, ein strategi som blei vedteke over hovudet på Goliat sjølv?

Med det utgangspunktet kunne ein kanskje tru at denne serien ville velje å framstille Goliat som ein einfaldig, nesten tilbakeståande mann som ikkje visste kva han blei dratt inn i. Men Gauld er litt meir subtil enn som så. Hans Goliat er ein ukrigersk militærbyråkrat som passivt går med på å spele ei rolle. Han er enkel, men ikkje dum.

Både historie og teikningar er minimalistiske. Hovudsakleg består historia av små samtalar (dei fleste mellom Goliat og væpnaren hans), samt ei og anna bakgrunnshending. Gauld gjer David og Goliat til forteljinga om dei små stundene, om pausane. Ofte snakkar figurane knapt til kvarandre, dei bare sit eller står også ser ut i lufta. . Historia veit kor den går, men den har det bare ikkje travelt med å komme seg dit. Ikkje i det heile. Og teikningane står i stil med dette; figurane er knapt noko meir enn «fyrstikkmenn» med særs avgrensa ansiktsuttrykk, og landskapet er berre telt, bakkar og steinar. Dette fungerer fordi Gauld sin strek er så sikker, og fordi stilen hans er så gjennomført. Ja, alt ved boka er gjennomført. Serien er fargelagd i eit messingbrunt skjær som truleg er meint å reflekterer den rustninga som blir Goliats maske. Likeså er bokpermen trekt med eit lysegult brynjemønster, og for øvrig like minimalistisk som serien.

Goliat er ein av dei mest originale teikneseriebøkene eg har lest på svært lenge. Utgangspunktet er tragikomisk, men komposisjon og dialog gjer det meir enn noko anna til ein underfundig komisk forteljing – Enkel i si oppbygging, men med mange lag og nyanser. Gauld fortel meir effektivt med sine enkle strekar og korte dialogar enn mange teknisk dyktigare og meir taleføre serieskaparar.

Goliat av Tom Gauld, omsett av Margunn Vikingstad
ISBN 978-82-927-9622-1
Ca. 100 sider
269 kroner
Minuskel forlag

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)