KULTURKALENDEREN (30.04.14 )
Teikneseriens Dag, litteraturfestival og mykje meir. Det skjer i serie-Norge i mai. Oppdatert 14.5.
TEIKNESERIENS DAG (3.mai):

Sølvberget kulturhus i Stavanger står for det einaste ikkje-kommersielle arrangementet som er spesifikt dedikert Teikneseriens Dag. Biblioteket på Sølvberget set fokus på teikneseriar den 3. mai, og dei tilsette har lista opp sine anbefalingar. Les meir her

2-3 mai inviterer Tegneloftet i Bergen til 24 timars teikneseriedag. Utfordringa er ganske enkelt: Lag ein teikneserie med enten 24 ruter eller 24 sider, på 24 timar. Med moglegheiter for servering.
24 Timers Tegneseriedag

Håvard S. Johansen er aktuell med ny bok, Stumtjener, og inviterer til boklansering og utstilling på studio Marleik i Drammen den 3. mai, klokka 14.00. . Utstillinga vil bestå av originaler frå både Stumtjener og den førre boka hans, Stop.Rec:Ffwd.
For dei som ikkje er kjente i Drammen gjer Johansen merksam på at Marleik er lett å finne; den ligg eit minutts gange frå Drammen jernbanestasjon.
Oppdatering 14.5: I samband med Kulturnatt Drammen den 21. mai bruker Johansen gatevindaugene som ein del av utstillinga.

Outland har Free Comic Book Day i alle sine butikkar den 3. mai. Maks tre gratisblader til kvar kunde så langt lageret rekk. Og alle kundar som kjem til ein Outland-butikk i kostyme denne dagen får 15% rabatt.
Stavanger Outland kjem i tillegg til å ha ein kostymekonkurranse. For å delta må ein registrere seg i butikken før kl. 14.00. Premien er et gåvekort på 1000 kr.
RESTEN AV MÅNADEN:

5. mai arrangerer Tegnekveld splittpennkurs med Tore Strand Olsen. Kurset handlar ganske enkelt om kordan du bruker dette karakteristiske teikneverktøyet. Gratis og ope for alle.
Splittpennkurs

ÜberPRESS kjem for fortelje om nye lanseringar på Bergen hovudbibliotek den 21. mai klokka 18.00. Ola Olsen Lysgaard vil presentere boka Haugson, mens ymse serieskaparar kjem for å presentere den nye antologien ÜberWestern.
ÜberAften
Norsk Litteraturfestival på Lillehammer presenterer den grønlandske teikneserien Hermelinen på Galleri Zink torsdag 22. mai klokka 10.00. Teiknaren Nuka Gotfredsen vil vere til stade for å snakke om teikneserien som skildrar konflikten mellom inuittane og det såkalla dorsetfolket på Grønland i mellomalderen
Også gjest på litteraturfestivalen er illustratør og forfattar Siri Pettersen, som i si tid sto bak Sproingvinnanren Anti-Klimaks. Rett nok er besøker ho festivalen som forfattar av fantasybøker, ikkje teikneserieskapar, men viss du lurer på kva ho har drive med sidan sist…

I samband med ei boklansering opptrer Neil Gaiman på Outland Kirkegata den 25. mai og på Litteraturhuset den 26. Les meir i dette Serienett-oppslaget
“Kulturquiz” på NRK2 har et eige teikneserielag samansett av Steffen Kverneland og Lars Fiske (Team Kanon?). 26. mai konkurrerer dei mot fortfattarlaget Anne B. Ragde og Tom Egeland. Steffen ber støttespelarar om å vere publikum i salen (det er gratis inngang). Påmelding her.
Teikneseriehovustaden held fram som vanleg, med ny podkast stort sett kvar veke
Nokre norske premieredatoar for nye teikneseriefilmar på kino.
9. mai: Bamse og Tyvenes By
23. mai: X-Men: Days of Future Past

LAG VÅR LOGO! <- Eldre | Nyere -> MED HILSEN FRA KARASJOK




