NY NORSK TEIKNESERIEPORTAL (16.06.06 )
I dag starta nettserier.no opp. På denne nettsida kan ein lese ulike norske teikneseriar.
Med ein grunnleggande tanke om å gjere det enklare å vere norsk teikneserieskapar, har Olaf Moriarty Solstrand opna teikneserieportalen nettserier.no. Donald Duck-forfatteren og Andeby Online-redaktøren vil her gje alle norske serieskapare eit høve til å få publisert eigne teikneseriar.
-Alfa og omega når ein lager teikneseriar, er moglegheit til å få respons. For å få respons av eit litt større publikum enn den næraste venekretsen når det er ingen som vil gi ut serien din, er Internett eit godt alternativ å vise seg fram på. Problemet er at for å publisere sine seriar på nett, bør ein ha nokonlunde kunnskap om å lage gode nettsider, ein bør ha tilgong til ein nettstad å leggja ut denne teikneserien på (noko som gjerne koster pengar), og ein er nøydt til å skaffe seg eit nettverk å reklamere for serien i for at folk i det heile tatt skal finne fram til denne nettsida, seier Solstrand i ei pressemelding.
Dei fyrste teikneseriane er på plass, og på nettserier.no kan ein mellom anna lese Holger & Hagbart av Arne Bye, Hakkum av Nils Petter Smeby, Sagaen om Dadaph Serraph av Bård Lilleøien og Jack av Cathrine Alvheim.
-Bruk av nettsidene er heilt gratis, både for serieskaparane og serielesarane, og ettersom kvar serieskapar er sin eigen redaktør, vil portalen òg vera fri for sensur. Dette medfører at ein har potensiale for eit langt større mangfold enn det ein finner i bladhyllene på Rimi—det er opp til kvar enkelt serieskapar om ein ønskjar å lage humorstriper, fantasy, skrekk, action, funny animal, eller kanskje ein vil leggja ut ein teikneserieroman med ei ny side dagleg? Moglegheitene er mange, konstaterar Solstrand.
Sjå nærare på nettserier.no her:
http://www.nettserier.no/

X-MEN HOLDER STAND <- Eldre | Nyere -> LAUVIK MED SOMMERALBUM




