HJARTELEG VELKOMEN TIL NY TEIKNESERIEPRIS ( 8.04.16 )
Eit solid seriemiljø i hovudstaden, beståande av Serieteket, Tronsmo og Grafill, annonserte denne veka ein ny teikneseriepris for “Årets Tegneserie”.
Prisen er for sjølvstendige utgivingar, album- eller bokform reknar eg med, og har i tillegg ein pengesum til utdeling.
Som tidlegare leiar av Sproing-juryen og teknisk koordinator for Splattprisen, Norsk Tegneserieforum sine serieprisar, ynskjer eg denne nye prisen velkomen. Den nye prisen er meir komplementerande enn konkurrerande, og sjølv om prisane overlappar på nokre område så har dei sine særeigne trekk som gjer
at eg opplever det som om dei utfyllar kvarandre og dekkjar forskjellige behov.
Rammene for den nye prisen er solide, det som er gjort kjend om regelverk og arbeidsmetodar liknar på måtar Sproing-prisen sjølv har vore strukturert tidlegare, før rammene vart utvida for å dekkje digitale og serialiserte teikneserier som ikkje er samla i album- eller bokform. Difor har eg, og fleire med meg, tillit til at dette kan verte ein spanande og vel gjennomførd pris.
Det har lenge vore kjend at delar av miljøa kring Serieteket og Grafill har vore interessert i ein pris med eit anna fokus og andre rammer enn det dei opplever at Sproing har hatt, og eg er personleg glad for at dei har funne ei konstruktiv løysing på denne utfordringa.
Ein pengepremie knytt til teikneserieprisar har lenge vore etterspurd, det har ikkje vore mogeleg innanfor NTF sine økonomiske rammer og prioriteringar, og det er difor positivt at denne nye prisen har funne ei løysing på det for sin eigen del.
Elles ser eg fram til at dei involverte landar på eit endeleg namn for prisen, utover det generiske “Årets Tegneserie” og ynskjer dei involverte organisasjonane, juryen, dei eventuelle nominerte og den endelege vinnaren lukke til.
Knut Robert Knutsen,
Tidlegare leiar av Sproing-Juryen.

SISTE ARKHAM-SPILL SOM TEGNET VERSJON <- Eldre | Nyere -> COMNICON 2016




