Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

GRAND MANILA – EIN POLEMIKK (17.06.16 )

Álvaro Fuentes ville ikkje lage ein teikneserieadapsjon, men heller eit grafisk essay over Kjartan Fløgstad sin roman.

Av Knut Robert Knutsen

Utgangspunktet for denne teikneserien er Kjartan Fløgstad sin roman «Grand Manila» (2006) som skildrar arbeidarmiljøet i heimbyen Sauda, klassereisene til mange av hans jamnaldrande, historia til ein latvisk revolusjonær sett gjennom tangentar med folk frå Sauda, historia til Union Carbide og Bhopal-katastrofa, og diverse anna.

Vi kjem snart attende til Álvaro Fuentes sitt grafiske essay, som pakkar ut Kjartan Fløgstad sin roman til noko som liknar ei sak-tekstleg og nettopp essayistisk form. Men først, lat oss sjå på Fløgstad sine eigne ord i romanen , der han eit kort augeblikk trår ut av si nesten usynlege, kroppsleg fråverande og allvetande forteljar-rolle.

I kapittelet «I kne» skildrar han seg sjølv på ein historikar-konferanse i Finland der han hadde diskutert romanen sine unike eigenskapar i formidling av historie. Dette er hans observasjon:

«Eg hadde sagt det eg meinte. Eg meinte at historie-vitskapen kom til kort i forhold til historia. Ingen historisk metode ville klare å omfatta erfaringane til Jerry Dørmænen, Salme Talvet, Janne Thu, Dilip Ram og alle dei andre. Særleg ikkje viss ein prøvde å knytta desse erfaringane saman med skriftene til Muriel Rukeyser og Arundhati Roy og handlingane til Union Carbide. Det kunne romanen, hevda eg. Eller rettare : det ville romanen kunna.»


Gamle Sauda til høgre, Bhopal til venstre

Nofuentes er ein spansk serieskapar og illustratør, utdanna med mastergrad i serieteikning frå EESI (Den Europeiske Visuelle Høgskulen) i Angouleme, også kjend som åstaden for Europas største teikneseriefestival. Dette er hans første større verk.

Nofuentes sjølv påstår ikkje at han har laga ein adapsjon av Fløgstad sin Roman, men heller ein kommentar, eit essay over tema i den. Delar av samfunnskritikken og kapitalismekritikken i romanen har inspirert han, og det er fokuset hans.

Teiknaren har strippa ut dei fleste skjønnlitterære delane av boka, især dei mange detaljrike og intense forteljingane om dei forsøksvise eller vellukka klassereisene til mange av arbeidarane ved smelteverket og deira familiar, og alle dei utfordringane som låg der. For dei fleste norske lesarar, spesielt dei med røter i slike industrisamfunn, slik som eg, så ville det ha framstått som det mest interessante. Dette er for meg eit sakn, men ei forståeleg prioritering.

Den einaste klassereisande arbeidaren som står att i teikneserien er Frank Charles Traasgaard (eller Kjempe-Kjekken Tråskår som han vart kalla i Sauda), her som eit fiktivt sanningsvitne for Union Carbide si rolle i Bhopal-katastrofa og andre dødsfall som skuldast dårlege sikkerheitstandardar.

Det som står att av romanen er ei enkel samanlikning mellom Bhopal som åstad for verdas største industrikatastrofe og Sauda som industristad (ein industristad som trass i dødsfall grunna utslepp kom rimeleg godt ut av det), ein sekvens med den finske kommunisten Jorma Törmänen som debatterer arbeidarklassa si fragmentering, og det fiktive intervjuet med FC Traasgaard.


Serieskaparens møte med Frank Charles Traasgaard i boka

I ein enkel risograf stil (dvs. illustrasjonar i reint raudt eller blått, til tider overlappande) av den typen som har blitt brukt av mange eksperimentelle serieskaparar ved OCX og diverse fanzine-events dei siste åra, kjem Nofuentes med ein tilgjengeleg illustrert polemikk over kapitalismen sine fallgruver.

Essayet rører ved ein del av temaene i Fløgstads roman, hovudsakeleg dei store linjene, og er soleis ein relevant kommentar til romanen. Den er på sitt vis eksperimentell i form, lik Fløgstads roman, sjølv om Nofuentes ikkje er like røynd og virtuos i sitt medium som Fløgstad er i sitt. Det vert ein mellomting mellom eit illustrert essay og ein teikneserie, der risografteknikken står for det meste av den visuelle interessa, og få mediespesifikke teknikkar er nytta for å utdjupe kommunikasjonen

Som ein politisk teikneserie så er den interessant nok. Mest for dei aller mest overtydde, vil eg tru, då den er ganske bastant, polemisk og ikkje har den same kompleksiteten og tvilande nyanserte tilnærminga som romanen.

Fløgstad har nok rett i at romanen er det rette mediet for det han prøvde å fortelje. Den essayistiske forma her gir ikkje same tyngda.

No skal det godt gjerast å oppsummere ein 400 siders roman på 76 teikneseriesider, så ein kan ikkje laste Nofuentes for at han berre nyttar eit lite utval.

«På Grand Manila» er eit kompetent førsteverk, særmerka av den tydelege entusiasmen som er lagt ned i verket, og av mest interesse for dei som likar å lese om storkapitalismen sine synder. Anbefalt for ungdom som ein appetittvekkjar for norsk industrihistorie. Den er på ingen måte mettande for godt vaksne lesarar, då må ein ty til romanen.

På Grand Manila
Av Álvaro Nofuentes basert på Kjartan Fløgstads Roman
ISBN: 978-82-92226-58-2
76 Sider
200 kroner
Jippi Forlag

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)