Lys i tidleg haustmørke

Serix innleia årets Raptusfestival med eigen «Kickoff» på BarBarista i går kveld.

Merknad: Denne hendinga blei arrangert av teikneseriegruppa Serix, som artikkelforfatteren er medlem av, og som Serienett er tilknytta. Dei omtala ordstyrarane Kristian Hellesund, og Arild Wærness er også tilknytta Serienett.  

Kristian Hellesund opna kvelden på BarBaristas kjeller med ein presentasjon av Kristiansands eigen teikneseriefestival, «Stribefeber» som blir arrangert i år for første gong sidan 2016. Festivalen er flytta til Arkivet Freds-og Menneskerettighetssenter.

Tema som krig, flyktningar og menneskerettar står sentralt. Dei internasjonale gjestene er Elke Renate Steiner (Tyskland), som også deltok på førre Stribefeber,  og to Norgesbaserte teiknarar med internasjonal bakgrunn – Abdul Arts (Somalia) og Ali Dorani (Iran). Therese G. Eide har laga festivalplakaten (ennå ikkje posta på heimesida).

stribefeber.com

-I staden for å få mindreverdskompleks ovanfor henne bør vi glede oss over eit slikt talent, opna serieskapar Ola Olsen Lysgaard då han skulle intervjue Ida Neverdahl (bildet under). Om kort tid er ho aktuell med ei ny samlebok. «Jellyvamps» inneheld striper frå Instagram. Ho lover også at boka inneheld refleksjonar om erfaringane hennar med å lage seriar for Instagram, og på kva måte det er ei annleis erfaring frå seriar på trykk.

Mindre kjent er det at ho også arbeidar med «Trollbarn», ein historisk teikneserieroman om hekseprosessar i Nord-Norge. Den blir også eit sjeldsynt eksempel på at Ida skal bruke ein annans manus. Planlagt publikasjon er i mars 2020.

instagram.com/jellyvamps

Like finsk som norsk? Karstein Volle får dobbelt statsborgarskap frå neste år, når det blir lovleg. Men på Raptus er han ein norsk serieskapar, aktuell med den nye boka «Livsgrisen» frå Überpress. Både han og forlaget kallar det for ei bildebok for vaksne, og den blir offisielt lansert på laurdag.  – Vi er omgjeve av inspirerande forteljingar. Problemet er at då skapast det ei oppfatning om at den som går på trynet faktisk får som fortent, og det er litt usunt, sa Karstein Volle i intervju med Arild Wærness (bildet under). Så han laga ein historie om ein mann som gjer alt rett, men likevel går på trynet.

Etter at Kristian Hellesund, saman med dei dåverande bidragsytarane Ida Neverdahl og Therese G. Eide (også ho bokaktuell), hadde mimra over fjorårets Serix-publikasjon «Mørket», skulle årets publikasjon formelt introduserast («sleppefest»).  «Stjernelaget» bak det nye heftet «Lys» er Anette Aga, Kristian Sagosen og Regine Toften Holst. Sistnemnte har laga ein kreativt illustrert refleksjon over det å vere serieteiknar. Aga har illustrert den nesten ordlause fabelen «Levende Lys» med akvarell etter Sagosens manus (hans debut, faktisk).    

(Øvts: Utsnitt frå Regine Toften Holsts bidrag til «Lys»)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.