Endeleg i Sverige

Tredje og kanskje siste kapitelet i publiseringshistoria til den Bergensbaserte Fantomet-forteljinga «Fantomets masker» blei markert i Stockholm denne helga.

Fotografi: Trond Sätre

«Fantomets masker» (Masks of the Phantom på engelsk, Fantomens masker på svensk) blei skrive av Arild Wærness og Knut Robert Knutsen, teikna av Mike Collins, og trykt i serieheftet The Phantom Strikes # 2 på nyåret 2019, gjeve ut av det irske forlaget Lightning Strikes.

Ugjevinga samanfalt med nedlegginga av bladet Fantomet i Norge. Men i Sverige held bladet fram ennå, og tidleg i mai kom historia endeleg på trykk i Fantomen 10/11-24. I same bladet er det også eit opptrykk av «Mannen som ikke kunne dø» frå 1984. signert Idi Kharelli (Erik Ildahl) og George Bess. Her er skurken den norske adelsmannen Svend Wildenvey.

Hendinga blei markert på Serix’ arrangement på Teikneseriens Dag den 4. mai, og endeleg for eit svensk publikum på Stockholm Internationalle Seriefestival (SIS) sist laurdag. Presentasjonen var det første innslaget på årets SIS, bortsett frå kunngjeringa av dei nominerte til den svenske teikneserieprisen Urhunden fredag kveld.

Fantomet og Veum
«Fantomets masker» er frå før av utgjeve på norsk, i ei spesialbok sommaren 2019. Diverre blei denne fronta av ei meir likegyldig historie, «Sommerfuglmannen», heller enn eit oppslag om at Fantomet møter Varg Veum i Norge, og det kom ikkje fleire bøker. Wærness, som alt hadde hatt godt høve til å samanlikne, fortalde publikum på SIS at det svenske bladet har det beste trykket av dei tre utgåvene der «Fantomets masker» har vore på trykk.

Historia utmerkar seg ikkje berre med å føregå delvis i Bergen, men også med å ha ein «team-up» med Varg Veum. Sjølvsagt med godkjenning frå Gunnar Staalesen, som allereie hadde laga fleire Varg Veum-teikneseriar med Wærness og Collins. I Norge blir ei samling utlånte bengalske kunstskattar stole av ein bande som går med afrikanske heksedoktormasker, og Kit Walker må etterforske. Undervegs kjem han over ein menneskesmuglar-ring som også Veum etterforskar.  

-Då eg var barn skjønte eg ikkje at dei maskene som heksedoktorane bar i Fantomtes jungel, var masker, innrømte Arild Wærness til sitt svenske publikum. Eg trudde dei hadde store, deformerte hovud. Slik blir han inspirert til å bruke maskene i forteljinga.

Spark, ikkje ski
Wærness og Knuten fortalde elles om korleis samarbeidet med Mike Collins kom i gong til å begynne med, og om korleis Fantomet kom seg fram i i vintersnøen (for Bergen eller ikkje Bergen, når ein historiegår føre seg i Norge om vinteren, må det vere snø). Collins ville han skulle stå på ski ned Fløien, men Wærness sa nei. Berre James Bond kan få på seg ski på eit augneblink; Fantomet blei gitt ein sparkstøtting, det er raskare å setje av garde med. -Fantomet er nemleg ein veldig realistisk serie, poengterte han.

Lightning Strikes er lagt ned, men Wærness og Knutsen har ikkje gitt opp håpet om å få produsere fleire Fantomet-seriar, fortalde dei Stockholmspublikummet avslutningsvis. Dei har fleire idar og kan få fatt i fleire teiknarar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *