Den Oppvoksende Slekt

Unge håpefulle i samling for fjerde gongen. Deadline nr 4 er ei samling amatørserier av årets kull ved Buskerud Folkehøgskule.

Som elevarbeid bør ein ikkje forvente at  alle elevane  «landar» alt på første forsøket. Der er varierande kvalitet på manus, teikningar og evna til å dele opp historia i bilete på ein god måte, og ingen som eigentleg er heilt «ferdige». Men samla sett så har alle ein viss sjarme, og der er nokre gode serier her, så lenge ein er klar over at det er på amatørnivå.

Eg skal ikkje ta for meg alle, berre nokon av dei som interesserte meg mest.

Wishes

«Wishes» av Inga Apeland er ei på oveflata koseleg lita anekdote om ei lita jente som ynskjer meir tid til å leike med venane sine, i ein interessant og vel utført Adventure-Time aktig stil.  Det tok meg litt tid å sette saman alle detaljane og oppdage kva som hende der, men viss ein verkeleg setjer seg ned og følgjer med, så er det verdt det.

Borte bra, hjemme best

«Hjemme Best» av Ingrid Osen har ein solid, tilsynelatande enkel strek som er veldig godt utført og ein enkel men god sci-fi gag.

«Cat Crab» av Helene Ravn Vedal har ein litt røff stil som minner om ein del klassisk undergrunn/indies , med enkle former stipling og tjukke konturar. Veldig effektiv for denne merkelege historia om ei krabbe som prøver å organisere ein «furry-con» under vatn. Sprøtt konsept og god gjennomføring.

Cat Crab

«Chance Meeting» av Torunn Bruset er kanskje den best teikna av desse, og historia er ganske så god òg.  Men stilen er ein merkeleg hybrid.  Historien og teiknestilen er klassisk Shojo (jentemanga) med vakre heltar i uniform etc. Men i staden for svart/kvitt så er det teikna med konturlause fargeflater, som ei biletbok for barn, og ruteinndelinga og komposisjonen minnar meir om europeisk albumformat enn Manga.

Chance Meeting

Eg kan til dels forstå desse vala, då historia i rein mangastil lett ville tatt opp over 20 sider i staden for 8. Men den kunne med fordel ha nytta shojostilens hang til intense nærbilete i større grad, fordi ein lengre «kamera-avstand» minskar intensiteten i handlinga. Eg er litt ekstra kritisk fordi denne serien var veldig bra, men òg hadde mykje meir potensiale.

At eg ikkje nemner alle dei andre betyr ikkje at dei ikkje hadde gode kvaliteter, men desse fire seriene er nok til at eg anbefalar dykk å leite opp og lese dette heftet. Der er mange lovande teikneserieskaparar her som eg håpar vi får sjå mykje meir av.

 

Deadline 4
Av diverse elever ved Buskerud Folkehøgskole. Redaktør: Johann Grimstvedt
80 Sider
Gratis
Buskerud Folkehøskole

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *