KULTURKALENDEREN

ruth scene

Illustrasjon av Anna Maria Gentili

KULTURKALENDEREN er Serienetts riksdekkande guide til alt teikneserierelatert som skjer i det offfentlege rom av festivalar, lanseringar, møter, workshops, messer, signeringar m.m. Sida blir fortløpande endra og oppdatert.

Vi treng ikkje spesifisere kva by arrangementet føregår i når det står at det skjer på Tronsmo, treng vi vel…?

Vi tek gjerne imot tips om hendingar.

Teiknekveld er kvar mandag på Deichmanske Grïnerløkka, arrangert av Serieteket, med Bård Lilleøien som fast vegleiar. Teikneserieverkstad er også kvar mandag*, også på Deichmanske Grünerløkka, men er aldersbestemt (for ungdom mellom 13 og 19 år). Arrangør er Tøyen Tegneserieverksted, med Øystein Runde og Linn Isabel Eielsen som faste vegleiarar.

* Unntatt den 28.9.

5.9-4.10: Du er her – Utstilling av satiriske teikingar frå studentar i Grafisk Design og Illustrasjon, KHiO, på Avistegnernes Hus, Drøbak.

5.9-11.10: Kari Rolfsen-utstilling opnar på Avistegnernes Hus, Drøbak.

Steffen Kverneland og Ragnar Hovland har lanseringsturné for den teikna biografien «Astrup» i heile haust:

23.9-28.11: Riksteatret setter opp «Ubesvart anrop» etter Nora Dåsnes’ teikneseriebok. Til saman 46 regulære førestillingar.

3.10: Teiknekonsert: «Bilder fra en utstilling» med Therese G. Eide og Bergen Filharmoniske Orkester på Grieghallen, Bergen.

6.10: Sproing-prisen blir delt ut på Egmont-huset i Nydalen, Oslo, klokka 13.00.

7.10: Lanseringsfest for «Sangfuglens stillhet» på SYNG karaokebar, Grünerløkka.

14.10: Flu Hartberg har ein samtale om teikning, teikneseriar og kunstig intelligens på Stange bibliotek.

14.10: Strand presenterer haustens teikneseriar på «Lesefest» på Norli Universitetsgata i Oslo. Fleire av de lanseringsklare serieskaparane er gjester, saman med Mikael Noguchi, som mottek Pondusprisen på arrangementet.

17.10: Manga-dag i Fyllingsdalen utanfor Bergen

20.10: Multimedia-oppføring av «Tante Ulrikkes vei» basert på Mikael Noguchis teikneserieadapsjon på Gyldendalhuset i Oslo sentrum.

21.10: Lansering av Kibo vol 2 på Norli Universitetsgata i Oslo.

24.10: Lansering av Arkin: Fallet (bok 6, finale) på Lillestrøm bibliotek.

6-8.11: Festivalen Bergen Tekst & Tegning på Litteraturhuset i Bergen med stadfesta gjester Oda Valle, Therese G. Eide, Gert-Olav Stene og Rolf Classon.