Serienett gir deg den aller første kikken på omslaget til Camilla Dahlstrøms «Soluna – Tvillingene»
Serien er den aller nyaste i Egmonts «nordisk manga»-avdeling, og den kjem på eit tidspunkt når avdelinga har fleire titlar ute enn nokon gong før. Dermed kan de bli ekstra interessant å sjå korleis den greier seg i den interne konkurransen. For tida er det åtte pågåande titlar i avdelinga, ikkje medrekna den forventa oppfølgjaren til den første Nordlys-sagaen
Underteikna har snakka med serieskaparen og fått nokre få hint om seriens innhald , men veit ikkje noko spesifikt om verken karakterar eller plott. Eg har også unngått å oppsøke informasjon på Instagram o.l. Dette er ein «blind» analyse av coveret:
Det første som slår meg, er at serien verkar litt mindre typisk manga enn eg hadde trudd. Definitivt inspirert av manga, særleg klesdrakten og håret, men figurane har også amerikanske og europeiske trekk, inkludert skjelpadda (som også er teikna ganske ulikt skjelpaddene i t.d. Oppfinneren).
Andre inntrykket som festar seg, er at dette ser ut til å vere ei kosmisk soge. Tvillingen på venstre side har eit utprega science fiction-antrekk, mens tvillingen på høgre side har ei futuristisk retro-antikk klesdrakt. Vidare ser vi i bakgrunnen ein globe med kartlinjer som tyder på at dette dreier seg rundt ein annan planet enn jorda, og framfor alt ein stjernehimmel i bakgrunnen. Globen er avbilda i ei linse, noko som får den til å framstå som eit slags mål. I bakgrunnen, saman med stjernehimmelen, ser vi to diffuse skikkelsar. Dei har masker og hetter, noko som ofte er eit teikn på at vi har å gjere med antagonistane. I alle fall er det ingen ting med framstillinga av dei som vekker tillit.
Går vi tilbake til tvillingane, ser vi at den eine (venstre side) er ei litt gutaktig jente, mens den andre er meir androgyn. Sjansane er store for at tvillingane har ei tøff jente/følsam gut-dynamikk. Jenta har truleg ein slags superkrefter, noko vi ser av kraftfelta rundt hendene hennar. Om den androgyne (antatte guten) også har krefter, er meir uklart. Dei er omringa av ei purpur tåke/gugge. Kva denne representerer, kan vi enn så lenge berre gjette fritt, men i konteksten verkar den framfor alt trugande.
Konklusjon: Sjølv om eg er meir usikker på detaljane i Soluna enn eg har vore på nokon anna ny NME-bok eg har analysert på denne måten, tyder alt på at dette blir enten ein science fiction/space-opera, eller ei fantasy-soge med tydelege sci-fi-trekk. I sentrum for historia har vi eit tvillingpar, ulike i personlegdom, men med spesielle evner som dei skal bruke for å redde verda. Ei eller anna verd.
«Tvillingene», som er første bindet i den nye serien «Soluna», kjem ut den 14. januar 2024.
Camilla Dahlstrøm på Linktree.