I denne særs varierte kategorien finst det ganske mykje materiale som i beste fall er likegyldig, men også enkelte skattar som gjer det verdt å ta ein kikk på kategorien under eitt.
Fant
Skrive av Bill Berg, tusja av Manuel Gonzales (ukrediterte)
52 sider/99 kr/Egmont
Så kom Fant tilbake i år igjen, og det ser ut som vi kanskje må halde ut med denne ei stund. Reprisane frå 1968 er nok ikkje så dyre å reprodusere, og det utvida sidetalet tyder også på at Egmont har nok å ta av.
Ungane kan sikkert komme til å more seg over slapsticken, men det er ikkje så ofte den tek heilt av, heller. Stort sett handlar det om kjøtbein og skøyaraktige smågnagarar, og poenga er flate. Men ein sjeldan gong imellom er serien på nivå med Al Taliaferros tilsvarande Donald Duck-søndagssider.
2+
Idefix og De Ukuelige – Liv og røre i Lutetia!
Skrive av M. Lachenaud, og og Serrano, teikna av D. Etien og P. Fenech
50 sider/119 kr/Egmont
For tredje året på rad kjem denne Asterix-avleggaren ut som julehefte. Som ramme for forteljingane (to av tre) er Majestix og kona på besøk i Lutetia, det same er arkitekten Designius (frå «Byplanleggeren»). Serien har ikkje endra seg stort sidan starten, trass i rullerande forfattarar og teiknarar. Den er framleis godt teikna handverk, full av slapstick som vil more ungane, og full av interne referansar som vil more fansen. Her er til og med ein observasjon av Duetårnet (en forgjengar til Eiffeltårnet) frå Uderzos bidrag til Paris’ OL-søknad. På den andre sida er intriger og dialog stadig rotete, og vitsane er framleis i blautaste laget.
4
[Disneys] Askepott
Av eit veldig omfangsrikt italiensk produksjonsteam (detaljar bak i heftet)
64 sider/129 kr/ Egmont
Kvart år prøver Egmont seg med ein Disney-filmspesial, eventuelt med noko attåt, som kan skape assosiasjonar til «From all of us to all of you». I år har dei i alle fall brukt ein nyare adapsjon med digitale fargar, som er noko ungane sikkert vil setje pris på. Denne versjonen legger vekt på filmens visuelle kvalitetar, også slapsticken, og mindre på historia.
4
Jul i Reveland
Av Stian Thomassen
28 sider/ 99 kr/eigenpublikasjon
«Jul hos Vettefolket» hadde strengt tatt vore ein meir korrekt tittel på dette heftet, men «Reveland» sel kanskje betre. Uansett var dette årets første tilgjengelege julehefte; Stian Thomassen selde det frå eigen stand allereie under årets OCX. Han har sidan fått det spreidd ganske godt (du kan mellom anna bestille det frå Ark og Norli), sjølv om du nok sjeldan kjem til å finne det i sjokkseljaren på Narvesen.
Heftet er i praksis ei enkel innføring i Vettefolket sitt konsept. Ramma for det heile er menneskeguten Rick sitt besøk til det vinterkledde vetteriket. Alt er stemningsrikt, koseleg og åndfullt, og i tillegg til teikneserien inneheld heftet også pusleoppgåver, oppskrift, og brettspel. Ei innvending er likevel at teikneserien blir litt for koseleg; eigentleg skjer det ingen ting her, berre eksposisjon og småprat. Meininga er vel først og fremst å nå eit nytt publikum for nettserieteiknaren Stian. Med si blanding as isekai-fantasy, norsk folketru og Disney-dyr passar serien godt for yngre (nåverande og potensielle) Nordlys-fans.
5-
Til sals gjennom Ark og Norli nett-bokhandlarar, og direkte frå serieskaparen.
Tom og Jerry
Av Oscar Martin
36 sider/89 kr./Egmont
Mindre inspirert materiale pregar årets hefte. Historia «En uventet gave», med Toms onkel som vil gjere Tom til ein tøffare katt, har mykje potensial som forblir nesten heilt ubrukt. «Kunstløpkonkurransen» bruker den same vitsen om og om igjen over 12 sider. Berre «Brutal jul» kan by på litt action og ein original ide, men den sluttar antiklimatisk.
3
Pusur – Tro, håp og lasagne
Av Jim Davis og Paws
52 sider/129 kr. /Egmont
Egmont skryter av at Pusur er tilbake, men då skulle ein tru at dei kunne gjere heftet litt enklare å finne. At den ikkje har fått plass i sjokkselgaren1 er ein ting, men eg måtte innom fleire butikkar for å finne dette.
Dykk andre som greier å finne heftet, og attpåtil kjøper det, vil bli belønna med mange plattheiter, men også ein del passe morosame poeng, og mykje julestemning. Med fire dagsstriper per side (pluss heilsider), held denne litt lenger enn eit typisk stripebasert julehefte.
4
Stille natt, ville natt, hvem vil få sin nissedrakt? (sjå forsidebilde)
Av Alf Christian Saasen
72 sider/ 100 kr/eigenpublikasjon
Her kan ein verkeleg snakke om eit alternativt julehefte for barn! Tonen blir sett allereie på første sida, når eit romvesen kidnappar skjeggete pensjonistar og skuffa utbryter at dei er jo ikkje julenissar.
Saasen har eigenhendig skrive, teikna, og gitt ut ein solid bunke med små teikneseriealbum i løpet av berre drygt to år. Sesongens album er ein oppfølgjar til det aller første teiknaren ga ut, «Glade jul, hellige jul, vesener daler ned i skjul» frå 2022. Vi møter igjen guten frå første albumet og alien-vennen hans, som denne gonger er på eit oppdrag for å finne og teste ut kandidatar til romvesena sin eigen julenisse.
For ein gongs skuld har ein av Saasens teikneseriar eit veldig klårt plott, ein får inntrykk av han han har ein litt tydlegare ide om kor han vil med historia denne gongen. På same tid har serien alle dei kvalitetane som samanlagt gjer Saasens sine teikneseriar ganske unike i norsk samanheng: fantasirikdommen, uforutsigbarheita, den underfundige, nokre gonger surrealistiske humoren og ein generelt veldig uhøgtideleg stemning.
5
Til sals direkte frå serieskaparen, og på Nerdens Julemarked i Drammen
Tove Jansson Julehefte
Av Tove Jansson
Forord av Anders Heger
74 sider/ 179 kr. /Egmont
Mummitrollet dukkar nokre år opp som julehefte, men dette trur eg det første norske heftet av sitt slag dedikert til Tove Janssons originalarbeider. Sjølvsagt inneheld heftet novella «Grantreet», som er med i ALLE jule-antologiar,, men også eit kapittel frå «Trollvinter», ein av Janssons beste bøker. Pluss strikkeoppskrifter, som også er blitt ein viktig del av Mummi-merchandisen.
Men rosina i kransekaka, og grunnen til at heftet får omtale her, er «Mummitrollets vintereventyr» ein av Janssons eigne teikneseriar. Denne gongen vaknar Mummifamilien ikkje av seg sjølv; Mummipappa vekkar dei fordi han føler at familien kastar vekk for mykje av året med å sove. Dei blir straks ønska velkommen av den irriterande sporty Fredrik Frisk, som vil ha dei med til både skibakken og skøytebanen. Tove Janssons sine klassiske Mummi-teikneseriar er innfallsbaserte i forma, og det hender at historiene spriker. Men det er gode grunnar til at dei er blitt klassikarar, Viddet, den visuelle kreativiten, og kontrastane mellom milde og skarpe replikkar, er elementa som gjer serien så leseverdig.
Dette er eit hefte som vaksne kjem til å kjøpe i håp om å vekke unganes interesse for dei «ekte» Mummitrolla, men like mykje for sin egen del.
5
- Eller rettare sagt, den er ikkje garantert plass i sjokkselgaren. I realiteten er det slik at dei butikktilsette legger alt mogeleg julemateriale i sjokkselgaren viss det er plass. ↩︎
Fant er ikke noe å holde ut…Disse søndagssidene er ganske bra, når de leses sett fra et mer fugleperspektiv.
Pusur/Garfield fant jeg i en sjokkselger i en bokhandel, så det kan nok variere en del hvilke hefter som finnes i disse stativene.