Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

SMÅ UNDER I FORSTADEN (20.06.10 )

Shaun Tan både teiknar og forteljar magisk realisme.

Av: Trond Sätre

Den asiatisk-australske illustratøren Shaun Tan fekk mykje oppsikt og heider for Ankomsten, ei surrealistisk, ordlaus immigrantforteljing som vant to Hugo Awards og Angouleme-festivalen sin pris for beste teikneserie. Men typiske bildebøker er det vanlegaste formatet han jobbar med, og det merkar ein også i den andre norske utgjevinga hans, Fortellinger Fra Ytre Utkant

”Fortellinger” er Tans nyaste bok, skjønt ”Det Røde Treet” (som kom ut på engelsk for fleire år sidan) har også nylig vorte utgjeven av Cappelen Damm. Norske forleggarar held altså på med å komme a jour. Boka er ikkje ein teikneserie, snarare ei samling med novelletter med både enkeltståande bilder og bildesekvenser imellom. Eit par av segmenta er fortalde med små tekst-og bildeutklipp, som lappar på eit tavle. Me omtaler boka her fordi den delvis bruker same forteljarvirkemiddel som ein teikneserie, og fordi boka trass alt er laga av illustratøren bak ein av dei beste teikneserieromanane i nyare tid.

ytre utkant vannb

Handlinga er lagt til ein namnlaus forstad (den engelsk originaltittelen ”Tales From Outer Suburbia” er litt meir oppklarande sånn sett), men novellettene kan (og bør) lesast separat. Det dei har til felles er at dei er underfundige forteljingar; kall det gjerne magisk realisme. Ein taus vassbøffel viser rett veg til alle som spør han. Ein bestefar minnast den forunderlege reisa han måtte ta før bryllaupet sitt. Alle husa i eit nabolag har eit hemmeleg, indre gardsrom. Nabolaget feirar ei høgtid utan namn for å ære ein spøkelsesaktig reinbukk utan namn. I Ankomsten viste at Tan kan fortelje berre med bilder på ein måte som kombinerer det trivielle og det surrealistiske. I Ytre Utkant viser han at kan kombinere slike bilde med tilsvarande tekstar, på ein overbevisande måte.

Cappelen Damm har unngått å marknadsføre Ytre Utkant som ei bildebok for barn, noko som tyder på at dei har tatt poenget. Forteljingane og teikningane til Shaun Tan er ikkje ueigna for barn, men kan verke for pussige og underforståtte for enkelte. Også vaksne kan bli nøydde til å tenke seg om både ein og to gonger. Forteljingane frå Ytre Utkant er enkle, men fulle av fantasi, overraskingar og smarte observasjonar.

Fortellinger Fra Ytre Utkant
ISBN 978-82-02-28803-7
96 sider
279 kroner
Cappelen Damm

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)