SÅ MYKJE FÅR DITT FORLAG (11.06.11 )
Norsk Kulturråd sine tildelingar for 2011 er vedteke, og dei er spreidd ganske vidt omkring, både tema-og forlagsmessig.
Ikkje overraskande har prosjekter frå Jippi Forlag fått flest individuelle stønadssummar: Fem tildelingar på meir enn 50 000 kvar, med Lene Ask som mottakar av den største enkeltstønaden til ei norsk utgjeving, 100 000 kroner til ”Neste Gang Blir Alt Riktig”. Men mange forlag er representerte med opptil fleire støttesummar. No Comprendo Press får støtte til to prosjekt, og Egmont får utgjevingsstønad til tre av blada sine: Nemi, Eon og Humorparaden.
Ein utgjevar med namnet IKA Kongsberg har fire prosjekt som er tildelt 10 000 kvar. I følgje IKA Kongsberg si eiga heimeside er dei eit arkivfagleg, interkommunalt firma, og det er førebels litt uklart kor mykje dei har med teikneseriar å gjere. Likevel er til dels store namn tilknytta prosjekta deira, deriblant Tor Ærlig, Terje Bomann-Larsen og Sigbjørn Lilleeng.
Forlag som har fått stønad til ein utgjeving kvar inkluderer Anakata Comics, Cappelen Damm, Kontur, Laksevåg og Magikon. Dessutan kan fans av fantasy kan glede seg over at det blir fleire Miranda-album: InkaLill er tildelt 100 000 (den einaste teiknaren ved sida av Lene Ask som får såpass mykje) for å lage Miranda-historien ”Det Indre Monsteret”.
Når det gjeld arrangement med teiknserietema får Raptusfestivalen 200 000, mens Kristian Hellesund og Laksevåg forlag får 50 000 til “Tegneseriefest 2011” (seinare omdøpt til Serietreff). Grafill får 13 600 til ein seminardag om teikneseriar, og i tillegg blei kunstsenteret Kinokino på førehand tilgodesett med 75 000 for si utstilling om teikneseriar.
Sjekk kulturrådet sine heimesider for alle detaljer:
http://www.kulturrad.no/tildelinger/litteratur_/tegneserier/2011

NY SERIETREFF-PODKAST <- Eldre | Nyere -> HODER SKAL RULLE





200K for en firedagers festival er vel ikke drøyere en f.eks. støtten OCX får. Eller hva mener du om det? Innholdet forøvrig uten sammenligning, et arrangement koster det det koster :)
— Arild W 17. June 2011, 16:20 #
Gleder meg mest over at Miranda får penger. Vi har ikke fått noe album siden 2009. Vil ikke Vigmostad & Bjørke utgi serien lenger?
Denne serien fortjener mer opmerksomhet og større salg.
— Øyvind B 18. June 2011, 10:42 #
Miranda/Inkalill-nyheten var også den som varmet mitt hjerte mest :) Veldig bra at hun står på og får dette på trykk, det er mange gode utgivelser i vente! V&B satset på tegneserier i to år men fikk det ikke til, dessverre. Så både Varg Veum og Miranda ble lagt på is til hver serie fant seg nye utgivere. Veum kommer på Bodoni forlag i høst.
— Arild W 18. June 2011, 12:00 #