Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

JORDAS MEKTIGSTE HELTAR (29.04.12 )

Avengers-filmen , er den eigentleg noko god?

Av: Knut Robert Knutsen

”Shiny.”

For fans av regissør Joss Whedon er det ordet all den anmeldinga filmen treng. For alle andre har eg meir.

Der har vore reist store forhåpningar til denne ”Superheltfilmen over alle superheltfilmar”, idet den kombinerer 4 forskjellige ”Filmfranchiser” (inkludert smell-suksessen Iron Man) i ei femte, og Marvel Studios har ytra ynskje om minst 2-3 spin-off franchiser på toppen.

Når ein så har nærare eit dusin superstjerner med eigne ego, franchiser og karrierer å tenkje på, kunne dette lett ha blitt ein monsterkalkun. Det vart det ikkje, eg vil kalle det verdas mest perfekte popcorn actionfilm. Berre så vi har det ute av vegen.

Gjennom sitt arbeid som manusforfattar og sjefsvisjonær på serier som Buffy the Vampire Slayer og Firefly har Joss Whedon opparbeida seg eit rykte som ein mann som meistrar kjapp dialog, kjenslevrengande drama og store ensemble. Det er dette, ikkje merittlista hans som regissør, som fiksa han jobben.

Fallhøgda har vore stor, både for Whedon og filmen, for her må alt klaffe. Og det gjorde det.

Frå filmen byrjer så er der ikkje eit augeblikks daudtid. Allereie før filmselskapets logo tordnar mot deg i 3D så har filmen byrja si første actionscene. Skurken, Loke, dukkar opp, triv med seg filmens McGuffin og etablerer fleire dramatiske punkt som vi kjem attende til.

Medan eksplosjonane tordnar rundt øyra på han, setter Marvels Ustoppelege Superagent Nick Fury hjula i sving for å hanke inn fleire etablerte superheltar, vist i klare, kjappe, underhaldande og karakterdrivne scener.

Utanom Loke så er skurkane stort sett anonyme romvesen, men det spelar inga rolle. For her slåss og skytast, gryntast og brølast det med overbevisning (av både heltar og skurkar). Heltane er komplekse, sårbare og skadeskutte på ein måte som gir skikkeleg gjenklang når det vert på tide med kule one-liners og action-scener som får ein til å hoppe opp, bokse knyttneven i taket og utbryte ”Yess! Ta den, ditt jævla troll!”. Og der er fleire slike one-liners og ”yess”scener i denne filmen enn i heile Arnold Schwarzeneggers Action-karriere. (Ok kanskje ikkje, det er adrenalinet som snakkar).

Å setje Hulk, Thor, Captain America og Iron Man i same rom er som ein invitasjon til ego-kamp i verdskrigformat, og det er det vi får. Ein underhaldande sådan.

Samstundes så prøver Nick Fury og agentane hans å løyse situasjonen på ein profesjonell måte, om enn med litt for stor vilje til å trakke inn på moralske gråsoner.

Det er og ei utfordring å oppdatere publikum på 4 film-franchises samstundes som ein leverer teknisk kaudervelsk for å forklare kva som står på spel i akkurat denne filmen, men all denne informasjonen kjem naturleg og elegant fram innimellom action-scenene på veldig effektive måtar. Der er plenty av sterke karakterscener i denne filmen, ypperleg spelt på ein måte som verkeleg bringer fram nyansane i historien.

Der er action, der er overmot, der er desperasjon når alt ser som mørkast ut, og der er ei eksplosiv sisteakt med halsbrekkande action som kjennast så velfortent at ein berre har lyst til å snu i døra og sjå den ein gong til.

Men dette er ikkje berre tom action. Alt som skjer betyr noko, der er ei kjenslemessig kjerne i denne filmen som grip deg frå første stund og ber deg med seg vidare. Verbale konfliktar og slåss-scener handlar ikkje berre om ein ting, det er lag på lag med informasjon og motivasjon her.

Eg ynskjer ikkje å gå i detalj her (Spoilers!) fordi dette er så mykje betre når ein ser det sjølv.

Og inni denne massive ”Superhelt mot Romvesen” så mistar Whedon aldri av syne det som alltid har vore Marveluniversets kjerne: Den menneskelege kostnaden ved desse konfliktane. Og vissheita om at dei største heltane ofte er dei som ikkje har superkrefter, men allikevel tek del i kampen.

For folk som likar hardkokt effekt-action er dette den perfekte filmen. Til og med for dei som krever litt ekstra ”dybde” i actionfilmane så leverer den. Men du er nøydd til å vere viljug til å berre fortape deg sjølv i filmen og la den slå inn over deg som ein Tsunami.

Gå og Sjå!

The Avengers 3D
Medverkande: Robert Downey jr, Scarlett Johansson, Samuel L. Jackson, Chris Hemsworth, Mark Ruffalo, Chris Evans, Tom Hioddleston, Jeremy Renner, Clark Gregg, Cobie Smulders, Stellan Skarsgård, Gwyneth Paltrow.
Produsert: Marvel Studios, USA 2012
Manus og Regi: Joss Whedon
Lengde: 2t21 minutt
Aldersgrense 11 år.

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)