UNDER HUDEN (29.04.12 )
Surrealistisk skrekk frå tenårene.
Jippis nye utgjeving stadfestar nok ein gong forlagets rykte for å oppdage og hente fram talent.
Kristian Hammerstad er elles ein illustratør, med eit solid resymé frå inn og utland og dette er visstnok hans første lengre teikneserieverk. Det er vanskeleg å tru.
Stilistisk liknar streken hans ein del på den illustrative stilen til Daniel Clowes, med trekk av Charles Burns og Mitch O’Connel, utan at eg skal påstå at det er tale om imitasjon eller at det er desse han er mest inspirert av. Men han har og den solide underteikninga, komposisjonane, visuelle historieforteljinga og auge for detaljar som desse har. Uansett eit teiknartalent som plasserer han i Noregstoppen frå første stund.
Boka består av 3 korte historier og ei rammeforteljing, felles for dei alle er at dei handlar om tenåringar og deira framandgjering frå menneska rundt seg eller til og med frå seg sjølv, mentalt og fysisk. Tittelen Kryp, til dømes, henspeglar på ei kroppsleg metamorfose som er portrettert på ein absurd måte, som om ein hadde blanda saman litt Kafka og litt Weird Science-Fantasy og filtrert det gjennom den ironiske distansen til ein 1970-tals Woody Allen.
I forlagets skildring av serien så vert 50- og 60- talets skrekkhistoriar trukke fram som førebilete. Det er då nærliggjande å tru at ein i hovudsak meiner 1950-talets EC-historiar. Og til dels kan det stemme. Det 9-ruters sideoppsettet og plasseringa av tekst oppforbi biletramma i enkelte sekvensar til dømes. Teiknestilen er vel i så måte meir Al Feldstein enn Jack Davis eller Graham Ingels, og ein tenkjer då gjerne meir på, som nemnd tidlegare, Weird Science-Fantasy.
”Kryp” har vel ikkje heilt det same trøkket, den rå og brutale evna til å gå inn i det innerste og slå knute på innvolane som EC Comics hadde, den går inn i desse situasjonane med eit meir kjølig blikk, og ender opp på eit punkt som skildrar avmakt og resignasjon meir enn skrekk. Eller eksistensiell angst for å vere fin på det.
Når det er sagt så er der delar av heftet, og då spesielt rammeforteljinga, som er litt uklåre. Det er mogeleg at dette kan grunngjevast med at ein vil gi lesaren rom for tolking etc. men for meg så verkar slutten uryddig. Det går an å finlese seg igjennom dei siste sidene og gjette seg fram til kva som foregår, men det er berre laust gjettverk. På dette punktet i heftet ville lesaren forvente eit slags emosjonelt sluttpunkt som samanfattar alle historiene, og sjølv ein tvitydig slutt kan gi ein det, men her synast eg serien motarbeider seg sjølv litt for mykje.
Trass i det så er dette eit særs vakkert, velfortalt og interessant teikneseriehefte.
Kryp
Av: Kristian Hammerstad
ISBN 978-82-92226-36-0
56 sider
Pris kr 140,-
Jippi Forlag

FANTOMET NETTOPP NÅ <- Eldre | Nyere -> JORDAS MEKTIGSTE HELTAR




