BARNDOMENS DAL (25.05.12 )
Drabant, ei oppvekstskildring frå utkantstroka.
Eg har lese Drabant, og eg elskar den! Ikkje berre på grunn av det den er, men det den ikkje er.
Teikneserieromanen Drabant er skriven av den kjende teikneseriekritikaren Øyvind Holen, og tar for seg eit par andre av hans interesseområde, Hip Hop kultur og Groruddalen, som han tidlegare har skrive bøker om. Holen har i sitt manus unngått dei to store fellene eksperter elles fell i, å verte for pretensiøs på manus og å overlesse med detaljar og ”kontekst”.
Istaden framstår dette som ei stram novelle om vennskapet mellom to taggarar, med eit realistisk ( og etter alt å døme korrekt ) tidsbilete som bakgrunn.
Mikael Noguchis teikningar er eit særsyn i norske serier, med ein rølpete og utrykksfull strek som minnar om ein del av dei meir opprørske britiske 90-tallsseriane og moderne, flott modellert fargeleggjing (som kanskje er litt for mørk til tider, etter min smak) av Joachim Barrum.
Som sagt så er denne i form mest for ei novelle å rekne, det er eit intimt blikk på taggerkultur og dei andre motkulturelle trekka ved Hip Hop-kulturen i Groruddalen på 90-talet sett gjennom auga til den nyinnflytta Fredrik (Eller ”Deks”). Saman med Tagger-kompisen ”Senc” herjar han rundt i byen på nettene med sine spraybokser, og dopar seg litt på fritida. Men miljøet og situasjonen er ikkje utan konflikter og den siste delen har ein god del kjenslemessige bølgedalar, utan at eg har lyst til å spoile dei for dykk.
Holen lukkast her med det som for kritikarar reknast som eit meisterstykke: å vise korleis teikneseriar bør lagast, og Noguchi viser seg som ein moden, energisk og stilrein serieteiknar i det som eg vert fortald er hans første teikneserie.
Drabant anbefalast for ungdom, for vaksne og ikkje minst for skulebibliotek. Dette er ein teikneserie som fortener å nå ut til så mange lesarar som mogeleg.
Drabant
Manus: Øyvind Holen Teikningar: Mikael Noguchi
ISBN 978-82-02-36710-7
80 Sider
199 Kroner
Cappelen Damm

ENDER MED BALLTEFT <- Eldre | Nyere -> MOT ET NASJONALT KOMPETANSESENTER FOR TEGNESERIER?





Et må ha-produkt. Mailer mitt nærmeste bibliotek en link til denne anmeldelsen.
— Bodil Revhaug 6. June 2012, 10:17 #