Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

KOLOR KLIMAX - "K" IKKJE "C" ( 3.06.12 )

Nei, det er ikkje ei samling av tvilsam dansk hardporno, det er ein ny antologi med nordiske serieteiknarar.

Av: Knut Robert Knutsen

Antologien Kolor Klimax: Nordic Comics Now er første bind i ein serie med nordiske serieantologier initiert av det særs aktive finske Teikneserieselskapet (Suomen Sarjakuvaseura), planlagt med skiftande type innhald og skiftande redaktører.

Dette kan forsåvidt forsvare at akkurat denne nordiske serieantologien har eit utval av seriar som utelukkande kjem frå ein såpass snever del av den nordiske seriefloraen, i Noreg representert ved forlag som Jippi, No Comprendo og Dongery og i USA samanliknbart med innhaldet i serier frå Drawn and Quarterly og Fantagraphics (som òg står for utgivinga av akkurat denne boka.).

Redaktøren på denne antologien er den danske serieeksperten og kunsthistorikaren Matthias Wivel.

Dei korte historiane i boka spenner frå navlebeskuande sjølvbiografi til melankolske drømmeri og frå lausrevne bilete til solide, realistiske narrativ og kvardagsobservasjoner. Ikkje alt klaffar heilt, men det som gjer det er veldig bra. For dei som er djupt interessert i hefter som Forresten og andre seriar som gjerne (litt feilaktig) vert kalla undergrunnsserier her i Noreg, så vil vel det aller meste falle i smak. Men der er og ein del ting for serielesarar med ein meir mainstream smak og ei sterkare retting mot dei sterke historiene. I tillegg er dei aller fleste historiene nye for denne boka.

Nokre av desse historiene, som ”Scout” av Johanna Hellgren (ei interessant ungdomsskildring) og ”Yellow Cloud” av Emelie Östergren har nyleg vore å finne i bladet Forresten.

Noreg er ikkje så sterkt representert, Christopher Nielsen er med her, med stripa ”escalator” (rulletrapp) frå Weltschmerz 8, som er ei god historie, sjølv om metaforane kring ”menneskets streben” er overtydelege og slått inn med slegge. Men dette er og den eldste historia i boka.

Bendik Kaltenborn har historia ”The Great Underneath, som startar som ei historie om ein forfattar og ein utgivar som kranglar om eit cover designa av Bendik Kaltenborg og så byrjar å leike seg med metafysiske og metaforiske element i Fellini eller Greenaway-stil før den feiger ut og punkterer det heile med platt og lettvint humor. Nydelege teikningar men ei veldig svak historie. Sånn sett klassisk Kaltenborn, og for fans av han sikkert underhaldande og berikande lesing.

Vanessa Baird ( kjent for sitt samarbeid med Mette Hellenes på Kebbelife) har to malte sider i boka, som i teikneseriesamanheng mest kan samanliknast med John Totlebens malte marerittsvisjonar til serier som Swamp Thing, ispedd referanser til Klimt og Van Gogh. Slåande illustrasjonar.

Rui Tenreiro (som no bur i Stockholm) sin ”Thelotoky” historie om ein birøktar som mistar den nye dronninga, er ein meditativ, ettertenksam serie, som nyttar sparsamt med tekst og avdempa stemningsbilete til å framkalle ei melankolsk kjensle. Trass i ein litt uklar slutt, så er dette ein flott serie.

Dei mest interessante seriane her synast eg kjem frå dei andre nordiske landa. Peter Kielland sin ”Mr. Pig in ’I own the Night’ ” er ein kraftfull serie som kombinerer kontorarbeid med ramnsvart humor i ein stramt konstruert tragikomisk satire.

Joanna Rubin Dranger er representert med eit utdrag frå boka si ”Alltid redo att dö för mitt barn”, ei serie nevrotiske og humoristiske kvardagsobservasjonar som får ein til å ville løpe ut og kjøpe den boka istaden.

Serien ”Samuel” av Tommi Musturi dukkar opp fleire stader i boka og er ein slik eksplosjon av fargar, fabelaktige komposisjonar og leikne idear at det rykkar i smilebandet.

Serien ”Nostalgia” av Johan F. Krarup lar hovudpersonen kome på besøk til ein deprimert og nedkjørt nyleg fråskild samlar som nyttar samlinga til å fylle eit påtakeleg tomrom i livet. Ei trist men nydeleg historie.

Og dette er berre omlag halvparten av historiene, der er mykje anna godt og interessant å finne i denne boka. Som med dei beste antologiane, er kvaliteten på dei beste seriane så høg at det meir enn gjer opp for svakheitane hos dei andre.

Sjølve tittelen synast eg gjer boka ein bjørneteneste. Den henspeglar medvete på den berykta danske hardpornoprodusenten Color Climax som frå 1969 og utover produserte og selde den grovaste hardpornoen tilgjengeleg (inkludert barneporno og bestialitet som var lovleg under dåverande dansk pornolovgiving) og som sjokkerte heile verda.

Matthias Wivel diskuterer i eit intervju på serienettstaden Nummer9.dk korleis tittelen er brukt for å ta eit oppgjer med fordommar om Norden som moralsk forderva og erstatte det inntrykket med noko vakkert (les: seriane i denne boka). Det vil seie ”at kunsten kan forbedre verden”. Eg trur ikkje det eigentleg vil virke etter hensikta, men kan istaden støyte ifrå ein del potensielle kjøparar. Og det er synd.

Sjølv for dei som ikkje heilt er frelst på denne typen seriar så er boka vel verdt prisen, iallfall viss ein som meg skaffar seg den på Bookdepository.co.uk til under 200 kroner.

Den neste antologien skal visstnok ta for seg barneseriar, som på sitt vis kan vere vel så interessant.

I tillegg kan det nemnast at redaktøren av denne antologien, Matthias Wivel, er gjest på Oslo Comics Expo 8.-9. juni.

Kolor Klimax: Nordic Comics Now
Matthias Wivel (redaktør) + diverse
ISBN-13: 978-1606-995204
250 sider
29.99 US Dollar
Fantagraphics Books

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)