Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

MEN ROCAMBOLE VAR IKKJE DAUD ( 5.06.12 )

Føljetonghelten Rocambole er attende. Men førebels berre på tysk.

Av: Knut Robert Knutsen

Thierry Capezzone er ein fransk serieteiknar og –forfattar som forlengst har gjort danske av seg og som er mest kjend for serien H.C. Andersen junior. For folk i det bergenske seriemiljøet så er han og kjend som ein entusiastisk og uunnværleg støttespelar i å få fransk-belgiske serieskaparar til Raptusfestivalen, og ein hyppig Raptus-gjest og norgesvenn som det heiter.

Når eg så fekk høyre at han, saman med manusforfattar Francois Corteggianni (mest kjend her for Unge Blueberry saman med Colin Wilson) skulle gjenopplive den franske føljetonghelten Rocambole for det tyske månedsbladet Zack, så fann eg ut at dette måtte eg sjå.

Rocambole vart skapt av forfattaren Ponson de Terrail og opptrådde i ganske mange bøker frå 1857 og utover. Eventyra hans har og vore filmatisert og brukt i andre media.

Historien om Rocambole byrjer i den franske hæren i 1812 under den tunge retretten frå felttoget til Russland. Ein offiser svik ein annan for å få kona og rikdomane hans. Mange år seinare vil sønane til desse to, som og er halvbrør, kjempe mot kvarandre. Og midt i det heile finn vi som bifigur den 14-årige lømmelen Rocambole. I bok etter bok, føljetong etter føljetong, veks han som skurk og tek over hovudrolla heilt til han som eit nedbrutt, vansira vrak av eit menneske hamnar i fengsel og på skafottet. For deretter å snu livet sitt og verte ein helt, men framleis driven av sine skuggesider. Ein av dei tidlege ”men of action”, eller ”Pulp heltar” og ein anti-helt om ein vil.

Rocambole har vore utgitt her i Noreg òg, både før og etter andre verdskrigen, sjølv om han for ganske mange vel no har gått i gløymeboka. Men mange seinare action-heltar i bøker, teikneserier, film og TV er inspirert av han og gjort etter modell av hans eventyr.

I dette avslutta 12-siders kapittelet er Rocambole i Paris, opptatt med sine lyssky affærer, då ein av mennene i banden hans vert bortført av ein verre skurk enn han sjølv som pressar han til å utføre eit oppdrag for seg. Og vi får ei spennande, komprimert historie med overnaturlege element.

Historia er actionfylt, vittig og gir ein flott tidskoloritt samstundes som det openbert er ein ”pilotepisode” for fleire eventyr med Rocambole. Teikningane er detaljerte og truverdige utan å miste livet og dynamikken og Rocambole sjølv framstår som ein likandes helt.

Utan tvil ein versjon av Rocambole som eg ser fram til å sjå meir av, og dei få Rocambole fans som måtte finnast att her i Noreg anbefalast å halde utkikk etter han, om ikkje anna så er der ein sjanse for at serien kjem på dansk med tida.

Zack 156 har over 60 sider og 5 andre serier utanom: Nico, Damocles, Grand Prix, Mark Brandis og Die Laborbullen som og er ganske gode og underhaldande, men fokuset mitt no er Rocambole, så dei hoppar eg glatt over.

Zack 156 (6/2012)
Diverse bidragsytarar
80 sider
7.90 Euro
Mosaik Verlag

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)