GULSKJORTE I YELLOWSTONE ( 5.06.12 )
Tex no og resten av året.
Når eg skulle anmelde dette Tex Willer-heftet, nummer 562 ”Rykende Steiner”, så var der ein ting som plaga meg litt. Historier som denne strekker seg over heile 3 hefte, og det verker litt forhasta å anmelde etter første hefte, og etter tredje hefte kjem så er det ikkje lenger så lett å få tak i dei første to.
Eg kjem difor til å anmelde heile historia, frå nummer 560, for deretter å sjå litt på ein del av resten av årets Tex Willer (det vil seie kun hovudserien) slik at det er enklare for litt meir tilfeldige lesarar å vite kva dei skal halde auge etter. Faste lesarar reknar eg med les Tex Willer uansett kva eg skriv her. Litt overflatisk vert det nok sidan eg må ta utgangspunkt i dei italienske heftene og ikkje kan så mykje italiensk.
Historia startar i nummer 560, med at ein naturvernar har fått med seg ein del rikfolk til området vi kjenner som Yellowstone for å få deira støtte til å sikre at den ferske Nasjonalparken ikkje vert opna opp att for utbytting. Desse fire vert så bortført av ei lita gruppe Nez Perce (Brukne Nase)-indianarar og Tex Willer og Kit Carson vert sendt ut for å finne dei, saman med Kit Willer og Tiger Jack. Undervegs hamnar dei i ein konflikt med ein organisert bande krypskyttarar, finansiert av ein rik forretningsmann, og det heile eskalerer til ein liten krig.
Den erfarne manussnekraren Mauro Boselli leverer her ein historie som startar langsamt og tankefullt, der vi går djupare og djupare inn i ein vakker natur og mørke menneskesinn. Vi får lærepengar om indianaranes forhold til naturen, eksempel på kor destruktiv ei kraft menneskeleg grådigheit er, og etter kvart eit sterkt driv etterkvart som truslane vert overveldande.
Alessandro Piccinellis stil er i førstninga litt vel glatt for Western-genren etter min smak, men etterkvart gjer detaljane i stilen hans sjølve Yellowstone Parken til ein karakter og forankrar historia.

Som vanleg er det ytterst lite som utviklar heltanes personlegdomar i nokon som helst retning, og det er jo ikkje å forvente i slike serier, men fleire av ”gjestestjernene” i historia gjennomgår interessant, om forutsigbar, karakterutvikling. Vi vert kjende nok med karakterane til at det er både overbevisande og underhaldande.
Ei Tex Willer-historie noko over gjennomsnittet, vil eg seie, og veldig underhaldande.
TEX WILLER SOM KJEM
På dei siste 40 sidene av Nr. 562 får vi så første del av historien ”Mondego The Killer” av Mauro Boselli og Leomacs (tilsynelatande ein ny Tex-teiknar) som kjem til å fortsetje i nummer 563 (11.juni) og 564 (9.juli) .
Allereie på desse sidene merkar eg at dette er ei Western-historie meir etter min smak. Eit oppgjør ved grava til ein revolvermann ein stad i Mexico, delstaten Sonora, introduserer oss for historiens skurk i ei kaldblodig actionfylt scene som tatt ut av klassisk spaghettiwestern.

Leomacs køyrer ein teiknestil som sitrar av ørkenluft, med ein skarp kontroll over kroppspråk og mimikk og ein underliggjande stil som minnar om den kjende spanske serieteiknaren Martin Salvador, fullført med ein røff og kantete tusjestil som minnar om Colin Wilsons arbeid på Unge Blueberry. Vakre greier, dynamisk og slåande.
Resten av denne intense historia gir oss togsabotasje, konspirasjonar og ei særs interessant femme fatale samt ein del veldig flotte togscener. Eg elskar westerns med tog.
Tex 565 som kjem 6. august er eg ikkje sikker på innhaldet i, i og med det ikkje kjem frå det vanlege månadsbladet, men frå årsalbumet ”Almanacco del West”. I fjor køyrde dei ei veldig god historie frå 2000, og truleg kjem historia i år då til å vere ”Missione a Sierra Visra” frå 2001 av Claudio Nizzi og Andrea Venturi. Absolutt ein av dei beste Tex-teiknarane, og med ein meir illustrativ stil ein dei fleste andre eg har nemnd her. Sjølve plottet har eg ikkje oversikt over, men det er uansett eit one-shot.
Tex 566 (3. sept) og 567 (1.okt.) er med manus av Tito Faraci og teikningar av Raul og Gianluca Cestaro som vi sist såg saman i nr 529/30, ”Indianersheriffen” i 2009. Denne historia, ”De modige menn i Fort Kearny” byrjar med at Tex Willer tar til fange den brykta bandeleiaren Jack Torrent. Den lokale sheriffen tør ikkje å halde han innesperra., og Tex Willer får med seg eit lite sivilt oppbud for å frakte han til neste by. Forfulgt av Torrents store og brutale bande vert Willer og dei andre til sist beleira i eit avsidesliggande fort, og det endar med ein kraftig konfrontasjon.

Cestaroene leverer dette i solid komponerte, kontrastfylte teikningar som kan skildrast som Jean Giraud tusja med tørr pensel av Jorge Zaffino. Eller solide, detaljerte former med ein tørr, presis og tung strek, om ein vil. Cestaroane er verkeleg av dei mest overbevisande Tex-teiknarane når det gjelder å skape eit truverdig og stemningsfylt Western-miljø.
Tex 568 (29. okt.), 569 (26.nov.) og 570 (27.des.) gir oss ein treparter av Mauro Boselli og Ernesto Garcia Sejias . Mauro boselli er jo fast på Tex, men Seijas såg vi sist på ”Ildprøven” i 546/7 tidleg i fjor. Seijas er ein solid teiknar, med ein kraftig kontur som kan minne litt om John Romita Sr, dette er enno ein teiknar som overbeviser med kroppsspråk, mimikk og dynamikk, og som leverer ein intens finish til denne historia. Sjølv plottet lar Tex Willer og hans vanlege firkløver befri nokre indianarar som er tatt til fange i Sonora-ørkenen. Vi vert ført vidare til oppdragsgivarane deira, til gruvene i Canaan og til ein mystisk mann som kallar seg ”Espectro” (spøkelset) som leder ein hær frå ein bortgøymd Pueblo. Mange gode vendingar og intens spenning her, altså.

Det vil seie at 2012 har mykje godt på lager for Tex Willer i hovudserien, og mykje interessant i Maxi-Tex og Spesial, men det kan takast etterkvart. For tilfeldige lesarar er kanskje dette eit tidspunkt å vurdere å kjøpe fast, for dei som lurar på kvifor folk eigentleg likar Tex, så kan i år vere eit godt tidspunkt å ”smaksprøve” litt.
Tex Willer 560-562
Manus: Mauro Boselli Teikningar: Alessandro Piccinelli
112/112/72 Sider
Kr 39, 50 kvart nummer.
Egmont Serieforlaget

MEN ROCAMBOLE VAR IKKJE DAUD <- Eldre | Nyere -> SERIETREFF I MORGEN





På sine egne premisser og utifra konseptet er Tex Willer i særklasse hva gjelder å holde ved like en uovertruffen høy kvalitet på serien år etter år. Sågar dukker det opp en og annen story innimellom som nærmest gir en gåsehud. I farten kan jeg nevne “Spøkelsesgruven” fra 2001 eller “Colorado Belle” fra 2006. Begge ville vært verdige kandidater til å stikke av med Sproing-prisen. Men altså, her har Sproing-prisen vært utdelt i 25 år og Tex har knapt nok vært nominert, så noe må være galt et sted. Glem nå denne prisen, seriene blir ikke mindre gode om ikke prisutdelerne kjenner sin besøkelsestid. Leserne har alltid verdsatt en fengslende story med realistiske tegninger i ypperste klasse. Her trengs ingen jury eller egen ekspertise; leserne er ekspertise god nok.
Williams Forlag/Nordisk Forlag/SEMIC/Egmont Serieforlaget har lykkes særdeles godt med de norske utgivelsene av denne spesielle western-figuren.
Andre utgivelser fra Italia har også vært prøvd, men jeg er overbevist om at potensialet ikke er nådd i graphic novel-sjangeren. Hvorfor ikke satse fullt og helt på en annen Bonelli-karakter med stor suksess i hjemlandet:
MISTER NO (debuterte i 1975)
Her finnes det et stort lager av historier helt på høyde på det beste fra Tex Willer.
— Jostein Hansen 6. June 2012, 10:28 #
Norsk Tex Willer nr. 565 er hentet fra TEX – Almanacco del West fra 2007, skrevet av Mauro Boselli og tegnet av Ernesto Garcia Sejas. Altså nok en story av stjerneteamet, denne gang i mer kortformat (relativt sett, de fleste andre westernserier er neppe så lange som 110 sider!).
Noen som forresten husker E. G. Sejas’ western/dramaserie som gikk i Tomahawk på slutten av 70-tallet? Het den ikke “Mannen fra Richmond”…?
— Jostein Hansen 26. July 2012, 11:56 #
I fjor fikk vi tilsammen 9 (nesten) helt nye Tex Willer-serier, fordelt på disse heftene:
* TW nr. 558-559: Seks uniformer i støvet (Manfredi/Ticci)
* TW nr. 560-562: Pelsjegerne i Yellowstone (Boselli/Piccinelli)
* TW nr. 563-564: Sabotørene (Boselli/Leomacs)
* Tex spesial nr. 25: Mot Oregon (Manfredi/Gomez)
* TW nr. 565: Apasjepolitiet (Boselli/Seijas)
* MaxiTex nr. 24: Fossiljegeren (Segura/Ortiz)
* TW nr. 566-567: Farlig følge (Faraci/Cestaro/Cestaro)
* TW nr. 568-570: Slavehandlere (Boselli/Seijas)
* MaxiTex nr. 26: Den lumske veien (Manfredi/Repetto)
Den historien som har gjort størst inntrykk er “Seks uniformer i støvet”, tett fulgt av “Sabotørene” og “Mot Oregon”.
I “Seks uniformer i støvet” dreier plottet seg om en gruppe desertører fra hæren ledet av eks-løytnant Stuart Bigelow, som er på vei til Mexico etter å ha begått to ran med utbytte på til sammen en million dollar. Hva får en tidligere offiser til å bli en lovløs forbryter? Storyen går for en gangs skyld litt i dybden på karakterene og alt er ikke bare sort-hvitt. Mange spennende vendinger og overraskende passasjer underveis, før klimakset kommer i “Mat for gribbene”, ypperlig fortalt av Gianfranco Manfredi og suverent tegnet av veteranen Giovanni Ticci.
Andre lesere har helt sikkert andre favoritter? Fortell gjerne hvorfor…
— Jostein Hansen 17. January 2013, 10:53 #
Mykje bra, det kan vi vere einig i. Og best-of lista skal eg ikkje krangle på, sjølv om fossiljegeren er ein personleg favoritt (kanskje mest på grunn av at eg diggar Segura og Ortiz når dei jobbar i lag.)
— Knut Robert Knutsen 17. January 2013, 12:38 #
Jeg pleier å si at jeg “hater” å lese Western som tegneserie, det skjer for lite i rutene. Men så tenker jeg at jeg liker godt både Blueberry og Red Kelly. Pionér var helt etter min smak på 80-tallet, og fortsatt. Er det bare Tex jeg ikke kan greie å få i meg.
Ferie skal jo brukes til “noe annet”, så jeg to et par hefter, og var nøye med at det var begynnelse og neste nummer, sånn er gjerne Tex, to hefter, vanligvis. Serien var akkurat den som er omtalt her, yellowstone.
Godt tegnet, og ditto historie, ike noe problem med det. Forutsigbarheten var også der, samt alt vi forventer av klisjeer etc. Men handlingen, actionen, hvor var den?? Jeg skjønner ikke hvorfor en slik historie dras over 3×112 sider. Men når det kan brukes en ca. 2,5 sider med prat og det eneste som skjer er at Tex tømmer kaffen på bålet, vel da går sidene fort. Kort sagt, det prates for mye i Tex. Sammenlignet med Blueberry og Kelly blir dette for jævlig.
— IpComics 19. July 2013, 09:17 #
Mykje preik er ei side ved den Italienske modellen (dvs det gjelder for andre serier òg, i min erfaring, av desse 100-siders heftene som kjem ut ca kvar månad).
Enkelte forfattarar har ein litt høgre ratio av action-hendingar, spesielt ein del av dei “nye”.
Men ujamnt er det nok.
— knut robert knutsen 19. July 2013, 13:27 #
Mye prat og lite action, heldigvis. Det viktige må jo være hva praten handler om, ditto action.
Action og vold uten mål og mening er like lite interessant som prat uten noe annet formål enn å holde praten i gang.
Tex Willer har mye interessant prat, og noen ganger litt for mye action (og skytescener).
Mye prat også i Watchmen, for de som har sansen for dybder i tegneserier.
— Jostein Hansen 21. July 2013, 08:40 #
Muligens Jostein, men Watchmen er ikke en Western. Det jeg ville finne ut var hvorfor Tex ikke faller i like god jord som Blueberry, Red Kelly og noen få andre Wester-tegneserier, hos meg. Praten, og mange sier uten handling (ikke nødvendigvis action og skyting). Det er faktisk ikke nødvendig å fortelle elserne hva som vil komme til å skje på de neste 40 sidene, det får man tidsnok lese.
— IpComics 21. July 2013, 19:03 #
Tex Willer er ikke en ensartet westerntegneserie.
Den er bygd opp som en tegneserieroman, men stilen varierer mye alt etter hvilke tema som behandles og hvilke forfattere som er involvert.
Noen ganger ligner den en typisk spagetti-western med for mye vold vektlagt, andre ganger er den mer ettertenksom og kompleks med et spennende krimplott i bunnen (Deadwood-trilogien).
F.eks “Syndens lenker” har en drivende handling, men også roligere parti med prat, hvor forutsigbarheten og klisjeene er fraværende.
Det behøver ikke være noen feil med klisjeer, det er måten de blir
brukt på som teller.
Red Kelly f.eks. har mange klisjeer, og er tidvis forutsigbar. Men hva gjør vel det når historiene er drivede godt tegnet og medrivende fortalt?
— Jostein Hansen 22. July 2013, 17:36 #
Ja, her er mye smak og behag!
Skal jeg måle Tex Willer mot Blueberry og Red Kelly om forutsigbarhet og klisjeer, samt kjedelig prat, faller Tex best ut.
Jeg leser ikke mange sidene i verken Blueberry eller Red Kelly før hele saken er klar for meg, og overraskende slutt eller scener inne i historiene er totalt fraværende.
Her skiller Tex seg fordelaktig ut med gode momenter, orginal vridning og ofte en overraskende slutt.
Selvsagt er Tex historiene av varierende kvalitet, likevel er det en god varisjon i fortellingene.
Det kan jeg ikke si om verken Blueberry eller Red Kelly, der spesielt Blueberry fortellingene går i samme mønster, har du lest en – kan du det meste.
Takke meg til Tex Willer!
— Bjoulv 22. July 2013, 17:58 #
Enig i at det ikke er mye variasjon i kvaliteten på Blueberry. Riktignok var tegningene noe enklere i de første albumene, men alle albumene har fantastisk høy kvalitet.
Men nå krever ikke jeg varierende kvalitet, greier meg lenge med høy kvalitet. Det samme gjelder vel også Red Kelly, i hvert fall de albumene som Herman tegnet.
Klart det er mye klisjeer i en westernserie, ellers ville det ikke vært en westernserie. Der skal det være cowboyer, indianere og seksløpere.
— Øyvind B 22. July 2013, 21:12 #
Ja, det er ingen tvil om at Blueberry og Red Kelly (Comanche) opp gjennom tidene er blitt hyllet for kunsterisk framragende grafikk.
Det har jeg lest til det kjedsommelige fra forskjellige ”anmeldere”, for meg virket det som de skrev av hverandre.
Det ble videre ofre påstått at kun to amerikanske serier kunne måle seg med den, det var Casey Ruggles og Lance, begge av Warren Tufts.
Men også for de to siste gikk det alltid på den kunsteriske framstillingen, tegningene og, aldri på innholddet, fortellingen,, det litterære.
De gangene innholdet ble nevnt var det kun resyme over handlingen, aldri noen analyse eller formening om fortellingen var god eller dårlig, langtrukken eller slikt.
Faktisk er denne korte ”anmeldelsen” fra IP, her i tråden, det nærmeste vi kommer en kritikk over fortellingen i Blueberry og Red Kelly. Men, kanskje finnes det andre som har gått hus forbi meg.
— Bjoulv 22. July 2013, 22:56 #