Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

DEN EVIGE SYKLUS (22.07.12 )

Historia gjentek seg.

Av: Knut Robert Knutsen

Syklus er ein ordlaus serie på 36 sider av Martin Ernstsen og Killian Eng.

La meg byrje med å seie at dette er eit nydeleg hefte. På design og papirkvalitet er det behageleg å sjå på, å halde og å bla i. Det er ein kvalitet langt utover det ein har lært seg å forvente av eit 36-siders hefte til 50 kroner. Der ein er van til å sjå at subtil fargelegging i den mørkare enden av skalaen (som er ein del av uttrykket her) vert til brunsvart grums i Egmonts mange superheltpublikasjonar, er fargane her godt understøtta av papirvalet.

I tillegg så er det alltid kjekt å sjå science-fiction-historier på trykk i norske blad. Det er ein underrepresentert genre.

Det herskar ingen tvil om at den svenske illustratøren Killian Eng er særs talentfull, teikningane her er vakre og gir eit slags vart og optimistisk inntrykk trass den brutale tragedia som vert skildra i byrjinga. Det narrative designet fokuserer på store flater og er ukomplisert men effektivt.

Manus er av nordmannen Martin Ernstsen, kjend frå mellom anna Kodoks Run, som hadde tilsvarande sykliske elementer i historia.

SPOILERALARM

Historia er ganske streit fortalt, den er lineær og tek utgangspunkt i meteoren som traff jorda for mange år sidan og utrydda dinosaurane, som menneska går på naturhistorisk museum for å sjå på. Så knyter den det til ein meteor som treffer jorda, og utryddar menneska. Deretter er der ei ny rase med øgle/dinosaurliknande humanoider som utviklar seg og byggar museum der menneskeskjelett vert utstilt på same måte som dinosaurane vart utstilt før. Så går desse nye humanoidane ut og oppfører seg nett slik som menneske, dei går på stranda og hyggjar seg.

Eg burde vel kanskje ikkje oppsummere alt her, men det er strengt tatt ikkje historia som er poenget her. Plottet om at menneskeheita går under og at merkelege vesen utviklar seg og ser på restane av vår sivilisasjon på museum (og til dels feiltolkar dei spora dei har funne) er ei veldig gamal science-fiction klisje som har blitt brukt i større djupn både streit og parodisk og dekonstruert mange gonger før. Det er eit plot som er enkelt å bruke til samfunnskritikk og det er difor oftast veldig tekstbasert.

SPOILER OVER

Det som er nytt (og ein kan gjerne seie vågalt) her er at det er ordlaust, som vil seie at ein stenger seg av frå mange av klisjeane i standardversjonane av plottet, og at teikningane ikkje gir inntrykk av kritikk men av at det her handlar om at ”livet” som sådan er ukueleg og at sjølv om vi forsvinn så vil livet på jorda fortsetje i andre, gjerne like interessante, former.

Det er eit perspektiv som kan sjåast på som optimistisk og audmjukt i forhold til ”Moder Natur” men som òg kan vere skremmande. Denne tanken om at menneska ikkje er universets sentrum og grunnen til at det i det heile eksisterer.

Dette er eit vakkert hefte og vel verdt 50 kroner. Men det er verdt å merke seg at spesielt sidan dette er ordlaust så egner det seg ikkje for den ”passive” lesar. Ein må tilføre mykje sjølv for å hente ut ei djupare meining. Og som sagt, sjølve plottet har blitt fortalt mange gonger før i meir tilgjengelege former og meir effektivt. Dette heftet krev ei meir meditativ lesing der ein er villig til å la seg forføre av Killian Engs teikningar og design.

Syklus
Martin Ernstsen (forfatter) & Killian Eng (teiknar)
ISSN 1501-8326
36 sider
50 Kroner
Jippi Forlag

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)