Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

MEISTERLEGE BARNESERIER (23.07.12 )

Overraskande juvelar i lisensserie for barn.

Av: Knut Robert Knutsen

Eg pleier ikkje vanlegvis å kjøpe Tom og Jerry. Ikkje fordi eg ikkje er blodfan av dei klassiske teiknefilmane, men fordi eg generelt sett er litt skeptisk til lisensseriar. Veldig få klarar det meisterstykket Barks klart med Donald Duck, å lage teikneseriar som er like bra som eller betre enn dei opphavelege teiknefilmane.

Men no har eg ei niese på 4 år som er inne i ei Scooby-Doo fase, så eg blar no litt innom for å finne ting som kan halde ho unna seriesamlinga mi, og på den nye Tom og Jerry pocketen stod det med store bokstavar at her var det Scooby Doo med. Scooby Doo og Tom og Jerry? To fluer i ein smekk, tenkte eg.

Men eg fekk sjokk når eg opna pocketen og oppdaga at Scooby Doo historiane her var dei klassiske historiane til Dan Spiegle. Dan Spiegle er som kjend ein av dei verkeleg store teiknarane, kjend frå alt frå Hopalong Cassidy til Blackhawk, Crossfire og Terry and the Pirates til Indiana Jones igjennom ei karriere på over 70 år.

Så la oss ta ein kikk:

TOM OG JERRY

Den spanske serieskaparen Oscar Martin har levert manus og teikningar til Tom og Jerry for Egmont ganske lenge no, og dei 100 sidene med historiar her vitnar om både solid rutine og ein serieteiknar som sprudlar over av idear. Konseptene for kvar enkelt historie er enkle, men Martin hoppar rett inn i handlinga, brukar kun den tida han trenger på kvar gag og går vidare med noko nytt.

Eg er van med at lisensseriar tek for seg ein eller to gag-idear og melkar dei tomme over 10-20 sider, men Martin gir oss noko nytt for kvar halvside. I tillegg er teikningane ekspressive og ”on-model” samstundes som Martin veit å utnytte karakteranes plastisitet til det fulle.

Der er 7 Tom og Jerry historiar her, frå pirateventyr og sjøreise til romanse i bakhagen. Eit godt og variert tval av stader, genrer og tilnærmingar. Så berre denne delen av boka er verdt ein kikk.

Det er òg verdt å ta ein kikk på Oscar Martin sine heimesider, der det er eksempel på ein del av hans eigne arbeider som Solo og The Guilde (lauget), som viser ein mykje meir forseggjort, fargerik og spanande stil. Om det ikkje heilt er på Blacksad sitt ”realisme”-nivå, så er det eit komfortabelt midtpunkt på vegen. oscarmartin.net

SCOOBY DOO

Scooby Doo er representert med 4 klassiske historier frå Gold Key, Charlton og Marvel mellom 1973 og 1977. 3 av desse er av Dan Spiegle.

Det er klart at der er mange gode moderne Scooby-Doo teiknarar som Joe Staton, til dømes, men den som ofte vert omtalt som den beste teiknaren på Scooby-Doo lisensserier er Dan Spiegle. Det er klart at pocketformatet ikkje er så flatterande for Spiegles stil, som er basert på mykje fin penneskravering som forsvinner i denne reduksjonen, men det er likevel mykje fint her. Historiane er Scooby Doos standard ”falske spøkelser” gimmick, her sett til Chinatown (GK16/1973), ei Karibisk øy (GK 20/1973) og ein iskremfabrikk (M01/1977). Mysteria er enkle, rollefigurane er eindimensjonale, men teikningane er spenstige og attraktive.

Det er kanskje ikkje alle som vil setje pris på Spiegles stil her, og heller føretrekke dei tjukkare konturane og enklare komposisjonane til moderne Scooby Doo. Men eg tenkte at det var greitt å seie ifrå om denne for andre ”nostalgikarar” der ute.

I tillegg er der ein Scooby Doo historie av Tom DeFalco og teiknaren Bill Williams (Charlton 8/1976) om ei traumatisk oppleving med ei tidsmaskin. Bill Williams er ein av desse trufaste slitarane som tilbringer karrieren med å teikne lisensseriar eller ungdomsseriar (inkludert Mille the Model for Marvel i 1945) og aldri vert særleg kjent. Her leverer han iallefall ein kompetent serie i ein stil som er til forveksling lik Dan Spiegles.

Viss ein berre skal plukke med seg 1 barneserie frå bladbutikken i sommer så er vel Donald-heftene med 100-siders ”Jeg, Donald” Carl Barks bilag framleis førsteval. Men denne pocketboka er vel verdt å ta ein kikk på.

Tom og Jerry Pocket 10
Oscar Martin, Dan Spiegle, Bill Williams med fleire.
ISBN 978-82-429-4673-7
164 sider
55 kroner
Egmont Serieforlaget

divider
  1. Oscar Martins Tom & Jerry-serier ga meg mye glede som barn. Godt å høre at han fortsatt holder koken.


    S.Smari    26. July 2012, 20:02    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)