LAUSE KANONER ( 2.09.12 )
Før årets Kanon 5 tar vi ein kikk på 2011s Kanon 4.

Kanon 4 kom ut i fjor og vart mellom anna av Grafill kåra til Årets Vakraste Bok (kategori teikneseriar), samt at forfattarane mottok Oslo Bys kulturpris. Ei vel motteken bok altså. Den vart og nominert til Sproingprisen for 2011.
(I tråd med presseskikk så vert det opplyst om at anmeldaren satt i nominasjonsjuryen for Sproingprisen 2011).
Konseptet til Kanon 4 er det same som i tidlegare bøker, ei samling med illustrerte anekdotar om sentrale forfattarar og kunstnarar i norsk kulturforståing (som òg inkluderer sentrale kunstnarar frå andre land), deira liv og deira verk.
Dette vert sett inn ei rammeforteljing der Lars Fiske og Steffen Kverneland fortel kvarandre desse anekdotane medan dei trakkar opp fotspora til gamle kunstnarar og kommenterer dei samstundes som dei utforskar stilartane deira.
Etterkvart som serien no har kome eit stykke på veg, så har denne rammeforteljinga fått meir liv, stemmene til Fiske og Kverneland vert meir førande og utvalet av historier trekkjast meir tilbake til dei. Dei slepper seg meir laus, vert meir personlege og utleverande.
Dette gir ei kjensle av at ein er i ein slags mellomtilstand. Der desse anekdotane om kunstnarar i byrjinga verka som hovudpoenget, som ei slags vidareføring av Kvernelands ”Amputerte Klassikere” eller Fiske og Kvernelands ”Olaf G”, så vert etterkvart Fiske og Kvernelands refleksjonar over kunstnarane og deira personlege opplevingar i ramma til det kreative og kjenslemessige fokuset.
Ein er nesten på det steget at dei mest sjølvstendige anekdotane vert til irriterande digresjonar.
Her vert det fortald om George Grosz, Kurt Schwitters, Olaf Gulbransson, Ozzy Osbourne, Keith Richards, Charles Mingus, Hans Jæger. Kasimir Malevitsj og Francis Bacon, alt saman heftig kommentert av forfattarane.
I tillegg finner ein her fjerde del av Edvard Munch-biografien, som eg går utifrå med vilje ikkje er inkorporert i det lausare konseptet til resten av boka (med omsyn til ei samla Munch-utgåve?).
Med unnatak av Munch-biografien så har Kanon gått frå anekdotar om kanoniske kunstnarar til eit slags tilbakeblikk på Fiske og Kvernelands eigne kunstnariske ”danningsreiser”. Noko som for meg synast å vere ei positiv utvikling. Forfattaranes entusiasme for bestemte trekk ved kunstnarane er det som gir dei liv, og det er brytninga mellom forfattarane som kunstnarar og deira subjekt (som òg er kunstnarar) som gir denne boka og denne serien sin særeigne vitalitet.
Det er i dei personlege augeblikka, som når Fiske og Kverneland droppar anekdotane og vert sjølvbiografiske, at boka når sitt verkelege høgdepunkt. Det er merkeleg at ei historie om ein hyttetur og eit hummarmåltid kan opplevast som meir intenst enn historier om melodramatiske dødsfall i bohem-miljø, men slik er det. Det er ein spontanitet og fridom i uttrykket på dei sidene som er inspirerande.
Anekdotane om kunstnarar er så langt underhaldande, men eg har ei kjensle av at Fiske og Kvernelands ”avatarer” kunne ha preika skit om kva som helst over 200 sider, og det ville framleis ha vore av interesse. Ein kan seie at forfattarane her har triumfert over innhaldet, og det skal godt gjerast.
Eg ser fram til Kanon 5, mest for å sjå kva nytt Fiske og Kverneland har funne på.
Kanon 4
Av: Lars Fiske og Steffen Kverneland
ISBN 978-82-91187-98-3
194 sider
300 kroner
No Comprendo Press

ET MESTERSTYKKE FRA KIM HOLM <- Eldre | Nyere -> RAPTUS ER TILBAKE




