JOE JUSKO: POLITIMANN MED PENSEL ( 6.09.12 )
Vi ser litt på karriera til Raptus-gjest Joe Jusko.

Joe Jusko starta karriera si som serieteiknar. Med ein stil kraftig påverka av John Buscema, fekk han jobb som assistent for serieskaparen Howard Chaykin. Etter kvart fekk han høvet til å presentere sine malte illustrasjonar til redaktørar, mellom anna hos magasinet Heavy Metal.
Seinare gjekk han over til å male forsider til blad som Heavy Metal. Vi kjenner kanskje nokre av hans malte historiar frå heftet Epic, som kom ut i Noreg i 1983-84.
Mykje av karrieren sin mala han forsider for Marvel, mellom anna til Savage Sword of Conan (der forsidene hans òg har pryda norske hefte) og serier som Hulk, Punisher etc. Mange av desse forsidene har òg dukka opp i norske bladhyller.
På 90-talet så introduserte han konseptet med malte superhelt-samlekort, og der har òg vore samlekortserier med hans Edgar Rice Burroughs-maleri (Tarzan og John Carter, Warlord of Mars).
I ein periode der maleri for teikneserier synast å vere på veg ut, utdanna Jusko seg til politimann og tenestegjorde for New York politiet i ein periode, men etterkvart tok malinga seg opp og han satsa på det fulltid.
Forlaget IDW gav nyleg ut boka ”The Art of Joe Jusko” som gir ei grundig oversikt over hans karriere som målar og nokre av hans finaste arbeid, samt eit innblikk i hans kreative prosess. Det er ei vakker ”Coffee Table” bok med mykje interessant.
I tillegg er hans DVD i serien ”Creator Chronicles” å anbefale, ikkje berre for intervju-delen men for den 3-timar lange tutorialen han har i korleis han jobbar med maleria sine. I dette tilfellet eit måleri av Marvel-karakteren ”Sheena, Queen of the Jungle”.

Creator Chronicles DVD
http://www.amdalemedia.com/ccvideo.shtml
Og ein trailer for DVDen her:
http://www.youtube.com/watch?v=hVFFeOYH-xE
Ein biografi over karriera hans finner ein her:
http://www.evainkartistgroup.com/Galleries.asp?GCat=15
The Art of Joe Jusko
Joe Jusko
ISBN 978-1-61377-096-2
332 Sider
49.99 Dollar
IDW Desperado

HVEM KJØPES INN? <- Eldre | Nyere -> MICHAEL GOLDEN: IMAGE-ALDERENS GUDFAR




