Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

MICHAEL GOLDEN: IMAGE-ALDERENS GUDFAR ( 7.09.12 )

Kven er Raptus-gjesten Michael Golden? Her ser vi litt på karriera hans.

Av: Knut Robert Knutsen

Michael Golden er ein av desse teikneserieskaparane som vert sett på som både sentral og banebrytande i det amerikanske mainstream teikneseriemiljøet, utan at han har dei heilt store eigne frittståande seriane å vise til. Ingen Watchmen, Dark Knight Returns eller noko liknande.

Han har jobba ein del med Batman, Spider-Man og andre heltar, og han skapte X-men-karakteren Rogue saman med Chris Claremont. Hans mest kjende superheltarbeid er på Doctor Strange og ein mindre kjend lisensserie kalla Micronauts, som framleis vert hugsa med velvilje hos fansen og den yngre generasjonen med serieskaparar som vaks opp med den.

Det Golden er mest kjend for ligger utanfor Superheltsfæra. Det er krigsserier som ”The ’Nam” (utgitt her i Noreg i Magnum Spesial på 90-talet) og GI Joe, der hans serier vert rekna som blant dei beste Marvel produserte.

I tillegg skapte han saman med Larry Hama serien ”Bucky O’Hare” som hadde moderat suksess som teiknefilmserie på 90-talet.

Golden er kanskje mest kjend for oss gjennom dei teiknarane han inspirerte og som har tatt opp i seg delar av hans teiknestil og design-uttrykk. Mest kjend av dei er vel Spider-man og Spawn-teiknaren Todd McFarlane, i tillegg til Arthur Adams og Jim Lee. Men store delar av Image Comics sitt visuelle utrykk var sterkt inspirert av han (ifølge teiknarane sjølve).

Nærare vår tid heldt han på med Spartan X- ein teikneserie inspirert av (og godkjend av) Jackie Chan.

Det vetle som er av han på norsk er altså nokre Lynvingen blader frå seint 70-tal/tidelg 80-tal, ”The Nam” og ein del GI Joe. Meir er eg ikkje sikker på.

Ytterlegare informasjon om Golden, og hans arbeid finnast i Twomorrows si bok ”Modern Masters: Michael Golden”, og DVDen produsert i samband med den, der han fortel om si karriere og viser litt om sin teikneprosess.

Modern Masters bok.
http://twomorrows.com/index.php?main_page=product_info&products_id=560

Modern Masters DVD:
http://twomorrows.com/index.php?main_page=product_info&cPath=62&products_id=571

Ein kan og finne boka ”Excess: The Art of Michael Golden” frå Vanguard og Intervju-DVDen i serien Creator Chronicles, medprodusert av Renee Witterstaetter (som òg vert intervjua på DVDen).

Creator Chronicles DVD
http://www.amdalemedia.com/ccvideo.shtml

Og ein trailer for DVDen finner ein her her:
http://www.youtube.com/watch?v=rWIX1ufdXj4

Ein biografi over karriera hans finner ein her:
http://www.evainkartistgroup.com/Galleries.asp?GCat=2

Excess : The Art of Michael Golden
Renee Witterstaetter og Michael Golden
ISBN 978-1-934331-00-2
130 Sider
24.95 Dollar
Vanguard Productions

divider
  1. Jeg fant en liste over Michael Goldens publiserte verker. Den er ikke komplett, men den bør gi et godt bilde av produksjonen hans:
    http://witterstaetterwrites.blogspot.no/2012/05/ever-wonder-what-michael-golden-has.html


    Kristian Hellesund    8. September 2012, 02:03    #
  2. Fra denne listen hentet jeg ut Marvel Fanfare #47, en team-up historie med Spider-Man og Hulk. “Renovation” (skrevet av Bill Mantlo)har 32 sider med Michael Golden i toppslag. Derfor kan det være nyttig å ta med seg boken, hvor historien kan gjenfinnes. for evt. signering på Raptus-besøket:
    “På lag med Spider-Man” i serien Alle Tiders Superhelter (Egmont Serieforlaget, 2005).


    Jostein Hansen    9. September 2012, 18:04    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)