Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

PETER OG THIERRY TEIKNAR OG FORTEL (21.09.12 )

Korleis lage teikneseriar. På dansk.

Av: Knut Robert Knutsen

Internasjonale nettbokhandlar er fulle av bøker om korleis å lage teikneseriar. Berre på engelsk finnast der hundrevis av bøker om å teikne humorseriar, superheltseriar og manga. Eg burde vite det, eg har dei fleste av dei (folk samlar på mykje rart, eg samlar på bøker og kurs om illustrasjon og serieteikning).

Det dei fleste har til felles er at dei går veldig overflatisk igjennom emnet og så fyller ut med nokre sider som viser korleis ein kan teikne muskelbuntar eller komiske karakterar i riktig perspektiv.

Sjølv om Peter Madsen og Thierry Capezzone går igjennom ein del standardting om teikning, riktig verkty og det praktiske rundt det å vere serieteiknar bakerst i boka, så har denne boka noko særeigent å tilby som hevar den over hopen.

Med utgangspunkt i sine eigne seriar (og Peter Madsen spesielt vert med rette rekna som ein av dei verkeleg store i skandinaviske seriar) diskuterer Madsen og Capezzone tankeprosessane og arbeids-stadia i det narrative designet (det vil seie korleis ein nyttar side- og rute-design som verkty for å fortelje historia). Det handlar ikkje om korleis å teikne seriar, men korleis å TENKE seriar.

Læreplanar i Norsk har mål der elevane skal lage seriar eller analysere seriar som «samansett tekst». Ofte er einaste hjelpemidla lærarane og elevane har til slik analytisk arbeid eit kort kapittel om seriar der det vert litt snakk om ruter, tekst og lydord og stilistiske variantar. Kapittel som for dei fleste seriekjennarar vil framstå som hjelpelause og overflatiske.

Betre vert det ikkje i kunst, design og formgjevingsfag der ein har enno meir bruk for kunnskap om samansette tekstar og teikneseriar. (Det bør òg merkast at formspråket til teikneseriar kan nyttast i fotografiske og illustrative samanhengar som ikkje alltid oppfattast som «teikneserie»). Der vert ein òg gjerne avspist med utilstrekkelege og overflatiske overblikk over teikneseriemediet.

Madsen og Capezzones bok gir i eit klart og lettfatteleg språk greie for heile tankeprosessane (både praktiske og kunstnariske) bak utforminga av teikneseriesider og -historier. Dei forsyner oss med eit enkelt men presist omgreps-apparat for analyse av seriar som samansette tekstar.

Idè-utvikling, manusarbeid, design og komposisjon, fargebruk, bruk av tekst og lydord, materialbruk etc. Alt dette vert oppsummert og sett inn i ein kontekst der ein reflekterer over kva historia trenger og kvifor ein gjer bestemte val.

I linken til Peter Madsens heimeside nederst kan ein sjå eit av dei mange eksempla i boka på tenking kring side-design. Som igjen kan brukast som eit analytisk verkty i lesing av seriar.

Dette er ei bok som endeleg kan gi norsklærarar landet over det omgreps-apparatet elevane deira trenger for å analysere teikneseriar og andre samansette tekstar. Som kan gi kunst-, design- og formgjevingselevar ein reiskap til å setje saman alle dei forskjellige områda dei studerer til klar og tydeleg visuell historieforteljing.

Dette er ei bok som høyrer heime i alle skulebibliotek, alle lærarrom og bokhyllene til einkvar som ynskjer å lage teikneseriar.

Den utgåva som eg har lese og som Thierry Capezzone presenterte på Raptus sundag 9. September er visst ei utgåve for danske bibliotek og den vanlege utgåva sleppast etter det eg forstår i sal i Danmark ein gong på nyåret.

I mellomtida vil eg minne om at boka i Danmark er utgiven av Carlsen (dvs. Egmont), og ytre eit lite håp om at kanskje Egmont Norge vil fatte interesse for ei norsk utgåve i same slengen. Viss ikkje så er det danske språket i boka ganske enkelt, klart og tydeleg og ikkje noko hinder for at boka likevel kan finne sin naturlege plass i norske skular eller norske bokhyller.

Denne boka er, i tillegg til å vere på dansk og soleis lett forståeleg for dei fleste nordmenn, djuptgripande og lettfatteleg. Eg håpar at den vil få den merksemda den fortener avdi den verkeleg er eit definitivt verk om teikneserieskaping og analytisk tenkning om teikneseriar og på sitt vis eit like viktig verk som Scott McClouds «Understanding Comics».

Dette er ei bok som ingen bør gå glipp av.

Her er informasjon om boka på Peter Madsens eigne heimesider:
http://www.petermadsen.info/pages/tegnestuen/tegnogfortel.html

Og frå Forlaget Carlsens heimesider:
http://www.carlsen.dk/titler.aspx?c=Item&category=5022&item=29712

Tegn og Fortæl
Peter Madsen og Thierry Capezzone
ISBN 978-87-1139-004-7
172 Sider
250 Kroner
Forlaget Carlsen (Egmont)

divider
  1. Enig i det meste av dette, og vil for egen del fremheve at boken i stor grad dreier seg om formidling og historiefortelling, samt hvilke valg som kan gjøres for å forbedre kommunikasjonen med en serieleser. Selv om leseren ikke bevisst er oppmerksom på dette, bør serieskapere kjenne til disse tingene.

    Anbefales til alle seriefans, ikke minst fordi den ikke bare inneholder teori, men viser en rekke konkrete eksempler på ulike veivalg som er tatt for å forbedre den endelige versjonen av tegneseriene.


    Frank Flæsland    14. October 2012, 14:45    #
  2. Oppdaga forøvrig nyleg at den danske utgåva er i sal på www.cdon.com til 169 kroner + frakt og at den svenske utgåva kjem 15.august.

    Nokon som veit noko om ei eventuell norsk utgåve?


    knut robert knutsen    28. June 2013, 14:11    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)