Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

USMAKELEG JUL - NAM NAM ( 4.12.12 )

Pyton og Wumos julehefter, for dei som synast vanlege julehefter er fløff!

Av: Knut Robert Knutsen

Usmakeleg, avskyeleg, skatologisk, coprofilt, korrumperande og ei hån mot menneskeverdet. Men jøss så morosamt.

Pyton.

Pyton var ei blekke utan respekt for noko, full av pubertal humor. Men sidan det var der eg var når desse hefta først kom på marknaden, så passa det meg midt i blinken. Kanskje det er difor at eg synast det held seg forbanna godt, at nostalgiens GHB lammar dømmekrafta mi?

Frode Øverli gir oss Jugenissen, Arild Midthun gir oss diverse julesatiriske illustrasjoner og Bjørn Ousland gir oss julehefte-juleparodier med Helliteren og Halvlitern. Alt under Dag Kolstads kyndige og rytmiske piskeslag.

Medan Kris Walters nok ein gong gir oss definisjonen av å ta ein grov vits ti gonger for langt.

Dette er ungdomssynder av den typen som kan få Aylar til å halde hovudet høgt og seie, «javel, men eg teikna aldri for Pyton».

Kjøp heftet og gi det til husets tenåring før Ibsen og Kielland får kloa i han.

Jula 2012 er Pyton
Av Dag Kolstad, Frode Øverli, Arild Midthun, Bjørn Ousland, Kris Walter, Alf Woxnerud etc.
36 sider
Kr 49,90
Egmont Serieforlaget

Wumo

Mykje er sagt om Wumo og deira evne til å tråkke folk på tærne. Nakne tær. Med liktorner og podagra. Iført vernesko med isbrodder.

Mellom anna er her i heftet den no berykta stripa med au-pairen i oppvaskmaskina. Uff så rasistisk.

Med uttrykksfull strek og fast grep om timingen er Wumo ein av dei mest teknisk brilliante stripene på den skandinaviske seriemarknaden. Og alt som er heilag i vårt halvveges sekulære samfunn vert rive ned, tråkka på og smurt inn med avføring med den naive entusiasmen til ein innavla hoffnarr frå ei lang rekke av hoffnarrar.

Wumo er ein teikneserie for folk som frekventerar apeburet i dyrehagen med eit skjult håp om at i dag er dagen at Apane kastar avføring på dei.

Og viss du i det heile tatt vert krenka av det eg har skrive ovanfor så veit du at dette ikkje er eit hefte for deg.

Elles: Løp og kjøp. Dette er gode greier.

Det bør kanskje nemnast at Wumo òg er å finne M nr 12, M Julehefte og Larsons julehefte, og at fleire av stripene i dette heftet òg er å finne i dei andre hefta. Slik at ein er klar over dette på førehand.

Wumo Crazy X-Mas 2012
Wulff og Morgenthaler
36 Sider
Kr 59,50
Cappelen Damm

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)