Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

JUL I VILLE VESTEN ( 5.12.12 )

Western-jul? Javel, lat oss prøve det. Aller Forlag presenterer to klassiske westerns som julehefter i år.

Av: Knut Robert Knutsen

Morgan Kane var hans namn …

… eller El Gringo om du vil.

På 1970-talet overbeviste illustratøren Ernst Meister forfattaren Kjell Hallbing om at han var rett mann til å gjere Morgan Kane til teikneseriefigur, noko som ganske mange lesarar og teikneseriefans gav han rett i. Sjølv om teikneserien berre varte nokre få album, så illustrerte Meister etterpå ganske mange av dei mest kjende bokomslaga til bokserien.

Albumserien om Noregs største westernhelt har ikkje vore gjenopptrykt for ofte, og om Aller må snike albuma inn under radaren som julehefte så skal eg ikkje klage på det. Dette er julehefter for far i huset.

Ernst Meister sine historier fangar opp ein god del av spenningen og dramaet i Morgan Kane-bøkene (Her «El Gringos Hevn» om Kanes skjelsetjande tid som lovlaus i Mexico før han kryssa grensa att og vart shanghaia inn i Texas Rangers.)

Om der er ein ting å utsetje på album-serien så er det at Meister gjer historia for tett og sidene for kompakte. Det skjer alt for mykje på kvar side og hans detaljerte og ofte nydelege illustrasjonar får vert både for små og får liten plass til å puste. Der er natur-tablå på ei kvart side som lett kunne ha forsvart ei heilside.

Der den aller første Morgan Kane serien var litt stiv og udynamisk, har streken til Meister, innan han kom til dette albumet, vorte emosjonelt nyansert og komposisjonelt veldig dramatisk.

Som sagt, litt for tettpakka men framleis ein flott serie og eit godt gjensyn med ein gamal meister.

Morgen Kane Julen 2012
Teikna av Ernst O. Meister etter ein roman av Louis Masterson (Kjell Hallbing)
52 sider
kr 59,50
Aller Forlag

Sølvpilen

Kva er det Tormod Løkling pleier å seie? «Det var eg som drap Sølvpilen, og eg angrer ikkje».

For å halde på western-motivet kan ein tenkje seg at medan han seier dette så spyttar han ei klase med skråtobakk tvers over rommet så spyttebakken klinger og spinner, medan han skjenker seg ein bourbon og lar jakka skli open for å avsløre ein velolja Army Colt med eit dusin hakk i Gutaperka-skjeftet.

Teknisk sett var det vel lesarane som gjekk lei av denne trauste belgiske western-serien om kiowaen Sølvpilen, hans kvite venn Falk og deira «Skjegg» … eh, eg meiner gode veninne Månestråle.

Eg var sjølv ein gong ein fan, spesielt av Månestråle, og no som litt tid har gått så kan eg vel med nostalgiske briller sette pris på serien att.

Historiene her er nokre ganske enkle standardplott om ei skattejakt og ein gut som har gått seg vill i skogen. I tillegg er der ein del faktastoff om oppdagarar, pionèrtida, Kristoffer Columbus etc.

Reproduksjonen, fargane og designen er betre enn i ein del av dei andre Sølvpilen-opptrykka dei siste åra. Her er sidene omredigert frå standard ståande side-format til julehefte-format, med det resultat at ein har fått tomme flater der ein har sett inn tekstboksar om oppdagarar, og at ein har fått nokre få ruter som er merkbart strekt eller klemt for å få plass.

Men generelt sett er det eit tiltalande hefte, der teikningane kjem meir til sin rett enn på lenge og dei nye fargane gjer at inntrykket av serien her samsvarar meir med mine minner om den flotte serien eg las som barn enn dei faktiske hefta frå den tida (seriøst, trykk-kvaliteten på enkelte gamle norske teikneserieblad suger rotne egg! Kvifor merka eg aldri det då?)

Illustrasjonsmessig er der ikkje noko gale her, Frank Sels var ein dyktig teiknar, spesielt på landskap og dyreliv, men historiene er litt vel tamme. Dette er mange hakk under Tex Willer og enno lenger frå Morgan Kane.

Til og med hakket under TV-serier som Dr Quinn Medicine Woman , som er kjend for å vere barnevenleg.

Og til slutt : Alt for lite Månestråle. Kjenn dykkar publikum folkens. Månestråle var rå, handlekraftig og spanande. Falk og Sølvpilen var berre så … streite!

Sølvpilen Julen 2012
Av Frank Sels
Kr 49, 50
60 sider
Aller forlag

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)