Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

TRUFASTE SLITARAR - JULA 2012 ( 6.12.12 )

Ein del kjende seriar utan tradisjonsstempel.

Av: Knut Robert Knutsen

Når eg no skulle anmelde alt som var (nesten) av julehefter, så sleit eg litt med å finne «sekkar» å samle fleire hefte i. Det vert litt urettferdig å kalle dette «hefta som vart til overs» for det er masse bra hefter og seriar som mange har eit godt forhold til.

Men la oss for all del begynne:

Kvisetryne

Små, lune gags om å fostre opp ein slapp tenåring. Ein fantasirik og lett fordøyeleg familieserie i flotte søndagssider. Mest interessant for dei visuelle gagsene. Ikkje like skarp som dei første åra.

Zits Julen 2012
AV Scott og Borgman
36 sider
Kr 49,90

Lasagne-ånde

Garfield av Jim Davis var på sitt mest infame og sprelske dei første åra, meir glatt i desse stripene frå 1994 til 2011. Men Jim Davis sitt produksjonsmaskineri av assistenter leverer godt konstruerte gags og velteikna striper.

Pusur Julen 2012
Av Jim Davis
36 sider
Kr 49,90

Latsekk

Billy er på sitt beste på 1950-talet, dagens striper har vel lite plass til å verkeleg gjere anna enn å levere enkle vitsar. Desse Sundags-stripene frå 1975-1976 gir oss den afro-amerikanske Lt. Flapp, i ein litt skjærande stereotyp (men for all del, ikkje rasistisk) versjon, som vart avdempa etterkvart.

Uansett, eit litt friskt og livleg perspektiv her, sjølv om både stripene med Flapp og Frøken Fryd viser tydeleg at Mort Walker var av ein eldre generasjon. Om ikkje anna så prøver han her å gå nye vegar på ei tid der dette ikkje var utan risiko (teikneseriehefte frå same perioden vart utsett for boikottar frå distributørar i delar av sørstatene når dei introduserte afro-amerikanske karakterar).

Så i alt eit godt, interessant Billy hefte.

Billy Julen 2012
Av Mort Walker
36 sider
Kr 49,90

Hedning

Hårek stripene i dette heftet er frå 1979, Dik Browne har funne forma men er framleis full av nye innfall. Sprudlande gags og nydelege teikningar, sjølvsagt må dette anbefalast.

Elles er det vel ikkje for gale å nemne i desse juletider at Dik Brownes sønn og arvtakar på Hårek, Chris Browne, har illustrert ei bok om julenissen. Kanskje vi er så heldige at vi ser den som julehefte neste år?

Hårek Jula 2012
Av Dik Browne
36 sider
Kr 49,90

Katt og Mus

Eg skal ikkje leggje skjul på at eg synast Oscar Martin er ein fabelaktig teiknar og forfattar, med ei sikker hand om gags og karakterar. Han har verkeleg heva Tom og Jerry opp på eit nivå der ein ikkje kan avfeie den som billeg spin-off. Han leverer bra her i Tom og Jerry julealbumet òg, med ei historie om ein kraftig rift mellom Tom og Jerry og eit inngrep frå julenissen. I tillegg ei historie om ein snømannkonkurranse.

Tom og Jerry Julen 2012
Av Oscar Martin
36 sider
Kr 49,90

Resirkuler Øyeblikkelig alle Lusete Piker!

Klassiske snødekte Tommy-striper her. Kanskje litt lite skumle snømenn, men dei kan ikkje berre køyre snømannstripene kvart år heller.

Bar Bikkje av Paul Gilligan køyrer ein Narnia-riff som er litt smågrei.

Høgdepunktet er Alice av Richard Thompson med julestriper om ein smånevrotisk jente. Dette smakar av Tommy og Tigern når serien var fersk, men med eit heilt eige, nevrotisk og sprudlande fantasi-univers.

Det er kanskje ikkje rart at dette er ein serie der Watterson sjølv fann uta at han skulle trå ut frå sitt tause pensjonstilvære for å støtte. Ein verdigare arvtakar skal ein leite lenge etter. Litt synd at Thompson berre fekk levert 5 år med Cul-de-Sac (blindgate) før han måtte pensjonere seg på grunn av Parkinsons. Lat oss nyte serien medan den er her, seier eg no berre.

Absolutt å anbefale.

Tommy og Tigern Julen 2012
Bill Watterson med fleire
36 sider
Kr 49,90

Alle :
Egmont Serieforlaget

divider
  1. Oi, er det Alice og Bar Bikkje i dette! Takk skal du sannelig ha, jeg hadde ikke vurdert dette heftet i det hele tatt, slo meg ikke at det kunne gjemme noe mer enn gammelt T&T-materiale. (I butikkstativet vises ikke underteksten på forsiden.)


    Bodil Revhaug    7. December 2012, 13:26    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)