Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

KATZENJAMMERJUL ( 7.12.12 )

Vi ser på begge versjonane av den klassiske rølpeserien.

Av: Knut Robert Knutsen

Kapteinen

Eg har ikkje lagt skjul på at eg ikkje set pris på den glatte, daude linja Henrik Rehr har brukt til å restaurere sundags-stripene i Kapteinens Jul for reproduksjon. Eg kan forstå at det er naudsynt, mange seriar frå den perioden har blitt restaurert (ved at ein tusjar opp att sidene basert på reproduksjonar) og ingen forlag ville ha gått til dei utgiftene utan at dei meinte dei var nøydd.

Henrik Rehr er òg elles ein framragande teiknar, som ein kan sjå av hans flotte arbeid på Knerten Juleheftet i år.

Men teikningane her er ikkje det store problemet. For meg er gagsene i årets hefte ikkje så forseggjorte som eg føretrekker. Korkje tekst eller teikningar er på det nivået eg forventar. Eg veit ikkje kva år desse stripene opphavleg er frå, sidan den informasjonen ikkje har overlevd restaurasjonsprosessen, men innhaldet her er ganske middels.

Det lider kanskje spesielt ved at eg las det i tandem med Egmonts Knoll og Tott hefte.

Kapteinens Jul
Rudolph Dirks – restaurert av Henrik Rehr.
36 sider
Kr 49,50
Schibsted Forlag

Rampegutane

Knoll og Tott heftet til Harold Knerr, derimot, med striper frå 1936 til 1944, er Katzenjammer på sitt beste. Forseggjorte teikningar, fylt med bakgrunns-detaljar, komplekse gags og ein drivande fart. Ei utsøkt blanding av visuelle og verbale gags.

Nokre år er det litt konkurranse mellom desse to hefta frå to forskjellige forlag om kva som er best, i år er det rein utklassing.

For all del, viss ein er entusiast så kan ein kjøpe begge to, Kapteinens Jul er sånn middels, men det er ikkje dårleg. Men Knoll og Tott i år er eit gourmet-måltid, så viss ein berre kjøper eitt, kjøp det.

Knoll og Tott
Harold Knerr
36 sider
Kr 46,90
Egmont Serieforlaget

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)