GODT, GAMALT OG FULLT AV TEKST (11.12.12 )
Vi ser på Schibsteds tekstjulehefte.
Innhaldet i dei fleste heftene er i hovudsak henta frå Bladkompaniets julehefter 1920-1940.
God Gammeldags Norsk Jul

Heftet innheld mellom anna «det lyser i stille grender» av Jakob Sande, det norske folke-eventyret «kjetta på Dovre», «Helten» av Johan Borgen og Selma Lagerlöfs klassiker «Rødstrupen».
Flotte tekstar og god julelesnad.
36 sider
Kr 49,50
H.C. Andersens Jul 2012

Her er nokre gode faktatekstar om HC Andersen og illustratøren Vilhelm Pedersen, kjend frå dei tidlege utgåvene av hans eventyr. Pedersens flotte teikningar illustrerer òg tekstane i dette heftet.
Historiene her er blant Andersens beste og mest kjende: Fyrtøyet, Den standhaftige tinnsoldaten, De Røde Skoene, Sommerfuglen, Kjærestene og Hjertesorg.
Igjen, utmerka julelesnad og ei god innføring i både Andersen og Pedersen sine liv og deira virke. Vel verd å kjøpe viss ein likar å lese prosa på julafta.
36 sider
Kr 49,50
Nissens Julekryss 2012

Julekryssord med oppgåver på barne-nivå, maler til julekurver, flotte men gamaldagse jule-illustrasjonar. Kanskje ikkje det som ungane helst kjøper til seg sjølv, men ein kan jo kjøpe det til dei.
Eg veit ikkje heilt kor attraktivt dette er for målgruppa, men det synast som grei tidtrøyte så lenge Xbox-en ikkje lokkar meir.
36 sider
Kr 49,50
Nissens Jul 2012

Det er litt mindre stas ved dette tekstheftet, ingen store kjende litterære skikkelser eller liknande. Men her er 8 sider teikneseriar med Katten Nils (av Johanna Kristiansson og Joakim Gunnarson), eit par sider teikneseriar av Bjarne Kristoffersen (òg kjend for å ha gjort Vangsgutane ein periode) og Ernst Vevle (også kjend som Ernst Vevle Olsen Meister, kjend for Morgan Kane serien).
Litt meir blanda drops altså. Halvt teikneseriar, halvt tekststykker. Grei tidtrøyte, men ikkje av typen som hoppar opp i handlekorga av seg sjølv.
44 sider
Kr 49,50
Jens Von Bustenskjold Julen 2012

Eit Bustenskjold-hefte med litt futt i denne gongen, der adelsmannen sjølv vert sett litt i skuggen.
Den klassiske teikneserien startar med ei historie om den slu Plassbakk-kallen ute på fantetokt, der han stel både det eine og det andre, leikar gigolo og nyter livet.
Deretter novella «Plassbakk-kallen som Cagliostros Disippel» med den gamle bukken på friarføter att.
For så å avrunde med «hurragutta». Her er det himkok, tjuvslakt av gris, speling av musikk, dans og ablegøyer.
Kynisk og grov landsens humor, som alltid er dette teikneserieformatet ikkje av dei mest attraktive, men historiene er solide skjemte-historier.
Av Sigurd Lybeck og Anders Bjørgaard
36 sider
Kr 49,50
Alle saman frå Schibsted Forlag

TOBBEN FÅR EN AVLEGGER <- Eldre | Nyere -> BARNAS JULEHEFTER FRÅ SCHIBSTED




