Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

BARNAS JULEHEFTER FRÅ SCHIBSTED (11.12.12 )

Kva småkos er det for born i Schibsted sin julestrømpe?

Av: Knut Robert Knutsen

Ein del ymse av teikneseriehefte for born frå Schibsted, la oss starte med eit hefte for dei aller yngste.

Dora Utforskeren

Heftet til den kjende Barne-TV figuren synast å vere for ei aldersgruppe frå dei som treng ein vaksen til å lese for seg til dei som nett held på å lære å lese og skrive.

Spesielt historiane i byrjinga synast som om underhaldningsverdia ligg i at borna får ein vaksen til å lese historia for seg og lage skumle krokodille-lydar. Det er eit vakkert utforma hefte, og eg vil tru at for målgruppa er det eit tiltalande produkt. Historie, oppgåver og fargeleggings-sider er med.

Kr 49,50

Eventyrprinsesser

Hm. Lurer på om målgruppa til dette heftet er jenter. Det er eit mysterium.

Her er to historier med havfruene Saga og Synge, ein der dei er på Nordpolen og ein der dei kjem i klammeri med ein hai. Greit og enkelt fortalt og pent teikna. I tillegg ei historie kalt «ulvevakt» om Mia som nettopp har flytta på landet og hamnar i ein farleg situasjon. Og så er der ein Ulv.

Ganske vellaga, enkle historier for eit yngre publikum. Det ein oftast kallar «jenteserier» (ikkje at det er noko gale med det, eg synast dei var greie eg, om ikkje akkurat det eg brukar å lese sjølv.)

I tillegg er der ein del enkle oppgåver og eit stykke om korleis å pynte (den rosa) vinterjakka si med (kunstig) pels.

Eg synast likevel at eg reint formelt må påpeike at historia «Ulvevakta» lider av eit produksjonsproblem der det kan synast som om dei har nytta biletfiler med for låg oppløysing eller noko slikt. Der er iallefall synleg rastering i bileta, spesielt i snakkeboblene. Fy skam.

Kr 47,50

Pelle Politibil

Eg må innrømme at eg aldri har hatt noko forhold til Barne-TV figuren Pelle Politibil (anna enn at det er ein bleik kopi av Herbie. Herbie Ruler!). Og etter å ha lese teikneserien forblir eg uinteressert.

Det er ein historie om ein politimeister som forsvinner og ein om Pelle som har lyst til å ake så han får på seg sommardekk midt på vinteren. Og så ein om politimannen «onkel Rikard» på isfiske. Platte historier synast eg, og teikningane var ikkje særleg appellerande. Den visuelle historieforteljinga var ikkje til å rope hurra av heller.

Eg er heilt med på at ein kan senke krava til kor kompliserte og litterære historiar for ungar skal vere, men denne ville eg ikkje anbefale til nokon.

Kr 46,50

Alle :
36 Sider
Schibsted forlag

Forfattarane og teiknarane av seriane er ikkje oppgitt i nokre av heftene.

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)