Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

KUNST MED MERZMAK (20.02.13 )

Lars Fiske begår ein Merz-serie.

Av: Knut Robert Knutsen

Lars Fiske har over fleire år og fleire nummer av antologien Kanon ,som han delar med Steffen Kverneland, presentert oss for delar av denne teikneserieboka: ”Herr Merz”. Dette er ein teikneseriebiografi om den tyske kunstnaren Kurt Schwitters og hans kunstform ”Merz”, med eit lengre blikk på hans opphald i Noreg før og etter at han vart nøydd til å forlate sitt Nazistyrte heimland på slutten av 30-talet.

Der kvart kapittel har vore strålande i serialisert form, vert det genialt her som alt er samla mellom to permar.

Lars Fiske har ein utprega geometrisk stil, som kombinert med ein open og generøs entusiasme er den perfekte stilen for å skildre Schwitters liv. På kvar side prøver Fiske å nytte Merz som designelement og tematikk samstundes som han skildrar Schwitters liv.

Fiske skildrar Schwitters som ein mann som fløymer over av entusiasme for kunsten, og i hans strek er Schwitters alltid energisk med ein til tider naiv og barnslege keitete framtoning (hjulpe godt fram av den geometriske stilen).

Det er denne intense energien, dette kjærlege portrettet av ein idealistisk og impulsiv kunstnar som bærer oss igjennom biografien. Temaet her har så lett for å bli tørt, eller omfamna kun av dei mest kunst- eller historieinteresserte. Første verdskrigen, Dadaisme og modernisme, Nazismens framvekst. Tungt stoff. Hans fascinasjon for maskiner og ting han finn og plukkar inn i kunsten. Hans slit med å verte akseptert av Dadaistar. Hans motvilje mot politikk, hans absolutte overtyding om sitt kunstnariske prosjekt, alt dette kan så lett verte anten deprimerande eller gjere forteljinga tungrodd eller forteikna.

Men Fiske gir oss ei historie, og ikkje minst ei teikneseriehistorie, som gjer Schwitters meir fokusert og engasjerande enn ein romanfigur. Og det visuelle gir oss ei forståing av Merz samstundes som det underhalder og fortel. Han gir oss eit komisk portrett av Schwitters utan å gjere narr eller forenkle. Han gir oss informasjon utan å verte tørr. Og han gir oss ein teikneserie som underhalder oss med tettpakka kunnskap om ein fascinerande mann og kunsten som var så viktig for han. Den høyrer like mykje heime i bokhylla ved sidan av Tintin som den gjer ved sidan av tunge doktorale avhandlingar om kunstnarar.

Dette er ein kunstnar-biografi for folk som ikkje likar kunstnar-biografiar. Men det er òg ein kunstnar-biografi for folk som elskar kunstnar-biografiar. Det ser ein ikkje ofte.

Herr Merz
Lars Fiske
ISBN 978-82-8255-016-1
120 sider
214 kroner (oppdatering: Veil. pris er 280 kr.)
No Comprendo Press

divider
  1. Eg ser at prisen kanskje kan vere villeiande. Eg pleier å skrive opp prisen eg sjølv betalte (denne gongen på CDON ) eg skulle ha sjekka den vegleiande prisen som er 280 kroner. Beklager.


    Knut Robert Knutsen    21. February 2013, 12:03    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)