Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

IMPORTVARE 03 – TANK GIRL: CARIOCA (22.02.13 )

Ultravold? Anarki? Ja, takk, begge delar.

Av: Knut Robert Knutsen

Under grupperinga «importvare» ser eg på diverse titlar som ikkje enno er gitt ut på norsk, det einaste kriteriet er at det er ting som eg ville lese sjølv.

Tank Girl var i si tid ein kjend opprørsk, pønkeaktig teikneserie av Alan Martin (forfattar) og Jamie Hewlett (på teikninga). No er ho attende i Mike McMahons strek, i ei historie opphavleg serialisert i 6 delar.

Plottet er enkelt: Tank Girl og hennar elskar, Kenguruen Booga, er med på eit Quiz Show, vert snytt for premien, plottar hemn og finn så ut at dei skal ta ein spirituell Walkabout i ørkenen medan dei vert jakta på av bisarre leigemordarar.

Lett iblanda enkel, plakatprega radikalisme og anti-korporatisme, samfunnskritikk i slegge-format og overdrivent sentimentale og melodramatiske augeblikk, punktert av rå ultravold.

Alan Martin køyrer ein dialog og forteljarstil som tek «pønkens» opprør over i det parodiske og tilbake att, det er herleg rått, enkelt og strippa for litterær djupn og utan spor av tvetydigheit, balanse eller objektivitet.

Der Jamie Hewlett hadde ein uttrykksfull, nyansert stil overlessa med visuelle referansar, har Mike McMahon ein kraftig, til tider grotesk karikert og bombastisk stil. McMahon har hatt mange forskjellige stilar sidan han først jobba med Judge Dredd, den oppbrutte stilen i Slaine, den presise geometriske stilen i Last American og no ein stil som synast malt, i intense litt skitne fargar som for meg mest ser ut som akryl. Grå drakter, indigo himmel og oransje og bruntoner i huda.

Valden er nydeleg, effektfull og grotesk, og Tank Girl utøver den med både glede og entusiasme, det ser ein lett av teikningane.

Og figurane? Karikerte og nydelege på same tid. Eg lar meg sikkert prege av at eg er gamal fan og stor beundrar av McMahon sin spesieller teiknestil, men dette var pent for meg.

Når det er sagt: Dette er ein serie som mest av alt liknar på ultravoldelege B-filmar som i min ungdom rutinemessig fekk terningkast 1 viss dei vart anmeldt i det heile. Alt som mangla var Wings Hauser eller Rutger Hauer. Ja, den er morosam, ja det er spanande action, og visst er det flott teikna. Men det er òg omtrent like djupt som ein sølepytt og omtrent like smakfullt som dårleg heimebrent utblanda i Schweppes.

Eg likar den, men det er det ikkje alle som kjem til å gjere.

Tank Girl : Carioca
Forfatter: Alan Martin Teiknar: Mike McMahon
ISBN 9780857687432
136 sider
14.99 Pund
Titan books
UK/ Engelsk

(Innkjøpt via www.Amazon.co.uk)

divider
  1. Har lenge snust på denne serien, men aldri lest den. Er denne boka en grei start, eller vil du anbefale andre utgivelser med Tank Girl?


    Lien    22. February 2013, 13:05    #
  2. Personleg vil eg anbefale å starte med tidleg Tank Girl med Martin og Hewlett. Det er ein rå, oppfinnsam entusiasme der som er vanskeleg å etterlikne. Dei laga nokon kronologiske opptrykk av heile serien for nokre år sidan, så eg ville starta med Book 1:

    http://www.bookdepository.co.uk/Tank-Girl-Bk-1-Alan-Martin/9781845767570

    Dessutan så funkar dei seinare greiene mykje betre viss ein har starta på byrjinga.


    Knut Robert Knutsen    22. February 2013, 13:14    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)