Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

OCX-GJEST JEFF LEMIRE ( 1.03.13 )

Vi ser litt på hans seriar og karriere.

Av: Knut Robert Knutsen

Jeff Lemire er den første gjesten annonsert så langt til årets Oslo Comics Expo (OCX) som finn stad 8-9. juni ved Serieteket på , plass i Oslo.

Lemire er ein prisvinnande kanadisk serieskapar, både forfattar og teiknar, som vart kjend for sin Essex County trilogi frå det små, men kvalitetsbevisste forlaget Top Shelf. Han vert rekna som eit av dei mest lysande kanadiske talenta og er spesielt rekna for å vere flink på seriar retta mot ungdom. Blant Prisane hans er den kanadiske Shuster-award, The Doug Wright Award, 5 Eisner-nominasjonar, 5 Harvey-nominasjonar og the Alex Award frå den Amerikanske Bibliotekforeininga for vaksenbøker med tenårings-appell.

Sidan Essex County så har han skrive og teikna ein vel motteken lengre serie for DC/Vertigo, «Sweet Tooth» som no er avslutta med nummer 40, og han har vorte ein sentral og velbrukt forfattar på diverse av DC Comics sine «New 52» superhelt-titlar, nærare bestemt dei skrekk- og mysterie-relaterte titlane med karakterar som er ført attende frå Vertigo, slik som Animal Man og Justice League Dark. Og Frankenstein, Agent of SHADE, sjølvsagt.

Han har dei siste åra balansert mellom meir personleg arbeid og høgoktan Superhelt-arbeid og kom i fjor haust ut med ein ny teikneserieroman, «Underwater Welder» frå Top Shelf.

I samband med at han kjem som gjest til OCX vil vi her på Serienett ta eit kjapt blikk på nokon av hans nyaste seriar.

Underwater Welder (undervass-sveisar)

Etter å ha fullført sine universitets-studiar i engelsk, vender Jack Joseph attende til den vetle heimbyen Tiggs Bay i Nova Scotia for å verte undervass-sveisar på ein oljerigg rett utfor kysten. Jack er plaga av tanken på faren som døydde i ei dykkarulykke der i bukta på Halloween 22 år før, og klarar ikkje å sleppe taket i dei vonde minna, noko som går ut over forholdet til både mora og hans gravide kone som snart skal føde og meiner at han ikkje er heilt til stade. Til noko skjer med han på Halloween.

Lemire leverer her ei intens og enkel historie om forholdet mellom far og son og korleis tyngda av sorg kan trekkje ein ned. Lemire både skriver og teiknar denne boka og hans teikningar er presise i sin komposisjon, lause og ettertenksame i si dramatiske oppbygging og utført med ein kjapp, laus finish som gir inntrykk av ei skissebok, ein fortruleg intimitet.

Historia er til tider forutseieleg og veldig sentimental, men det er balansert med bitre augeblikk der han gjer seg fortent til det sentimentale og sjølv om ein fort ser kor historia vil hen, så gir den kjenslemessige intensiteten i historia oss løyve til å berre akseptere det.

Absolutt å anbefale.

Sweet Tooth (Søtmons)

Gus er ein liten gut med Hjortehorn (ein hybrid som dei kallar det i serien), som legg ut på reise saman med ein eldre jeger. I starten er dette ei historie om ein naiv gut som vandrar ut i ei grusom, post-apokalyptisk verd han ikkje har føresetnader for å forstå.

Amerikanske teikneseriar har fått mykje bruk for basis-strukturen til Voltaire’s Candide sidan Kurtzman først køyrde si Goodman Beaver-satire, med den uskuldiges ferd gjennom ei korrupt verd, og dei mogelege inspirasjonskjeldene her er mange.

Sweet Tooths Macguffin er på planetnivå, ei løysing på gåta som utløyste ein pest som sakte utryddar eldre menneske medan dei nye generasjonane vert halvt menneske og halvt dyr. Men historiene er små, personlege og med eit snevert persongalleri.

Dette er ein enkel miljøvern-fabel utan dei heilt store overraskingane, men med interessante karakter-samspel, utført i ein vakker og lyrisk strek av Jeff Lemire sjølv.

Frankenstein – Agent of Shade

Kva om Frankensteins Monster er ein superhelt som jobbar for ein topphemmeleg organisasjon med tvilsame motiv som har som oppgåve å kjempe mot monster? Og kva om han kjempar saman med ein varulv, ein mumie, ei vampyrflaggermus og eit sjømonster?

Det høyrast ut som eit premiss for ein campy Roger Corman B-film, og viss ein lempar inn ein Tarantino-imitator på manus, eit kjempebudsjett og Michael Bay så får ein kanskje eit inntrykk av kor det er på veg: Dialog overlessa med eksposisjon. Karakterar så tynne som rispapir, produksjons-design basert på kulheit, introduksjon av kompliserte sci-fi konsept som rein, uproblematisert plot-mat, high-concept skurkar (Monster-planet!) og historier fokusert på action set-pieces utan nemneverdig grunngjeving eller overgang. Samt «personlege» motivasjonar så enkle og banale at ein ville ha sukka oppgitt og rulla med auga viss ein hadde hatt tid.

Men så får ein aldri tid.

Lemire skriv dei første 9 nummerne av denne serien, og der finnast ikkje pusterom i den. På teikningar har han med seg den eminente Alberto Ponticelli, som har ein brutal og detaljert strek som gjer monstera avskyelege og gir tyngde til action-scenene. I alle høve i dei 6 første nummera, der han tusjar sjølv. Så mykje av Ponticellis råskap og nerve ligger i tusjinga at når andre tek over den delen av arbeidet så er det som om intensiteten vert skrudd ned frå 11 til 5.

Dette er ein spektakulær superhelt-serie som går 2000AD på sitt råaste i næringa. Men ser du etter noko djupare enn B-film action så er dette ikkje noko for deg.

Animal Man

Sidan Alan Moore først introduserte (sakte og utstudert) tanken om «plant-elementals», ein slags personifisert naturkraft, har konseptet vorte utvida til dyreverda og utforska ganske grundig i 30 år. Gjerne i filosofiske historier om kva det vil seie å vere menneske.

I denne versjonen, ein «reboot» i «New52»-universet, så hoppar ein glatt over dei åra med utforsking av dei enklare sidene ved konseptet, dei interessante punkta presentert av Grant Morrison, Alan Moore, Rick Veitch etc. Her går Lemire direkte for ein kjempekamp mellom rå urkrefter.

Der er eit ordtak attribuert til Isaac Newton: «viss vi ser ut som at vi er høge, så er det fordi vi står på skuldrene til kjemper». Det vil seie at av og til så er delar av det som vert sett på som genialt i eins eige arbeid berre gjort mogeleg av det geniale forarbeidet til andre.

Der er ein viss interessant undertekst i kampen mellom dei tre urkreftene «kjøtt», «planter» og «forråtnelse», men det er ein undertekst som har blitt bygd opp i hundrevis av Vertigo-blader dei siste 30 åra av ganske mange talentfulle forfattarar. Det Lemire gjer her er at han nyttar det som utgangspunkt for ein lang (18 nummer så langt) superhelt-prega sluttkamp der desse sentrale konsepta vert eit utgangspunkt for anime-inspirerte transformasjonar og groteske set-pieces som så kulminerer i ein crossover med diverse superheltar og andre DC karakterar han har jobba med (Frankenstein og Justice League Dark).

Spanande saker.

På Animal Man samarbeider han først med Travel Foreman og seinare med veteranen Steve Pugh, som båe leverer vakre og dynamiske teikningar, spesielt av dei «tenkte» landskapa og dei sære vesena som dukkar opp. I tillegg så er der små gjestespel, slik som ein flott episode av John Paul Leon der vi får sjå glimt frå ein film Buddy Baker (Animal Man) har vore med i.

Lemire har ei styrke i at han klarar å balansere historiene med til tider kjapp og effektiv karakterisasjon som let oss bry oss om personane (sjølv om vi eigentleg ikkje veit så mykje om dei), og han overlessar oss med informasjon som får oss til å gløyme at hans bruk av desse konsepta er overflatisk og eigentleg ikkje tilfører så mykje nytt. Mest av alt så er han brilliant på å skrive interessante action-situasjonar.

Eit variert og spanande utval, altså, og eit interessant talent som det er vel verdt å få med seg. Uansett om ein føretrekker superheltar eller meir personlege og reflekterande historier.

Underwater Welder
Av Jeff Lemire
ISBN : 978-1-60309-074-2
224 sider
19.95 US Dollar
Top Shelf Productions

Sweet Tooth 1-40
Av Jeff Lemire
2.99 US Dollars
DC Comics / Vertigo

Samla utgåver (fram til nr 32)
Out of the Woods ISBN 1-4012-2696-5
In Captivity ISBN 1-4012-2854-2
Animal Armies ISBN 1-4012-3170-5
Endangered Species ISBN 1-4012-3361-9
Unnatural Habitats ISBN 1-4012-3723-1)
14.99 US Dollars

Frankenstein Agent of SHADE 1-9
Av Jeff Lemire og Alberto Ponticelli
2.99 US Dollars
DC Comics

Samla utgåve
War Monsters ISBN 13: 9781401234713
14.99 US Dollars

Animal Man 1-17
Av Jeff Lemire, Travel Foreman og Diverse
2.99 US Dollars
DC Comics

Samla utgåver
Hunt : ISBN 13: 9781401235079
Animal vs Man: ISBN 13: 9781401238001
14.99 US Dollars

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)