Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

HERLEG DAGBOK FRÅ HEILAG LAND ( 2.03.13 )

Eit medmenneskeleg blikk på ein sår konflikt.

Av: Knut Robert Knutsen

Fransk-Kanadiske Guy Delisle har gjord seg kjend med fleire interessante dagbøker frå mellom anna Burma og Korea. Denne gongen har turen komen til Jerusalem.

Kona til Delisle har fått jobb på Jerusalemkontoret til Lækjarar Utan Grenser (den franske varianten) i eitt år og tek med seg ungane og mannen på slep. Guy, som lett underaktivisert husfar, går på oppdagingsreiser både i det palestinske området dei bur i og interessante stader i og rundt Jerusalem.

Han møter religiøse mennesker frå mange retningar og folk med veldig forskjellige syn på problema i Israel og Palestina. Slik han framstillar det så møtar han dei med eit naivt og opent blikk, og dei merkelege hendingane han møter er dess meir effektive fordi han stiger attende og let dei «vise seg sjølv». Anten det er kulturelle skilnader, krigens absurditetar eller dei evige køane ved sjekkpunkta inn og ut av dei palestinske områda.

No må det seiast at hans frustrasjonar med enkelte synspunkt og situasjonar etterkvart kjem til overflata og i og med at ein teikneserie er eit veldig «redigert» produkt så er det sjølvsagt mogeleg at hendingane er filtrert sterkt gjennom det perspektivet han får av at dei bur i det palestinske området og opplever landet frå den ståstaden. Men eg tvilar på det. Han gir tvert imot eit inntrykk av å vere open og balansert, av å vise alle sider og vere rettvis mot situasjonen slik den er.

Hans eigne opplevingar og utfordringar med det å bu i eit palestinsk område, dei restriksjonane ein lever under der og dei mange små kvardagslege aktivitetane hans utgjer kjerna i denne småslentrande dagboka. Vandreturar med småbarna til og frå barnhage, seriefestivalar og serieworkshops og turar til kulturelle minnesmerke.

Visuelt sett er hans skildringar av forskjellige delar av Jerusalem, Israel, Gaza og Vestbredden både minimalistiske og presise. Komplekse arkitektoniske strukturar og bybilete forenkla med ein sikker og klar strek og historier fortald på ein uaffektert og roleg måte som let ein synke inn i fortellinga og reflektere over den medan ein les. Stilen kan synast veldig enkel, men dette er eit meisterverk.

Boka er nydeleg, lettlesen og tilgjengeleg og gir eit vakkert og oversiktleg bilete av både dei pene og stygge sidene ved området. Ikkje berre konfliktane men korleis folk klarar å leve saman trass i dei.

Mest av alt er dette ei pen og innsiktsfull skildring av folka han møter i dette Heilage landet.

Opptegnelser fra Jerusalem
Av Guy Delisle
ISBN : 978-82-0321801-9
336 sider
299 kroner
Aschehoug

divider
  1. Jeg opplever Guy Delisle som en våken og nøktern observatør som evner å formidle sine opplevelser og inntrykk på en ryddig, lettfattelig og passe humoristisk måte. Gleder meg veldig til denne boka.


    Bodil Revhaug    3. March 2013, 14:19    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)