EKSTREMT METALL, DEL 3 (28.04.13 )
Iron Man 3 på Kino.

Etter å køyrd Tony Stark gjennom smeltedigelen i Iron Man 1 og 2, og ikkje minst den knallharde trøkken han fekk i Avengers, så har spørsmålet meldt seg: Kunne dei toppe det i 3dje Iron Man filmen?
Jepp.
I registolen og som medansvarleg på manus (saman med Drew Pearce) har vi Shane Black. PÅ 90-talet var den mannen, i si rolle som manusforfattar, ein av dei største action-gudane. ”Dødeleg Våpen”, ”Den Siste Speider” og ”Den Siste Actonhelten”? Knallfilmar på alle nivå. Og med sin regidebut for ein del år sidan no, ”Kiss, Kiss, Bang Bang” så viste han at han kunne få strålande arbeid ut av Robert Downey jr òg.
Så der har vore store forventningar til han, forventningar som han innfrir.
Premisset synast enkelt. Iron Man (Robert Downey jr) slit framleis med å kome seg etter hendingane i Avengers, der han nesten døydde. Ein merkeleg teatralsk terrorist /superskurk som kallar seg ”The Mandarin” (Ben Kingsley) dukkar opp med uforklarlege bombeangrep på amerikanske militære mål. Presidenten si løysing er å omdøype James Rhodes (Don Cheadle) si War Machine (det amerikanske militæret sin Iron Man) til Iron Patriot og sende han på terroristjakt.
Samstundes dukkar Aldrich Killian (Guy Pearce) opp, med spanande ny teknologi som han vil dele med sjefen for Stark Industries, Pepper Potts (Gwyneth Paltrow). Teknologi som vil skape sterke utfordringar for Iron Man.
Når så Iron Man vert skikkeleg forbanna og utfordrar The Mandarin, bryter helvete laus. Alt etter det er vel som spoilers å rekne.
Etter ein del veldig gode innleiande karakter-scener slår filmen over i noko som kjennast som non-stop action. Men likevel er filmen fylt av kjapt og elegant fortalde karakterscener som flettar seg saman til ei overraskande intrikat og uforutseieleg historie. Story-logikken er klar og naturleg, med ein eskalerande og spektakulær action-nerve. Samstundes er der nok nyansar og variasjon i action-scenene til at ein ikkje vert ”nummen” slik som ofte kan skje viss der er for mykje CGI-action i eitt strekk.
Filmen maktar både å gå enno meir i djupna på Tony Stark som karakter og å legge terskelen for superhelt-action høgare enn nokon sinne. Den avsluttande actionsekvensen spesielt er ein superheltballett av dimensjonar som berre slår ein i bakken, spesielt i 3D: Den kroppslegheita, meneskelegheita og kjensla av å strekke seg til det ytste (med og utan rustning) som Robert Downey jr legger inn i denne sekvensen fekk det til å grøsse nedetter ryggen på meg.
Dei sterke skodespelar-prestasjonane til ikkje berre Downey, men heile ensemblet gjer dette til ein film som ein kan kome attende til igjen og igjen. Ein må nesten sjå filmane fleire gonger berre for å få med seg nyansane i rollene til Guy Pearce og Ben Kingsley.
Iron Man 3 er ei særs tilfredsstillande filmoppleving på alle nivå. Knallhard action, men ikkje av den typen som køyrer på tomme kaloriar. Samstundes knyter den Iron Man-filmane og Avengers saman til ein dramatisk velfungerande kvadrilogi. Om der ikkje kjem fleire Iron Man filmer, så er dei godt avrunda her.
I tillegg må eg anbefale den sedvanlege attpåklatten etter rulleteksten. I mi meining så er dette den beste av desse i Marvel Studios filmane så langt.
Iron Man 3 i 3D
Medverkande: Robert Downey jr, Gwyneth Paltrow, Guy Pearce, Sir Ben Kingsley og Don Cheadle
Produsert: Marvel Studios (i samarbeid med Paramount Pictures) , USA 2013
Manus : Drew Pearce og Shane Black
Regi: Shane Black
Lengde: 2t10 minutt
Aldersgrense 11 år.

DOKTOREN ER TILBAKE <- Eldre | Nyere -> DJUPDYKK I HISTORIEN





Jeg sakser fra anmeldelsen til Arild i Aftenbladet:
”Gwyneth starter filmen i stressa bitch-white kjole med bh under, og den er antakelig ikke fra Hennes & Mauritz. Uten å røpe noe kan jeg antyde at hun forvandles til virkelig Hot Chili Pepper, og hvis noen scener skulle føre til at du reiste deg slik idol-dommere gjør, så skjer det i hvert fall da Paltrow tar den helt ut.
Før det: Mennesker med lite attraktiv ansiktsrødme viser seg å være underlige bombogrammer. Og ikke bare det. De bemanner kampmygg i morgensola og bomber Starks hus og holdning. Jernmannen sjøl gjennomgår en slags Batman-parodi som livsfase, for han får angstanfall og lider av hold-rundt-meg-panikk. Og så havner han altså på landet der han blir kamerat med en kul guttunge som minner meg litt om han i «The last action hero». Det skulle blitt ille, men det er OK.
Siden Shane Black har laga filmen skjer alt ved juletider, og han kan virkelig lage en hard pakke med mjuk slutt.
Jeg så filmen i den nye sal 10 der lyden er så alt-omfattende at det blir som å sitte midt i magen til en salmonella-pasient. Men stol på meg. Det vil dere. Det vil dere helt sikkert.”
Han likte filmen og ga den en femmer!
— Bjoulv 28. April 2013, 16:33 #
Har ikkje noko felles med “Arild” enn namnet, men denne “anmeldelsen” er det skjære ravende sprøyt. Er det slik “journalistar” lærer å skrive no?
— Arild 28. April 2013, 17:42 #
Jeg er blandt de som foretrekker 2D, og heldigvis vises denne filmen også i 2D. Har akkurat fått sett filmen, og er enig med KRK i at den er veldig bra. Skulle det være noe å klage på så er det den veldig lange rulleteksten før vi får noen sekunder ekstar film helt på tampen. Alle andre enn jeg og mitt følge forsvant ut av kinoen før denne attpåklatten etter rulleteksten. Noen prøvde å vente, men rulleteksten ble for lang.
— Øyvind B 1. May 2013, 22:40 #
Kom på en ting til: I Donald Duck nr 17 er det en reklame for filmen og der står det: “Møt Iron Man i bøker, magasin, som leketøy og på kino fra 26. april”. Mener de at vi også vil få noen ordentlige tegneserier med Jernmannen? Jeg krysser fingrene.
— Øyvind B 1. May 2013, 22:48 #
Det hadde jo vore apropos om dei hadde utgitt “Extremis” storylinen på norsk. Men kynikaren i meg mistenker at det er snakk om eit gjestespel av Iron Man i “Spider-man Kids” bladet.
— Knut Robert Knutsen 2. May 2013, 06:19 #