Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

RAPTUSGJESTER: EMILY CARROLL OG KATE CRAIG (30.04.13 )

Eit radarpar frå Canada.

Av: Knut Robert Knutsen

Emily Carroll er utdanna animatør og har jobba med TV-animasjon i Vancouver. Ho har jobba med kortare teikneserier og og har vore utgitt i fleire antologier og lagt ut mange nettserier dei siste åra. Ho har ein fargerik, uttrykksfull og jordnær stil, som passar like godt med både fantasy og horror.

Kona hennar, Kate Craig, har bakgrunn som illustratør i spel-industrien og har nyleg avslutta sin første lengre nettserie, den stemningsfulle «Heart of Ice».

Eg skal her gå igjennom ein del av seriane deira som er tilgjengelege på nett, for interesserte norske lesarar:

Kate Craig:
http://katecraig.blogspot.no/

Lat oss starte med «Heart of Ice», sidan dei ikkje er så mykje tilgjengeleg av Craigs arbeid på nett:

http://www.katecraig.ca/heartofice.html

Historia er ei kort, men sakte og sitrande forteljing om ein mann som overlever eit flykrasj i eit aude, forfrose landskap i nordlege Quebec for deretter å verte konfrontert med sin eigen hunger og eit merkeleg vesen som trer ut av skogen. Historia er stø på detaljar og teikna i kalde nyansar av blått og kvitt. Og sjølv om historia på overflata synast enkelt, så har den ein djup klangbotn.

I tillegg til nettserier så har Kate Craig mellom anna, saman med Emily, vore med på antologien «Little Heart», ein seriantologi til støtte for kampen om like rettar til giftermål for personar av same kjønn.

http://www.amazon.com/Little-Anthology-Marriage-Equality-Volume/dp/1937541029

Emily Carroll
:http://www.emcarroll.com/”:http://www.emcarroll.com/

Der er ein god del teikneserier på Emily Carroll sine sider, eg skal ta ein kikk på nokon av dei eg likte best, men kikk gjerne rundt på dei andre òg, det er ikkje bortkasta tid.

http://emcarroll.com/comics/faceallred/01.html
«His Face All Red», ei historie om ein mann som lever I skuggen av sin større, sterkare, modigare og meir vellukka bror, som nyttar høvet under jakta på eit udyr til å drepe han og som så til si skrekk ser at han vender attende. Ei uhyggeleg lita historie med eit eksperimentelt sideformat som bygger opp om spenninga.

http://emcarroll.com/comics/anu/page01.html

«Anu-Anulan and Yir’s Daughter». Gudinna Anu-Anulan forelskar seg i det sølvglinsande håret til Yirs dotter og tyr til alskens knep for å stele det til seg. Men møter på ei uant utfordring. Ei original og spenstig opphavsmyte dette, som berre må opplevast.

http://emcarroll.com/comics/prince/12.html
“The Prince and the Sea”. Ein prins og ei havfrue forelskar seg, og utfordringa vert korleis dei skal kunne leve saman, sidan dei høyrer til forskjellige element. Her eksperimenterer Caroll att med dei fordkjellige mogelegheitene for leseformat på sider som er unike for nettserier. Ei vakker, om enn merkeleg kjærleikshistorie.

I tillegg så har Emily Carroll ein liten illustrasjonsblogg gåande saman med Vera Brosgol (kjend for den Sproing-nominerte (1) serien «Anyas Spøkelse» i Nemi) – “Draw this dress”, der dei i nydeleg teikneseriestil illustrerer mange klassiske kjolar:

http://drawthisdress.tumblr.com/

Før Raptus er det OCX, der ein kan møte på teiknaren Brandon Graham. På bloggen hans kan ein sjå kva resultata var då han og Emily Carroll lagde kvar sine riff på ein 5-siders «Betty and Veronica» historie opphaveleg teikna av meistaren Dan DeCarlo. Alle tre versjonane er absolutt nydelege:

http://royalboiler.wordpress.com/2013/04/17/i-know-now-why-you-cry/

Ei lita oppsummering, altså, av kva desse to gjestane driver med. Håpar det er av interesse.

(1) Det opplysast av presseetiske grunnar om at anmeldaren sjølv sat i juryen som nominerte Brosgol.

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)