RAPTUSGJEST: SARAH OLEKSYK ( 2.05.13 )
Bildungsroman

I presentasjonen av Raptusgjestar er turen komen til Sarah Oleksyk.
Ho er basert i Portland, Oregon, ho jobbar som storyboarder på «Regular Show» på Cartoon Network og driver med diverse mini-comics utanom. Oleksyk kom i fjor ut med sin første teikneserieroman: «Ivy».
Diverse eksempel på hennar arbeid kan ein finne på nettsida hennar her:
Nettside: http://www.saraholeksyk.com
Teikneserieromanen «Ivy» handlar om ei tenåringsjente av same namn, bosatt i ein liten kystby i Maine. Ivy er interessert i å teikne, og er usikker på kva ho skal gjere med livet når ho er ferdig på High School. Ho slit med forholdet til mora, presset hennar om at ho må gi avkall på teikninga for å satse på noko sikkert. Venane til Ivy vert pusha vekk, ho finn nye vener, forelskar seg, og bekymringane tårnar seg opp til dei synast uoverkommelege og ho må trekke seg attende til sin «trygge stad».
Eit vanleg tenåringsliv, alltid med maksimum drama. Historia er velfortald, med truverdige situasjonar og reaksjonar og ein hovudperson som maktar å ha både sympatiske og usympatiske trekk som saman utgjer ein heil, om enn noko forvirra, person. Som verkar kjent. Bør verke kjent for dei av oss som allereie har levd igjennom tenåra.
Teikningane er naturlege og ekte skildringar av miljø, av tenåringar og alle dei andre som Ivy møter. Det er ingen idealisering eller karikering her, historia skapar eit inntrykk av eit nådelaust ærleg og innsiktsfullt tilbakeblikk på levd liv. Dette er ingen sjølvbiografi, men den har den nerven og det truverdet som ofte er styrken til dei beste sjølv-biografiske seriane.
Denne serien har mottatt nominasjonar til Eisner og andre prisar og er ein fabelaktig, engasjerande og velteikna serieroman for ungdom.
For dei som er interessert – utgivaren Oni Press har lagt ut ein 42-siders forsmak på teikneserien her:
http://www.onipress.com/title/ivy
Anbefalt på det varmaste.
Ivy
Av Sarah Oleksyk
ISBN : 978-1-934964-59-0
230 sider
19.99 Dollar
Oni Press
USA/ Engelsk
(Innkjøpt via www.bookdepository.co.uk)

RAPTUSGJESTER: EMILY CARROLL OG KATE CRAIG <- Eldre | Nyere -> ELINS KAMP




