Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

OCX-GJEST BRANDON GRAHAM (15.05.13 )

Ein veldig omstillingsdyktig amerikanar på OCX.

Av: Knut Robert Knutsen

Brandon Graham er ein amerikansk serieskapar med eit variert utval av alt frå alternative serier til erotiske serier og vidare til Image superhelt-serie.

Eg kan ikkje påstå å ha lese så mange av seriane hans: delar av Multiple Warheads, King City og Perverts of the Unknown (som ikkje heilt var det eg hadde forventa etter King City). Og no nyleg «the Speaker» i nye Dark Horse Presents nr 7.

Graham er ein tidlegare grafittikunstnar, som nok forklarar ein del av stilen i King City. Der er ein del likskaper med manga, futuristisk landskap, rare dyr (hovudpersonen Joe dreg heile tida rundt på ein veldig Kawaii «copy cat») og ekstreme situasjonar, men for min del så kjenner eg att ein del av dei forvrengde perspektiva, dei opne figurane og stiliserte formene frå min beskjedne kjennskap til grafitti og dei urbane landskapa den fungerer i. Enkelte av figurane har ein saftig, mjuk kroppslegheit som minnar litt om serieskaparen Vaughn Bodè, ein favoritt av det tidlege grafittimiljøet. Spesielt gjelder det i måten Graham teikner attraktive kvinner.

Dette særeigne futuristiske miljøet vert så fylt opp av sære figurar og hendingar avbrutt av forbløffande vanlege, jordnære situasjonar. Som gir serien både spenst og ein viss naudsynt «realisme».

Den korte serien «the Speaker», som er rimeleg fersk, visar ei anna side av Graham. Dette er ein moden, teknisk dyktig serieteiknar som brukar som utgangspunkt ein lett gag der stemma til ein mann stikker av og kjem attende etter mannen døyr for å verte konfrontert med forskjellige gjenlevande trekk ved mannens psyke. Denne gagen vert utvikla på ein måte som først er lett morosam for så å verte forbausande effektiv.

Stilen denne er teikna i har trekk av Daniel Torres sine detaljerte og surrealistiske miljø eller den typen designmessige historieeksperiment ein ser i Joost Swarte eller David Mazzuchelli (for å nytte to litt mindre eksakte eksempel som kanskje er meir kjende ved at dei er utgitt i Noreg). I alle høve ei meir «Europeisk» tilnærming. Det viser ein stil som både er strammare og meir kompleks, og innhald som er meir reflektert enn dei eldre seriane hans, utan at det har mista den leikne tonen og kjenslemessige nerven.

Elles har Brandon Graham visstnok skrive ein del godt mottekne nummer av Image-serien «Prophet», ein av Liefeld’s gamle seriar. Desse har eg ikkje lese så dei får ein kome attende til.

Men ei variert karriere med ein sterk utvikling, vil eg seie.

King City 1-2
av Brandon Graham
32 sider
2.99 dollar (kvar)
Image Comics/Tokyopop

Dark Horse 7
Redaktør: Mike Richardson , teikneserier av diverse
84 Sider
7.99 Dollar
Dark Horse Publishing

divider
  1. Grahams Prophet er helt klart verdt å få med seg. Den har forsvinnende lite med Liefelds serie å gjøre.


    Tor    15. May 2013, 21:39    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)