OCX 2013 - EIT FASCINERANDE MYLDER (10.06.13 )
Rapport frå festivalen: Eit blikk på stands.

Alle bilete er tekne av Knut Robert Knutsen, unntatt der anna er markert, red. anm.)
Programmet til OCX 2013 sine foredrag og liknande har vore godt tilgjengeleg så dei fleste har vel fått med seg kven som var der, viss ikkje så finner ein det her:http://www.oslocomicsexpo.no/2013/program.html
Vi kjem som de allereie har sett inn på innhaldet av desse føredraga i eigne tekstar, men der var mange flinke folk med mykje fint på stands òg. Dette er det eg fekk med meg (det var ikkje alle eg fekk snakka med, og av dei eg snakka med var det ein del eg fekk veldig uklare bilete av så viss der er folk som har eigne inntrykk og bilete, send gjerne ein link og del det med oss.)
Eg kom til byen på morgonen, fekk meg innsjekka tidleg på hotellet og gjekk meg vill på veg frå Grensen til Schous plass, men kom no fram til ca 1130.
For ordens skuld – dette biletet av utsida er tatt på kvelden etter at festivalen var slutt.

Eg var då for seint ute til å få med meg foredraget om Tronsmo, men eg nytta høvet til å starte runden i andre etasje, frå baren «Drinky Crow» og innover.
STANDS
Der traff eg først på Øyvind Skretteberg frå Norsk Tegneserieforum som mellom anna står bak Sproing-prisen og Bobla. Han delte ut eksemplar av Bobla og prøvde å rekruttere nye medlem til foreninga.

Ved sida av sat Michal DeForge, ein hardt arbeidande, reflektert og sprudlande kreativ kanadier, med eit godt utval av flotte teikneseriar. Han var allereie i full gang med å teikne skisser og snakke med publikum.

http://michaeldeforge.wordpress.com/
Helsinki Comics Festival var representert ved Otto Sinkalo og Maura Manninen. Dei hadde med eit godt utval finske teikneserier, frå mini-comics til større saker. Den største er vel Finnish Comics Society sin nordiske barneserie bok, oppfølgaren til Kolor Klimax, der mellom anna Anna Fiske er med.
Dei kunne fortelje om ein stor og levande Helsinki festival og eit variert festivalmiljø. Festivalen er 6-8 September.

http://sarjakuvafestivaalit.fi/in-english
Tvers over gangen sat Gustav F Andersson og Siri Kristiansson frå foreningen «Unga serietecknare i Sundsvall» frå Västernorrland. Dei hadde med seg dei tre første nummera av serieantologien «Dimma».
Dei kunne fortelje om eit lite, men entusiastisk seriemiljø i dei traktene, dei hadde støtte for å få utgitt desse hefta og utvalget er basert meir på geografi enn på at ein måtte vere i ein bestemt sjanger.
Når det er sagt så var det i Dimma 3, som eg las, mykje som gjekk i retning av Forresten , og kanskje ein ting som var meir i retning Überpress. Nokre naive stilar ute og gikk, men dei fungerte, elles var det collage og ein del som var veldig, veldig bra teikna.

http://seriedimma.wordpress.com/
Innanfor døra til hovudmyldreområdet traff eg på ein trønder, no busett i Stockholm og i arbeid som reklameteiknar, som hadde med seg ein barneserie kalla «Bestiser» som han hadde trykt opp på både svensk og norsk.
Den såg ganske lekker ut.

http://cargocollective.com/kennethlarsen
Så måtte eg svinge innom Bård Lilleøien og få med meg Ninjaduck 1 og 2. Han selde òg alle fire bind av Dadaph Seraph, men dei har eg frå før. Eit hyggeleg gjensyn og han sat der då heile dagen og teikna og signerte.
Ved sidan av han fann eg ein særs spanande teiknar ved namn John Hoelstad Dæhli.
Hans flott innbundne bok SHKS er ei samling dagboksillustrasjonar som viskar ut skillet mellom skissebok og teikneserie. Ein kan lese den berre som ein serie skisser, men det er noko med samankoplingane der som tvingar ein til å sjå den som ei vandring gjennom besjela rom. Minna mykje om Dave Mckeans forteljarteknikkar i dei reine penneteikningsdelane av Cages.
http://www.norske-grafikere.no/Pages.aspx?pageID=3699
Ved sidan av dei to sat serieforfattaren Glen Møane. Han skriver sine eigne teikneseriar som han utgir i USA, på engelsk. Han fortel at han fann ut at viss han skulle bryte igjennom så var det luraste han kunne gjere å berre skrive ein serie, hyre inn ein teiknar og setje igang. Etter det så har han fått ein del oppdrag ved sidan av.
Han skriver hardkokte genre-serier, skrekk og krim, av type B-film. Fekk litt lyst til å ta han under armen og bere han ned til Überpress i etasjen under.
http://glennmoane.blogspot.no/
Festivalen hadde òg besøk av to representantar frå det Belgiske seriekollektivet «Tieten Met Haar» (Pupper med hår) : Val Gallardo og Jana Vasiljevic.
Namnet vert brukt litt humoristisk, på forsida av første nummeret illustrerer dei det med ein litt eldre, overvektig mann med «mannepuppar» og kroppen dekka av hår. Langt ifrå det «Bimbo» imaget som begrepet eigentleg dekkjer.
Flotte fanziner med eksempel frå ca 20 medlemmer i dette kollektivet, starta rundt eit kunstskulemiljø og så laust forauka med vener og kjende.
Spesielt interessant i bind nr 2, som var det eg las, var risografi-trykken som var merkeleg hypnotisk med sine til tider upresise overlappingar av former. Som 3D-teikningar, berre at ein ikkje fekk utdelt briller. Dette var enkelt-illustrasjonar av forskjellige kunstnarar men likevel så fekk ein ei kjensle av at det hang saman.

(foto: Trond Sätre)
http://tietenmethaar.blogspot.no/
Kjetil Galleberg hadde stand for galleriet og forlaget sitt og sat der saman med malaren Allan Vaiga.
Vaigas maleri skulle kome i bok snart, og elles hadde Galleberg mykje anna å vise fram. Der var «Merzine» ei fanzine med ein kort «utredigert» sekvens fra Herr Merz i uvant laus skisseform. Pen. Det var nydelege Herr Merz originalar til sals, utanfor min prisklasse, men absolutt ikkje overprisa.

Elles kunne han vise fram eksempel frå Astrid Mørlands «Nesevis», med interaktivt nesespill og greier. Spenstige saker.

Serieskaparen Laszlo Seber kunne fortelje om sitt nye prosjekt: «Tegetthoff», eit av fleire frå ein Norsk-Ungarsk Vennskapsforeining. Det er ein serie om ein Austerriksk-Ungarsk polarekspedisjon som vert låst fast i isen.
Det er ein del av eit større prosjekt for å lage teikneseriar basert på historier med overlapping mellom Austerrike-Ungarn og Noreg. I dette tilfellet så var ein av mannskapet ein norsk islos ved namn Elling Carlsen.

(foto: Trond Sätre)
http://www.talenthouse.com/rozsomak
Ved sidan av Seber sat Lars Schwed Nygård med stand for sitt digitale prosjekt : Ontonauts, medan teiknaren på teamet, Pål Roska, veksla mellom å sitte på stand der og å signere på stand hos Überpress.
Meir veit eg dessverre ikkje om det.
Der var ein del andre der i andre-etasjen, slik som Max Estes

Og karane bak Urban Legend

og nokon som hadde svenske seriar.
Opplysningar om desse standsene mottakast med takk.
I første etasje, (utanom foredraga) så var det mest butikkar.
Jason sat på stand med Magikon (fekk ikkje nokon klare bilete av dei, dessverre)
No Comprendo hadde mykje flott i år òg. Her under eit stille augeblikk før festivalen kjem i gong for fullt.

http://www.nocomprendopress.com/
Henry Bronken signerte si nye bok «Made in Karasjok» på Jippi sin stand.
Seriebutikken hadde stand i hjørnet ved sidan av. Sven Furu var ikkje til stade då eg var der, det var derimot Øyvind Braaten. Godt utval av klassiske greier.

Alexander Leborg stod på stand og viste fram Minuskel sitt flotte utval av seriar. Inkludert den nyleg Sproing-vinnande «Skyttergravskrigen» av Tardi. Han hadde ikkje noko nytt til sjølve festivalen, kunngjeringar om nye ting fekk vente av praktiske årsakar, men han lova at han var motivert til å fortsetje å oversetje og gi ut liknande kvalitetsseriar.

http://www.minuskel.no/
Ida Johannessen frå Film Fra Sør stod på stand og fortalde om sine teiknefilmsatsingar og Mangapolis. Japan fell vanlegvis ikkje inn under «sør» omgrepet, men ad omvegar og arbeid med film frå andre asiatiske land så hadde ein likevel kome borti anime. Mangapolis er visstnok eit veldig populært tilbod som trekk særleg mange ungdomar.
http://www.filmfrasor.no/stiftelsen/
Ellen Irene Kleppaker frå Bjerkely Folkehøgskule sat på stand for å opplyse om denne særeigne skulen for foto, animasjon og teikneserier. Ho viste samstundes fram ein katalog over elevarbeid som viser at der er eit høgt nivå på mange elevar derifrå, så får ein berre sjå kva mogelegheiter dei får i marknaden.
http://www.bjerkely.fhs.no/
Fredrik Rysjedal, kjend (eller ukjend) frå Teikneseriehovudstaden saman med Kim Holm (som sat ved sida av) og Eirik Andreas Vik (som ikkje var der) selde diverse fanziner, mellom anna Playground av Berliac.
Kim Holm viste fram Pickman’s model att og nye samlingar av diverse materiale.
http://www.fredrikrysjedal.no/
Outland hadde stand og signeringar med hovudgjestane.
På standen sin selde Bergensforlaget Überpress dei to antologiane Überviking og Geir Onimo. Her er det Johannes Grimstvedt, Are Edvardsen og Pål Roska som signerer.

Og det var alt eg fekk med meg av det som var på stands. Del gjerne dykkar eigne opplevingar av OCX og linkar til anna som kan vere av interesse.
Eg synast det var ein flott, intim festival med mykje godt og uvant. Ein del som overlappa andre områder enn teikneseriar, men det er berre positivt. Mange nye namn.
Og som vanleg brukte eg meir enn eg har råd til på teikneseriar.

FØR OG ETTER "SWEET TOOTH" <- Eldre | Nyere -> OCX 2013 - SCOTT MCCLOUD





