OCX 2013 - SCOTT MCCLOUD (11.06.13 )
McCloud fortel om sin prosess.

Klokka 17 på OCX fekk vi gleda av eit intervju med Scott McCloud.
Intervjuar var Erle Marie Sørheim.
I løpet av ein times samtale med Sørheim førte McCloud oss igjennom si historie og utvikling som seriefan, serieteiknar og «entusiastisk amatør» (som han sjølv uttrykte det) på teikneserie-teorifeltet.
Han skildra seg sjølv som noko pretensiøs som gutunge med ein ovanfrå-og-ned haldning til seriar til han støytte på seriar av teiknarar som Jim Steranko.
Steranko snudde amerikanske teikneseriar på hovudet med sine slåande design-teknikkar på relativt få seriar på slutten av 1960-talet. Hovudsakleg serien «Nick Fury- Agent of Shield». Steranko var òg ein tidleg teikneserie-historikar og hans to binds «History of the Comics» i tabloidformat der han mellom anna ser på tidlege handverksteknikkar i amerikanske teikneserie-sweatshops vert rekna som eit skjelsetjande verk.

McCloud skildra korleis han jobba hardt med å lære seg å teikne, forma eit tidleg vennskap med Will Eisner og fekk seg jobb som lærling i produksjons-avdelinga på DC Comics før han endeleg satsa på eiga hand med serien Zot!
Avgjerande for den delen av hans utvikling var at han støytte på mange forskjellige typar seriar, inkludert manga, som den gongen berre var å oppdrive i japanskspråklege bind, i hans tilfelle gjennom ein kamerat som hadde tatt med manga attende frå ein tur til Japan.
McCloud skildra korleis han etter kvart formulerte idear utifrå dette som han nytta som utgangspunkt for si eiga læring, og korleis han etter kvart byrja å samle desse i korte teikneserienotat til han hadde ei så tung mappe med skisser at den truga med øydeleggje arkivskuffa.
Kjerna i dei første 10-12 punkta han formulerte var at dei teikneseriane han hadde lese som verkeleg engasjerte han, som manga, ikkje handla om at ein las om ein karakter og kva han gjer, det handlar om å «vere karakteren»
Dette førte etterkvart til den første teoriboka hans «Understanding Comics».
McCloud var veldig kjapp på å peike på alle sine feilskjær og naive forenklingar i bøkene (han meinte at Japanarane når dei las boka hans sikkert rista på hovudet over hans framstilling av «austlege designprinsipp» ) og alle sine inspirasjonskjelder. Men han sette pris på at folk framleis syntes å meine at boka fungerte trass i det.
Bruken av seg sjølv som forteljande «lærar» i bøkene var til dømes inspirert av Larry Gonicks «Cartoon History of the World» (eit konsept som Gonick òg har nytta med stor suksess i diverse bøker om realfag og andre akademiske emne).
Den tredje boka «Making Comics» er ei meir praktisk tilnærming til faget, basert på prinsippa i Understanding Comics og det McCloud hadde lært i kjølvatnet av den. Ei handbok for serieskaparar som ikkje handla om strek og korleis å teikne som alle andre, men om korleis å tenke seg igjennom historieforteljing og genre-val.
Han meinte at i stor grad var målgruppa hans for «Making Comics» kvinnelege serieskaparar, sidan kvinner statistisk sett leser meir, der var ein ny generasjon med jenter flaska opp på manga som ville vere interessert i å satse på teikneseriar og der gutar likar å berre hive seg uti slike ting og lære undervegs så er jenter ofte interessert i å lese seg opp på ting og vere flinke før dei startar.
Han sa òg at for han var Making Comics «the ultimate self-help book, I was helping myself.» (« det var den fullendte sjølvhjelps-boka, eg hjalp meg sjølv») fordi han lærte like mykje ved å skrive den og tenke gjennom ideane i den som han håpte lesarane ville.
McCloud uttrykte òg at han framleis hadde ein plass i hjartet for si mellomste bok, «Reinventing Comics», trass i at han opplevde at han hadde vore så sein med å få den ut at dei ideane han hadde snakka opp elles når dei var nye, var gått ut på dato når boka kom i sal. Så rask var den digitale omveltinga.
Han kom i siste delen av samtalen inn på «the Infinite Canvas» («det uendelege lerretet») og dei særeigne tinga ein berre kan gjere med digitale seriar.
Poenget til McCloud er at når ein lagar seriar så må ein «design for the device». Det vil si utforme teikneserien etter korleis ein har tenkt å publisere den. Skjerm eller bok. Med sine eigne greier så seier han at viss han utformar noko for ei bok, så er han ikkje så veldig interessert i å sjå ein digital versjon som berre er dei same sidene scanna inn og presentert. Og om han lagar noko for nett så gjer det ikkje noko om dei ikkje går an å presse inn i bokform seinare.
Som han seier, «some things will only ever make sense on a screen».
Det er her Ida Neverdahls «How to be an artist vert trukke fram som eit eksempel»
Deretter kom McCloud litt inn på framtidige prosjekt: ei fiksjonsbok der han som 52-åring teiknar ei historie som han kom på som 25-åring, noko som han ser på som ei interessant øving i sjølvrefleksjon. Han held og på med «sakprosa» om visuell kommunikasjon utanfor teikneseriane, ting som er til felles for fleire felt innan visuell design, og over fleire plattformar. Noko som synast interessant.
Eit veldig interessant intervju og dette samandraget kan berre delvis gi inntrykk av dei mange ideane han presenterte i løpet av desse 45 minutta.

OCX 2013 - EIT FASCINERANDE MYLDER <- Eldre | Nyere -> OCX 2013 - NOBROW





Hvorfor trodde jeg at Scott McCloud hadde stått for illustrasjonen øverst? Er jeg idiot, eller …?
— IpComics 12. June 2013, 08:25 #
Illustrasjoneb øverst (av Michael DeForge) er plakaten til OCX og vert brukt her for å merke dei saken som er OCX rapportar.
Dei seriane Scott McCloud faktisk har laga kan finnast her:
http://scottmccloud.com/1-webcomics/index.html
— Knut Robert Knutsen 12. June 2013, 08:37 #