Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

JULEHEFTER 2013: DISNEY (22.11.13 )

Ei variert samling godsaker frå Andeby.

Av: Knut Robert Knutsen

Egmont køyrer som vanleg ut ein god del Disney Julehefter. Dei har dei siste åra satsa mykje på å stramme opp kvaliteten i desse hefta med mellom anna Hall of Fame og klassisk Mikke og Langbein av Floyd Gottfredsson, som no dessverre formelt er vekke, men dei har likevel lagt nivået høgt i år.

Donald (norske historier): Kampen om Jula

Det heilnorske Donald-innslaget frå Arild Midthun og hans Pro-Ducksjonsteam er ei Dickensiansk forteljing om Skrues barndom. Skrue fortel sjølv ei historie sett til den gongen han var tolv og selde torv som brensel i Glasgow (for dei som vil plotte den inn i forhold til Skrues Liv). Saman med den foreldrelause Brenda prøvar han å finne ein måte å redde Sælebot Barnehjem for Småpiker frå økonomisk ruin.

Dette er ei spanande forteljing med tidsriktig stemning og miljø, som ikkje legg skjul på korleis det var for foreldrelause på den tida, og slik er i beste bittersøte Barks-tradisjon. Riktig mengde humor, mysterie og action, dette er etter mi meining årets beste julehefte.

Skrues Barndom: Kampen om Jula
Manus av Knut Nærum og Tormod Løkling, Teikna av Arild Midthun
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

Carl Barks Jul

Carl Barks er alltid verdt å lese. Av dei 3 historiene er det kun Petter Smart i «Ferie på Landet» som ikkje er direkte julerelatert, men så er den til gjengjeld den beste av dei. «Donald Duck danser Cha-Cha-Cha» og «Donald Duck i Lekeland» er middels fornøyelege Donald historiar illustrert av Barks. Middels på ein Barks-skala sjølvsagt, likevel ein grei introduksjon for dei som ikkje har lese så mykje av Barks.

Carl Barks Jul
Av Carl Barks og diverse
Forord av David Gerstein
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

Donald Duck & Co

Hovudhistoria er ein Ducktales historie av Vicar, i tillegg ser vi mykje bifigurar som Klodrik (av Tony Strobl), Storeulv og Pluto. Eit litt anna utval enn vekebladet, men ei grei blanding av Hall-of-fame skaparar og eldre seriar som ikkje tidlegare har vore publiserte. Mest for ein eldre generasjon Disney-fans.

Donald Duck & Co
Av Diverse
Forord av David Gerstein
32 Sider
Kroner 49,90
Egmont Kids Media

Donald Duck: God Gammel Årgang

Ei god blanding av Al Taliaferro sundagssider, men berre ei med vintertema. Kvaliteten er jamnt over høg, men dei lange ordlause sekvensane og dei eldre kulturelle referansane er vel ikkje for dei minste.

Donald Duck: God Gammel Årgang
Av Al Taliaferro
32 Sider
Kroner 49,90
Egmont Kids Media

Walt Disney’s Julehefte

Mykje bra her, og igjen er Hall-of-fame ei naturleg referanseramme- Ei Langbein-side av Gottfredsson, Donald av Bas Heymans, Skrue av Vicar og Mikke av Paul Murry, dette er eit bra utval. Min Favoritt var likevel ein lengre Basil Mus detektivhistorie i klassisk britisk «forbrytelse i eit herskapshus på landet» stil av Jan Kruse og José Antonio Gonzales.

Den litt merkelege miksen gir heftet eit litt ujamnt preg, men kvar for seg er dette gode historier.

Walt Disney’s Julehefte
Av diverse
Forord av David Gerstein
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

Onkel Skrue

Igjen er referanseramma Hall-of-Fame, med Romano Scarpa, Vicar, Bas Heyman. Daniel Branca, Al Taliaferro og Carl Barks. Jamnt over gode historier og veldig julete innhald, etter mi meining det beste av dei tre «blanda» heftene til Disney.

Onkel Skrue
Av diverse
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

Donald Ducks Julehistorier (pocket i stive permar)

Dei vanlege hefta har julehistorier av vekeblad-teiknarane, her er det dei italienske pocket-forfattarane og -teiknarane som står for tur.

Eg tør særleg anbefale Gaja Arrighini og Georgio Cavazzano si Guffen-historie «Nyttårsmiddagen» og Alberto Savini og Stefano Turconi sin utsøkte Moby Duck historie «Fest-fyrverkeri» (som har eit veldig gjennomarbeida miljø og tiltalande karakterar).

I historia «Sydpolferdene» sender Professor Zapotek Mikke og Langbein tilbake i tid til Scott og Amundsen sin Sydpol-ekspedisjon i ei historie av Sergio Badino og Antonello Dalena som er verd å få med seg for å få svar på spørsmålet «kven kom først til Sydpolen?» Svaret vil kanskje overraske deg.

Donald Ducks Julehistorier
av Diverse
258 Sider
Kroner 79,90
Egmont Kids Media

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)